Aksel Hennie Foto: Berit Roald
Aksel Hennie Foto: Berit RoaldVis mer

Aksel Hennie må få oss til Mars

Norge har sjansen nå

Meninger

NASA har annonsert at dei har funne spor av rennande vatn på Mars. Det er sensasjonelt nytt. Tilfeldigvis er det også perfekt timing i høve til Ridley Scott (Alien, Blade Runner, Gladiator) sin nye film The Martian, der Aksel Hennie spelar tyskar på romoppdrag, og Matt Damon spelar amerikanar som må halde seg sjølv i live på Mars i årevis. Filmen er visstnok ei einaste lang orgie i praktisk problemløysing, og det visuelle talentet Ridley Scott har visstnok fulgt manuset lojalt, så ein treng ikkje frykte ei like kaotisk historie som i Scott sin førre romvisitt, Prometheus.

Filmen er basert på Andy Weir si bok med same namn, og quora-kjendisskribent Alex Lightman har kalt Weir den personen han har prata med som veit mest om Mars. Lightman er ein ivrig talsmann for alt som er nerdete og vitskapsbasert, og har intervjua dei fleste som kan tenkjast å kunne noko om Mars, inkludert Elon Musk.

Elon Musk er fyren som - fram til no - har dei mest realistiske planene om Mars-kolonisering, og han har vore vanskeleg å avvise fordi han parallellt med sine ville visjonar også har oppretta eit romselskap som faktisk går bra, og ein elektrisk bil som er kåra til verdas beste bil, punktum. Den fryktinngytande gjennomføringsevna til Musk har gjort idéen om å gjere livet multiplanetært til ein normal, populær tanke og ikkje berre noko som vert snakka om på sci-fi-klubbar medan ein maler Warhammer-figurar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Filmen The Martian er, får ein håpe, endå eit steg mot å gjere denne utopiske tanken folkeeige. Det er også brei konsensus mellom dei som bryr seg om det at å kolonisere Mars vil medføre enormt mange nyttige bieffekter, på same måte som NASA sitt arbeid med å besøke månen skapte enorme mengder verdifull teknologi som var svært nyttig på jorda vi lever på i dag. Det er altså tull å seie "dei bør fokusere på planeten vi lever på", for det å strekke seg mot eit vanvittig mål er ein ekstremt effektiv måte å skape teknologisk vekst.

Timingen kunne ikkje vore betre, og ein kan tenkje seg at NASA har venta med det til dei kunne gje The Martian-filmen mest mogleg PR, fordi dei ser at filmen er i deira interesse. Folkeleg støtte gjer fleire skattekroner.

Ein kan også tenkje seg at Aksel Hennie inviterte NASA på fest, skrudde på sjarmen og sa «ville det ikke vært SYYYKT FETT om dere bare venter to måneder til med å si de greiene med vannet?» Om han i tillegg gjer det same med Erna og Siv ... Frp vil jo blåse oljefondet på ein kul ting uansett, Høyre diggar teknologisk gründing, og gjekk glipp av den vekst-sjansen som dei meinte eit Oslo-OL ville vere. Det er ikkje definert kven som skal eige Mars enno.

Lightman sitt forslag er at nasjonen som brukar mest pengar på å kome dit skal få mest eigedomsrett. Noreg kunne fått Svalbard, Nordpolen og Mars. Kor kult er ikkje det?