MIDDAG: Dei små tullepartia hadde sett fram til å få servert Anders Anundsens hode på eit fat.
Foto: Audun Braastad / NTB Scanpix
MIDDAG: Dei små tullepartia hadde sett fram til å få servert Anders Anundsens hode på eit fat. Foto: Audun Braastad / NTB ScanpixVis mer

Aldri mer 8. april!

Han sto som ein bauta med kniv i ryggen.

Kommentar

DENNE VEKA har Venstres landsmøte vore deadline for Anders Anundsens politiske asyl og opphaldsløyve i Erna Solbergs regjering med uavklart identitet. Så stor merksemd, med tilbakeverkande kraft, har ikkje det vesle tullepartiet hatt sidan EF-sprekken på Røros i 1972.

LANDSMØTA i det gamle og mangfoldige Venstre var dei mest populære blant journalistar. Der var temperaturen høgast, dei interne debattane hardast og mest uforsonlige, den nattlige fraksjoneringa mest intens og nachspiela mest langvarige. Fuktige kulturradikalarar som avslutta landsmøtefesten søndag føremiddag, møtte bedehusflokken på veg til gudsteneste klokka 11.

VENSTRES LEGENDARISKE høvding, Bent Røiseland, blei ikkje statsminister i den borgarlige samlingsregjeringa i 1965. Høgre gjekk inn for staurberaren Per Borten, noe dei kom til å angra djupt. Røiseland blei som trøyst såkalla felles parlamentarisk førar og leiar av utanrikskomiteen. Han hadde god oversikt over indre og ytre misjon og Kanaans land, men elles var ikkje utlandet hans heimebane. Men han var konsekvent — i motsetning til den urbant fromme Erling Wikborg frå Oxfordbevegelsen og Kristelig Folkeparti, som var utanriksminister i John Lyngs fire vekers regjering i 1963. Det var med eit peik til Wikborg at Røiseland så syrlig sa: «Eg er fråhaldsmann i udlandet og, eg».

VIETNAMKRIGEN var ein verkebyll for den USA-vennlige Røiseland som hadde sine formative år under den første verdskrigen. Då han blei gått hardt på klingen av SF-aren Theo Koritzinsky i ein fjernsynsdebatt om napalm og andre sider ved den amerikanske krigføringa, hadde Røiseland bare eitt svar: «Ikkje gæss». Han var i så måte meir konsekvent enn Arbeiderpartiets klimaprofet Janus Gahr Støre. Han er som kjent mot å utvinna gass på norsk sokkel, men bare når det er ulønsamt.

PÅ EIN MIDDAG for fire i Parkveien onsdag kveld hadde dei små tullepartia sett fram til å få servert Anders Anundsens hode på eit fat. Men Erna Solberg skal ha skore gjennom slik at det blei semje om kor mange asylbarn som kan ofrast på samarbeidets alter. Dagen etterpå sto dei mutte og slitne fram i samla flokk og forsikra om at nu går samarbeidet om forsvar av regjeringa så meget bedre — under mottoet: «Aldri mer 8. april».

FREMSKRITTSPARTIET og den korsfesta Anders Anundsen med kniv i ryggen, som ifølge Erna Solberg sto som ein bauta i stormen, har også fått sine gevinstar i den asylpolitiske lottoen. Det skal bli strengare reglar for familiegjenforening for å hindra bigami. Men med unntak for konstellasjonar med ein tynn og vesal mann og tre staute kvinner. DEN FORDUMS Jern-Erna minner