Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

Alle ventar på Charlie

Ingress

DIKTER OM TERROREN: 
Dikter og psykolog Helge Torvund.


Foto: Erling Hægeland/Dagbladet
DIKTER OM TERROREN: Dikter og psykolog Helge Torvund. Foto: Erling Hægeland/Dagbladet Vis mer
Meninger

Folk ler med livet som innsats Og låtten er nabo

med kaos og Gud

Brått vert me råka midt i ein lått av ei brutal påminning

om kva blodig alvor betyr

Å prøva å drepa den låtten som ler av makta

er som å gjeta vinden

Låtten vil stiga Dei leande munnane

er som venger

tusenvis av kvite duer Sårbare og frie flir Godslege

og varme smil

i ei verd der satire og inderleg bøn finst

side om side

Den skarpe streken frå anarkisten sin svarte penn

og den mjuke munken

som ler av det sekulariserte maktbehov Mange ler

så magen ristar

av dei som trur at alt kan tenkjast For òg det utenkjelege

skjer Eit smilande hjarte sluttar å slå

Blod finst Bøner finst Dei kvite arka finst Den svarte pennen

finst Kalasjnikovar finst Gråt finst

Alle ventar på Charlie på Stéphane Barnard Jean Georges

Allah ventar på Charlie