SPELTEORETIKAR: Og sikkerheits skuld, australsk statsborgar. Foto: AFP PHOTO/LOUISA GOULIAMAKI.
SPELTEORETIKAR: Og sikkerheits skuld, australsk statsborgar. Foto: AFP PHOTO/LOUISA GOULIAMAKI.Vis mer

Aldri på ein søndag

Eg håper ingenting, eg fryktar ingenting, eg er fri.

Meninger

DENNE SOMMAREN har ein vore i Hellas. Som i alle år sidan oberst-regimet fall i 1974 og grekarane kvitta seg med Pattakos og Papadopoulos. Det er litt komisk, men ein har hatt det like godt og trivelig som alltid, mens det greske dramaet nærma seg tragedie. Sola skein, ruinane var pynta opp, oliventrea nynna, til og med Retsinaen smakte. Det hende sågar at ein fekk kvittering, og minibankane var sjenerøse mot utlendingar. Slik er det å ha kontante euro og reisa på turistklasse i Lakonia. Gamlemor på krakken på hjørnet såg like mørkt som alltid på stoda, men det var ikkje tyskarane ho frykta; det var som før at tyrkarane skal koma tilbake. Butikkeigaren med diger Ja-plakat  på veggen mora seg med å henta fram bilde frå nettet av det overdådige huset til den motorsykkel-kjørande og rikt gifte Yanis Varoufakis, spelteoretikaren som for sikkerhets skuld også har australsk statsborgarskap.

DET ER ILLE, og verre kjem det til å bli, sa dei, men vi får gjera det beste ut av det, mens dei driv på med sitt der inne i Aten. Haldninga minner om den lakoniske innskrifta på gravsteinen til Zorba-diktaren Nikos Kazantzakis: Je n'espère rien, je ne crains rien, je suis libre. Eg håpar ingenting, eg fryktar  ingenting, eg er fri. ingen ropa på oberstar, og dei kjem nok ikkje tilbake heller. For kva skal vel tysk finanskapital og greske oligarkar med kupp frå ein junta når dei har ein troika som kan bana veg for eit gyllent daggry. Troikaen har pålagt Hellas å innføra høg moms-sats og søndagsåpne butikkar. Det skal vel også gjelda for prostitusjon. Kva tid skal då horene i Pireus få kvila? Slik Ilya alltid gjorde på søndagar, i den seinare kulturminister Melina Mercouris skikkelse, med musikk av Manos Hadjidakis. (Ja, for det var han, og ikkje Mikis Theodorakis, som i 1960 fekk Oscar for Ta Paidiá tou Peiraiá.) EU-kommisjonen har på nytt plassert kommissærar i regjeringskontora i Aten for passa på at grekarane bruker vekepengane sine forsvarlig. Det er meir gjennomført enn i Norge, for her har vi bare Vidar Helgesen.

ORAKLET I DELPHI prøvde ein å venda seg til for å få vita kordan det kjem til å gå. Men svaret var like tvitydig som hadde det kome frå Jonas Gahr Støre. Den tidligare og dialogiske utanriksministeren, som har hatt individuelt medlemskap i EU sidan tidlig på 80-talet, prøvde først å manøvrera mellom Skylla og Karybdis ved å skjella ut Jens Ulltveit-Moe og Alexis Tsipras etter tur. Så slo han seg frivillig saman med Knut Arild Hareide og gjorde Gud. Dei drog på stemne i Sarons dal, underet som blei skapt då den gamle syndaren og AUF-aren Aril Edvardsen fekk ei åpenbaring om å dra ut i verden for å vitna om Jesos, utføra mirakel og gjera ein forskjell. Men det er stadig minst 7 x 70 steg mellom verdensevangelisering og norsk kommunevalkamp.