Alder og kjønn

ERLING FOSSEN skriv i Dagbladet 10. og 19. juli. Han klagar over at Klassekampen slepper til «tilårskomne herrer i alle aldre med et antikvert kvinnesyn.» Nemnde er «merkelige fremtoninger som for eksempel Jon Hustad, Nils Rune Langeland, Bjørn Vassnes, Ottar Brox og Kåre Lunden», nokre også kalla «mumifiserte (...) åttende og niende far i huset», Vi har uheldige synspunkt, særleg på globalisering og nasjonalstat, forutan på likestilling.Det kan hende at Fossen berre meiner å servere ein sommarleg agurksalat. For det tilfellet at han skal takast alvorleg, vil eg, som ein av dei omtala, få spørje:

KVA OMSYN til alder og kjønn bør ein avisredaktør ta når han vurderer om noko bør prentast?Dersom Fossen skulle meine at ein redaktør berre bør vurdere innhaldet, ikkje alder og kjønn på skribenten, kvifor er Fossen då så oppteken av å tale om alder og kjønn på skribentane?Kan Fossen spesifisere nærare kva for synspunkt på globalisering, nasjonalstat og likestilling som aldri bør få kome på prent?

TILLEGGSSPØRSMÅL: Kva for granskingar har Fossen utført, som viser at Klassekampen er mindre liberal enn andre norske aviser, når det gjeld å sleppe til skribentar av varierande kjønn og alder, med ulike syn på dei nemnde emna? Korleis er tala? Kva er i tilfelle gale med å vere liberal? Fossen har identifisert tre hovud på Klassekamp-redaktør Bjørgulv Braanen. Det høyrest nokså optimalt ut? Det ideelle hadde vore, dersom kvar offentleg debattant hadde vore utrusta med i alle fall eitt fungerande hovud, utan omsyn til alder og kjønn?