Symbolprosjekt i distrikta: Kulturhusbylgja som har skylt over landet, er eit døme på kva som skjer når einskilde investeringar skal forme heilskapen - og ikkje omvendt, skriv Ebbe Dam Meinild. Foto: Stina Sønvisen/Husbanken.
Symbolprosjekt i distrikta: Kulturhusbylgja som har skylt over landet, er eit døme på kva som skjer når einskilde investeringar skal forme heilskapen - og ikkje omvendt, skriv Ebbe Dam Meinild. Foto: Stina Sønvisen/Husbanken.Vis mer

Alle vil auke folketalet, byggje meir bustader og leggje til rette for vekst

Trivsel, utvikling, satsing og nyskaping er honnørord me gjerne vil smykke oss med.

Meninger

Det er igjen tid for nye politiske lovnader. Etter valet kjem kvardagen, og lovnadane skal realiserast av byråkratiets tro tenarar. Mykje må inn i planstrategiar og kommuneplanar, det finn dei nye politikarane ut etter kvart. Og dei same formuleringar om mål og visjonar går att i landets mange tusen sider med nyskrivne saksutgreiingar. Er det også tid for å justera måla etter røynda? Truleg ikkje. Det finst knapt ein norsk kommune som ikkje har som mål å auke folketalet, byggje meir bustader og leggje til rette for vekst i næringslivet.
 
Frå min ståstad, som planleggjar i ein liten distriktskommune, torer eg ikkje å seia at slikt ikkje er mogleg. Sjølvsagt kan det vere det. Men eg har lyst til referere ein publikasjon frå nabolandet vårt, Danmark, «Planlægning og provinsbyer», der fire mytar om utvikling i distriktet vert presentert.

Myte 1: Stadskvalitetar trekk til seg kreative folk med høg kompetanse. Har du høyrt om Richard Florida og Den kreative klasse? Om ikkje - sjå føre deg unge, smarte folk som sitt på kafé og jobbar på laptoppen sin. I myten kan dei lokkast til einkvar avkrok om det berre er nok latte, mikro-øl og nærleik til naturen. Sjå på prosjektet Bygda 2.0. Og, ja, dette kan vere rett for nokon. Men sjølv om ein offshore-arbeider kan bu kor som helst, er det likevel ein tendens til at veksten skjer rundt kunnskapssentra i dei større byane. Det finst ofte lokale fagmiljø, som kanskje ikkje er verdsleiande, men som er eit sentral nav i kommunen. Hugs dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Myte 2: Betre infrastruktur skapar vekst. Samferdsel er det store tema alle kan samlast om. Korleis kan vegen vere så dårleg i verdas rikaste land, spør me. Likevel er det ikkje sikkert at ny veg vil skapa vekst i distriktet. Eit døme i mi region kan vere Hardangerbrua. Jau, brua er grei den, mange kjem kjappare til Voss på handletur. Men skapar ho i seg sjølv vekst i lokalmiljøet? Det er vanskeleg å seia sikkert. Argumenta for ny veg er mange og kjente. Med samferdsel er det ofte slik at me ikkje samanliknar med alternativ som pengane kunne vore brukt til, kanskje med større nytte.

Myte 3: Alle kan trekke til seg barnefamiliar. Sjølve æresgruppa i tilflyttingsstrategiane i distriktet er barnefamiliar. Eit problem er at barnefamiliar ikkje er så mobile når dei først har etablert seg. Flytting er aldersstyrt: Den er høg for unge einslege, låg for familiar og kjem oppover att når pensjonisttilværet tek til. Kan hende nokon skulle satsa meir på eldre tilflyttarar?

Myte 4: Eit godt omdøme sikrar framtida. Bygging av omdøme driv mange med. Me vert fortalt at dette er særs viktig for kommunen si framtid. Alle stiller seg bak dei fleste kommunale slagord. Trivsel, utvikling, satsing og nyskaping er honnørord me gjerne vil smykke oss med. I ei målstyrt tankegang er stilstand lik tilbakegang. Er målet nådd, set me eit nytt. Kanskje ein bør finne formuleringar der ikkje berre solstrålehistorier er med? At det som er godt nok, faktisk er, ja, godt nok.

Men, men, men, protesterer du då. I Noreg peikar alle piler berre opp og opp. Likevel meiner eg kommunale strategiar i distriktet kan ha godt av å ha mytane med seg. For dei er mytar. Ein konsekvens er eit einsidig fokus på tiltak som passar i mytens logikk.

Kulturhusbylgja som har skylt over landet, er eit døme på kva som skjer når einskilde investeringar skal forme heilskapen - og ikkje omvendt. Men i kvardagen skal me betale for investeringa, og konsekvensane av stor gjeld vert skyvd fram til neste generasjon.

Alle stader skal ikkje vere like. Dei lokale styrker er styrker av di at dei er unike. På konferansar med tilflytting som tema opplever eg ofte at dei same mål og tiltak vert nytta landet rundt. Og ein unngår gjerne å ta opp det som ikkje gjekk så bra. Me kan lære vel så mykje av ein fiasko. Men svaret må ikkje alltid vere meir av same medisin. Om ein ikkje når måla, kan det også vere måla som er feil. For om alternativet er å miste dei kvalitetar staden har, på vegen mot målet, er me jo like langt.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook