SKREMMANDE: Det skremmande er at det i dag knapt er nokon som hevar eit augebryn over at ein framtredande Frp-politikar er på talarlista i ein demonstrasjon arrangert av høgreradikale grupper, skriver Jarl Wåge om Jon Helgheim varslede oppmøte på forrige ukes demonstrasjon mot FNs migrasjonsavtale. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
SKREMMANDE: Det skremmande er at det i dag knapt er nokon som hevar eit augebryn over at ein framtredande Frp-politikar er på talarlista i ein demonstrasjon arrangert av høgreradikale grupper, skriver Jarl Wåge om Jon Helgheim varslede oppmøte på forrige ukes demonstrasjon mot FNs migrasjonsavtale. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpixVis mer

Demonstrasjon mot FNs migrasjonsavtale:

Alle var der

Bare ikkje Frp-politikaren og stortingsrepresentanten Jon Helgheim. Han måtte dessverre melde avbod.

Meninger

7. desember blei det arrangert demonstrasjon foran Stortinget mot FN sin migrasjonsavtale som regjeringa skulle vere med på å vedta nokre dagar seinare. Det meste som finst av høgreradikale organisasjonar, var til stades. Initiativtakar var Lena Andreassen, tidlegare leiar av Norwegian Defence League.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Blant talarane var mellom andre Max Hermansen, medlem i partiet Demokratene. Han prøvde tidlegare å stable på beina ei norsk avdeling av den høgreekstreme, tyske organisasjonen PEGIDA.

Lars Thorsen, leiar for Stopp islamiseringen av Norge (SIAN) var òg på talarlista. SIAN publiserte i august 2018 ein tekst av Arne Tumyr med tittelen «Islam beriker Norge» der han hevda at Erna Solberg omfamnar islamisme og muslimane sin barbariske politikk og ideologi og at ikkje bare statsministeren, men heile Stortinget, understøttar Allah og Muhammed sin hær.

Ellen Due Brynjulfsen leverte òg nokre velvalde ord til dei frammøtte. Ho stifta Selvstendighetspartiet og har deltatt som talar på fleire SIAN-arrangement rundt om i Noreg. Ei av kjernesakene hennar er å forby Islam i det offentlege rom. Så religionsfridom er definitivt noko ho ikkje brenn for.

Bare Jon Helgheim, Frp sin innvandringspolitiske talsperson, glimra altså med sitt fråver. Han stod på talarlista, men var forhindra frå å møte. I staden sende han ei helsing som blei lest opp under arrangementet. «Vi står sammen i kampen for Nasjonal Selvråderett og mot FNs migrasjonsplattform,» var hans oppmuntrande pep-ord til sine kumpanar.

Det er sjølvsagt heilt legitimt å gå på barrikadane i kamp mot FN si migrasjonsplattform. Men det er, for å seie det mildt, litt av ein gjeng Helgheim har hamna på lag med.

Det skjer ei høgreradikalisering i den vestlege verda. Høgrepopulistiske parti er på frammarsj i land etter land, og på sosiale media er det i ferd å bli legitimt å vere rasist, antisemitt og å fremje fascistiske synspunkt. Samtidig dukkar det opp høgreradikale fjesbokgrupper, nettaviser og bloggar der slike idear blir heia fram.

I 1995 var Frp-politikar Øystein Hedstrøm talar på eit hemmeleg møte for høgreekstreme på Godlia Kino i Oslo. Det blei vel eit rabalder då det blei avslørt av journalistane Arne Holm, Cato Vogt-Kielland og Thor Gjermund Eriksen. Avsløringa sende sjokkbølgjer til heile det politiske miljøet. Dåverande partileiar i Frp, Carl I. Hagen, reagerte straks med å gje Hedstrøm munnkurv og hevde at han hadde gjort ein brølar. Noko han forresten seinare modererte med å seie at Hedstrøm hadde deltatt på møtet som privatperson.

Det skremmande er at det i dag knapt er nokon som hevar eit augebryn over at ein framtredande Frp-politikar er på talarlista i ein demonstrasjon arrangert av høgreradikale grupper. Ein politikar som til og med fortel dei at han står saman med dei i kampen.

Eg har ikkje sett at nokon i Frp-leiinga har gått ut og kritisert Helgheim for å fraternisere med høgreradikale grupperingar. Ikkje ein gong når det, som i dette tilfellet, skjer i full offentlegheit. Vi er mange som over tid har oppfordra Frp til å ta ei kraftig oppgjerd med ytre høgre-krefter i og utanfor partiet, men det sit tydelegvis uendeleg langt inne å gjere det.

I samband med at Noreg mandag var med på å vedta FN si migrasjonsplan i Marrakech i Marokko, har det kome sterke reaksjonar på sosiale media. Nestleiaren i Arendal Frp, Maurith Julie Fagerland, slo til med å skulde regjeringa og statsministeren for landssvik verre enn det dei stod for dei som gjorde knefall for tyskarane under andre verdskrigen.

Då Jon Helgheim blei beden om å kommentere utspelet frå partifellen, var responsen hans at dette tok han ikkje så tungt, men han ville ha brukt andre ord. Ein etterkvart vanleg reaksjon frå blåblå politikararar når dei blir bedne om å kommentere andre sine utspel, og ein fin måte å seie at ein eigentleg er einig på.

Vi har fått eit høgreradikalt bror- og søsterskap i samfunnet vårt. Høgreekstreme grupper som tidlegare levde i skjul, viser frimodig og freidig sitt sanne ansikt. Dei set kvarandre stemne stadig oftare og tar større og større plass på offentlege arenaer og i samfunnsdebatten.

Og nåde den som måtte prøve å trekkje parallellar til utviklinga vi såg i Europa på 1930-talet. Kritikarar blir effektivt avfeia med hersketekniske verkemiddel som «landsforrædar, quisling, eliten sin forakt for dei undertrykte, undergraving av norske, kristne verdiar, du speler rasismekortet, mobbing, sjikane».

Høgreradikalismen er ikkje berre tiltakande, men er også i ferd med å bli stuerein. Det skjer i ein nesten umerkeleg prosess. Haldningane spreier seg som forureining.

Med fare for å bli klaga for både «brunbeising og hitling» av kommentariatet, tør eg påstå at det ikkje på nokon måte er med på å stoppe denne utviklinga at etablerte politikarar som Jon Helgheim bidrar til å gje legitimitet til organisasjonar som er talerør for ekstreme idear.

«Du må ikkje sove,» skreiv Arnulf Øverland. Du så freistande det er å nettopp gjere bare det. Sove. Men ikkje pokker. Vi må ta ein for laget og kjempe mot desse kreftene som best vi kan.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.