Stridstema: Det heitaste stridstema i lokalpolitikken siste året har vore framtida for sjukeheimsplassane i Skånevik, skriv Hans Olav Tungesvik. Foto: Jacques Hvistendahl
Stridstema: Det heitaste stridstema i lokalpolitikken siste året har vore framtida for sjukeheimsplassane i Skånevik, skriv Hans Olav Tungesvik. Foto: Jacques HvistendahlVis mer

Alle har lyst til å leva den siste tida i nærleiken av heim, familie og vener

Sjukeheim i nærmiljøet er ei æressak.

Meninger

Etne kommune i Hordaland har, med sine om lag 4000 innbyggjarar, to sjukeheimar i dei to tettstadene, Etne og Skånevik. I kommunesenteret Etne har sjukeheimen 36 plasser, i Skånevik - som ligg tre mil unna - åtte plassar som del av Skånevik Omsorgsenter, der det i tillegg er åtte plasser i bufellesskap/omsorgsbustad.

Det heitaste stridstema i lokalpolitikken siste året har vore framtida for sjukeheimsplassane i Skånevik. Somme parti vil samla alt sjukeheimstilbod i Etne i samband med bygging av nytt omsorgsenter der, andre vil fylgja opp det dåverande ordførar Erling Steine sa på eit folkemøte for om lag 25 år sidan: «Ingen skal måtta flytta frå heimbygda/tettstaden sin den dagen dei får behov for heildøgns omsorg.» Dette såg både Steine og mange med han som ei æressak, som ein honnør til dei som hadde levd heile sitt liv og lagt all si arbeidskraft i og for bygda. Dei skulle sleppa å avslutta livet fleire mil frå heim og pårørande.

Etne kommunestyre har fire gonger gjort vedtak om at Skånevik Sjukeheim skal bli ståande. Seinast i mai i år vart slikt vedtak gjort med 15 mot 6 røyster. Likevel ligg det ein understraum av motstand mot denne løysinga i fleire parti. Kva seier så partiprogramma for komande periode?

Her er fleirtalet av partia svært utydelege. Berre to parti fører heilt klår tale. KrF: «Etne KrF vil byggja Etne Omsorgsenter og gjennomføra utbygging av Skånevik Omsorgsenter». Frp: «Fylgjer opp vedtaket om utviding frå 8 til 10 sjukeheimsplassar i Skånevik, og arbeida for at det nye framtidsretta Helse og Omsorgsenteret i Etne vert realisert.»

Både Høgre, Ap og Sp er vage i sine formuleringar. Alle vil byggja nytt omsorgsenter i Etne, men ingen lovnadar blir gitt om framtida for sjukeheimen i Skånevik. Ein skulle tru at i alle høve desentraliseringspartiet Sp ville føra klår tale her og ta vare på levande lokalsamfunn. Når dei seier at «sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar skal byggjast ut etter gjeldande planar», kan ein i beste fall tolka det som støtte til Skånevik Sjukeheim, for utbygging her er ein del av gjeldande planar. Men dessverre er utsegner frå Sp-talsmenn svært diffuse, og dei gjer oss utrygge.

Den som vil vera trygg på viljen til vern om sjukeheimsplassar i Skånevik, må nok satsa på KrF eller FrP i denne saka.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook