ROTLØS UENIGHET: "Noen vil være treet, andre vil være huset" i månedens dikt for august - et dikt som "utviklar seg på fabel-aktig vis", ifølge diktlærer Helge Torvund. Foto: Linda Næsfeldt
ROTLØS UENIGHET: "Noen vil være treet, andre vil være huset" i månedens dikt for august - et dikt som "utviklar seg på fabel-aktig vis", ifølge diktlærer Helge Torvund. Foto: Linda NæsfeldtVis mer

Alle er uenige med alle i det beste augustdiktet

- Diktet utviklar seg på fabel-aktig vis, begrunner Helge Torvund.

Juryen hadde mange sterke finalister å velge blant når månedens dikt for august skulle kåres. Likevel var valget unisont, og falt ned på diktet «Dette følger deg videre; ingenting må stenges» signert såkalte y-bergenser.


Les diktet:

Dette følger deg videre; ingenting må stenges

I et dukkehus forstår du at du ikke får puste
om ikke døren står åpen.

Dette følger deg videre:
Ingenting må stenges.

Et tre har slått rot utenfor et hus
Noen har bygd et hus, og slått rot.

Du drikker et glass øl og sier:
Ingenting er umulig. Bare se på treet utenfor.

Alle er uenige med alle.
Noen vil være treet, andre vil være huset
ingen har like begrunnelser.

Jeg vil være døra sier jeg
og de andre tier. De tar en slurk av sine egne glass og nikker.
De har ikke forstått noe.

Les juryens kommentar:

Fabel-aktig
«Et dukkehus» vil i litterære samanhengar naudsynleg gje assosiasjonar til Ibsens stykke «Et dukkehjem», og det er også godt mogleg å sjå opninga av dette diktet i ei slik ramme, i og med at det var tungt å puste for Nora i den innestengde atmosfæren i hennar ekteskap. Valet hennar stod mellom det å bli verande og underkasta seg, eller å gå og erobra ein fridom.

Men dette diktet tek andre vegar og utviklar seg på fabel-aktig vis til eit underleg og fascinerande lite univers der tre og folk og hus nærast slår rot på same tid og måte.

Så er det etablert ein heim ved eit tre, der har ein røter; folk kjem saman, drikk øl og er usamde. Vil ein vera tre eller hus? Vel, den som talar i diktet vil verken vera huset eller treet, men døra. Det som opnar opp mellom ulike rom. Og her er det mest snakk om å opne, ikkje om å stenge. «Ingenting må stenges» heiter det alt i tittelen.

Og dei som vil vera hus eller tre nikkar. Men siste linja fører inn ein avstand straks det er ei tilsynelatande semje. Ei oppdeling mellom eg og dei. Dei har ikkje forstått noko. Nikkar dei i dokkehuset? Er dei nikkedokker?

Og denne oppdelinga, denne avstanden, oppstår ikkje så lenge valet står mellom to alternativ, så lenge alle er usamde med alle i ei velkjend dualistisk usemje. Nei, det er når den eine vil noko tredje at det vert ugreie. Dette kan ein lesa som det å stå for «eit tredje alternativ», å overskrida den etablerte polariseringa. Å sjå ei anna løysing. Å vera hus på mur eller tre på rot er greitt nok. Men å villa vera dør! Ei tredør i eit hus. Det rotar det til. Å opna for det å bevega seg frå det eine til det andre. Nei, det forstår dei ikkje. Eit spennande dikt med fascinerande bilete, tankar og lesemåtar.    

For juryen,
Helge Torvund

Juryen består av Kristian Rishøi, Helge Torvund og Maria Børja.

Les flere dikt eller skriv egne i:
Skolekammeret, Dagbladet.nos forum for skrivende elever til og med videregående skole.
Diktkammeret, tilsvarende forum for poeter i alle aldre