Alt for å hjelpa II

Troa på den tekniske potensen har minst to sider.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

DET FOREGÅR

ein diskusjon i FN om forbod mot kloning av mennesker. Men ein er ueinige om kor langt ein skal gå. Skal all kloning bli forbode, eller berre den reproduktive? Jan Bøhler (Dagbladet 8. november) meiner Norge bør gå inn for det siste samen med «mange land vi pleier å være enige med». Men på begge sider finner me ei broka forsamling av nasjonar: demokrati og diktatur, katolske og protestantiske nasjonar, utvikla og underutvikla økonomiar, land med og utan betydeleg forsking i medisinsk bioteknologi osb. Ved berre å velga ut nokre få på kvar side, kan alle teikna akkurat det bildet av motsetninga dei måtte ønska. Enkelte av nasjonane som ønsker FN-forbod både mot all kloning, argumenterer som i det eldre temaet forsking på befrukta egg: egg skal verken destruerast eller bli skapte til forskingsformål. I Bøhlers perspektiv blir nok dette «fundamentalistisk». Men merkelappen treffer ikkje nasjonane som meiner skillet mellom reproduktiv og terapeutisk kloning ikkje vil fungera i praksis, og at teknikkar kan utviklast som seinare kan brukast til å føda klona mennesker. Eit tredje synspunkt handlar om at det kan voksa fram ein global, kommersiell marknad for menneske-egg, kor særleg kvinner i den tredje verda vil bli donorar. Dersom Bøhler tror at eit egg er nok, tar han feil. Kvar kloning krever mange egg, og det kan fort bli behov for kontinuerleg kloning både i forsking og ei moglig behandling - kanskje i stor skala.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.