Alle ting forsvinn

Det er merkeleg å oppdage ein forfattar, lese det ein kjem over av bøkene hennar, og så, idet ein klappar saman nok ein fantastisk roman, få høyre at forfattaren nettopp døde.

DETTE SKJEDDE

meg i sommar. Då gjekk den kanadiske forfattaren Carol Shields bort, 68 år gammal. Ho etterlet seg fleire yttarst leseverdige bøker. Fem romanar er tilgjengelege på norsk, dei fleste praktfullt omsett av Ingrid Haug. Dette er romanar med ein heilt spesiell sjarm. Dei er så underhaldande at ein ikkje merkar ironien og kritikken før det bit skikkeleg hardt.

Den siste og kanskje beste romanen til Shields, «Unless», kom nyleg på norsk med tittelen «Hvis ikke».

Romanen ber ikkje preg av at forfattaren var alvorleg sjuk då ho skreiv. Men no når Shields er borte, er det kanskje rett å lese romanen som eit litterært testamente.

Fakta

Carol Shields:

  • Født i Illinois, 2. juni 1935, flyttet seinere til Canada
  • Fikk tildelt flere priser for sitt forfatterskap, deriblant en Pulitzer-pris. Professor i engelsk ved flere universiteter.
  • Internasjonalt gjennombrudd med romanen «Dagbøker i stein» (1995).
  • Døde 16. juli i år av brystkreft.

    Brit Bildøen:

  • Født i 1962 på Aukra
  • Utdannet bibliotekar og ved Skrivekunstakademiet i Bergen
  • Mangeårig bokanmelder i Dagbladet
  • Debuterte i 1991 med diktsamlingen «Bilde av menn»
  • Mottok Nynorsk litteraturpris i 1998
  • Siste roman: «Landfastlykke» i 2001

«HVIS IKKE»

handlar om Reta Winters, som har lykkast i å skrive ein suksessroman. Ho omset også ei intellektuell fransk forfattarinne. Dette opnar for ein konflikt mellom det smale og det breie, i neste rekke det mannlege og det kvinnelege.

Romanen undersøker kompleksiteten i dette at det som er skapt av kvinner, ofte blir sett på som «lett» og dermed ikkje viktig.

Det minner kanskje fleire enn meg om at bokspaltene no i lengre tid har vore dominert av unge mannlege forfattarar som fleksar litterære musklar (og ballar) i ly av sine store, amerikanske heltar. Eg har lyst til å be bokfolket om å gjere som Michael Moore, ta turen til Canada. Her har Carol Shields selskap av forfattarar som Margaret Atwood og Alice Munro. Slik vi i dag lærer å kjenne den amerikanske litterære scena, kan vi få inntrykk av at alt er opplyst. Men den store forteljinga kan rg vere å finne i skuggar og mørke krokar der ting får lov til å forsvinne - for så å bli leita opp. Dei gode bøkene krev å bli lest med eit ekstra auge.

«HVIS IKKE» OPNAR

med at Reta Winters seier: «Det har seg slik at jeg går gjennom en periode som er dypt ulykkelig og full av savn akkurat nå.» I ettertid kan dette koplast til Shields' sjukdomstilstand. Men det som uroar Reta, er at den eldste dottera, Norah, har forlatt forstadslivet for å setje seg på fortauskanten i Toronto, med eit skilt om halsen som det står «Godhet» på.

Ei kanadisk Norah bryt altså ut av «Et dukkehjem», og handlinga set i gang funderingar over kva «godhet» er.

Frå her av skrur det kritiske aspektet ved romanen seg langsamt, men sikkert til. Den fortvila mora begynner å skrive brev til lærde menn som har publisert artiklar eller halde foredrag om litteratur, der dei unngår å nemne kvinnelege forfattarar.

På ein utsøkt måte skuldar ho dei for Norah sitt val, fordi folk som dei, systematisk tek lange steg utanom kvinnene og skriv dei ut av historia, ut av verda. Her tek boka eit stort steg, frå å handle om ein familietragedie til å dreie seg om usynleggjeringa av kvinnene i litteraturen og samfunnet.

Det er dette som gjer det nærliggande å tenke på «Hvis ikke» som eit testamente Shields sette opp medan brystkreften spreidde seg. For er ikkje Reta Winters nettopp den typen forfattar Shields sjølv har opplevd å bli mistatt som? I eit intervju seier ho spøkefullt at det er vanskeleg å få respekt i litterære miljø om ein brukar humor og gir bøkene sine ein lykkeleg slutt.

Men om Shields kanskje tidlegare blei sett på som lødig, skjer det no ofte at ho blir samanlikna med Virginia Woolf og Jane Austen.

Biografiparafrasen «Dagbøker i stein», der den «biograferte» forsvinn heilt i menneska, hendingane og tinga rundt henne, fekk Pulitzer-prisen i 1995.

NÅR VI NO DAGLEG

diskuterer det problematiske i biografisjangeren, kan eg anbefale å lese både «Dagbøker i stein» og «Mary Swann», som er min personlege favoritt. Boka, ofte samanlikna med A.S. Byatts «Besettelse», er ei mysterieforteljing bygd opp rundt ei fattig bondekone som akkurat rekker å levere ein plastpose med dikt til forleggaren før mannen tek livet av henne.

Biografane til Shields vil nok få mykje ut av parallellhistoria med Pat Lowther, som i 1975 blei myrda av mannen sin rett etter at ho hadde levert diktsamlinga «A Stone Diary». For Mary Swanns del begynner manus og notisbøker å forsvinne, og forskarar og biografar tek seg store fridomar når interessa for forfattarskapen blomstrar opp.

DET ER FASCINASJONEN

for folks indre, ofte kaotiske liv som gjer at Shields både flørtar med og problematiserer biografien. Ho tek i bruk mange litterære stilartar for å fortelje historiene. Ofte kommer fleire personar til orde for å fortelje sin versjon. Dei blir skildra frå alle vinklar, og trer fram frå boksidene som verkelege personar.

Det er det ekstraordinære ved heilt vanlege folk som er Shields' litterære vilje.

Personane hennar får lov til å oppfinne seg sjølv på nytt, dei blir sett i stand til å forandre liva sine. I «Kjærlighetens republikk» er det ein fin episode der ei jente i slutten av tenåra finn ut at ho kan forandre seg. Og så gjer ho det.

Larry i «Larrys fest» er blomsterbindar, men bortsett frå det ein keisam fyr. Til han får sjå sin første hagelabyrint. Den nye interessa fører han på heilt andre vegar enn den kursen som var staka ut for han. Larrys skildring av labyrintar er eit godt bilde på teknikken til Shields: «De gir bare fullkommen mening når du ser dem ovenfra.»

SHIELDS BEGYNTE

ikkje å skrive skjønnlitteratur før ho var førti. Ho såg på seg sjølv som husmor og mor, som fekk livet forandra då ho begynte å skrive.

I ei verd der så mykje får lov til å forsvinne, så mange spennande liv og verk blir underslått, er det godt å ha forfattarar som Carol Shields. Ho utvidar det litterære feltet og tek det kvinnelege tilbake, og blir teksten glad og lett av det, har det ingen ting med mangelen på litterær tyngde å gjere. Leikande, spottande og svært målretta leier ho lesaren gjennom sine labyrintiske bøker ved hjelp av refleksjonens milde lys. Reta Winters seier noko vi kan lese som Shields' karakteristikk av eige forfattarskap:

«Hun likte å overraske leseren. Midt i et flatt, fortellende avsnitt, villedet av varme passasjer fulle av betraktninger, støtte man plutselig på hard brusk.»

Den norske forfatteren Brit Bildøen skriver her om den kanadiske forfatteren Carol Shields, som døde i sommer.

YTTERST LESEVERDIG: «Carol Shields (1935- 2003) etterlet seg fleire yttarst leseverdige bøker. Fem romanar er tilgjengelege på norsk. Dette er romanar med ein heilt spesiell sjarm», skriver Brit Bildøen i denne artikkelen.