”Alt i meg er sang”

Om å læra seg å skriva gode dikt. Leksjon for Diktkammeret, august 2008

(Dagbladet.no): Det tek vanlegvis lang tid med mykje innsats å læra seg å skriva gode dikt.

Dette er ein innarbeidd tanke kring kunstnarskap i det heile, og er årsaka til at me har spesielle stipendordningar retta mot unge og uetablerte forfattarar og kunstnarar. For at dei skal få tid og høve til å utvikla sitt handverk og sin faglege dugleik.

På ei open nettside som Diktkammeret vil ein til tider møte på svært optimistiske noviser som med stor tru på eigne produkt lurer på kvar dei kan få gitt ut sine nybyrjartekstar i bokform. Det er vel som det skal vera.

Den kjende engelske poeten W.H. Auden, som skreiv diktet "Funeral Blues" ("Stop all the clocks") , skreiv om sine eigne famlande førsteforsøk: ”Aldri meir vil ein poet kjenna seg så inspirert, så sikker på å vera genial, som desse første gongane pennen flyg over papiret.” Men i realiteten er det altså ein lang veg fram til det gode diktet.

Kokekunst

Det er mange måtar å tenkja på, når ein vurderer kva som kan skapa gode poetar. Eg har i ein tidlegare leksjon vist til Robert Bly, som meinte at poesistudentane burde sitja isolerte i kvar si hytte i ei fjellside og nektast å treffa andre menneske. Den nemnde Auden har, rett nok med glimt i auga, men ikkje utan eit alvor bak, sett opp følgjande forslag til ”pensum” på ein tenkt skule for skriveutvikling som han kalla eit ”Bardic College”:

Artikkelen fortsetter under annonsen

1. I tillegg til engelsk, i alle fall eitt gamalt språk, helst gresk eller hebraisk, og to moderne språk.


2
. Tusenvis av linjer poesi på desse språka som skal lærast utanboks.

”Alt i meg er sang”


3
. Innføring i prosodi, retorikk og samanliknande filologi.


4
. Dei einaste øvingane av kritisk karakter vil vera å skriva pastisjar og parodiar. Alle andre kritiske skrifter, bortsett frå historisk eller tekstkritiske, skal vera bannlyst frå skulen sitt bibliotek.


5.
Kurs i matematikk, naturkunnskap, geologi, meteorologi, arkeologi, mytologi, liturgi og kokekunst.


6
. Kvar student skulle personleg ha ansvaret for eit husdyr og ein hageflekk.

Det er mellom anna ved å lesa massivt mykje av det beste som er skrive, både av dikt og om dikt, ein kan skulera seg til diktar. Og ved å la seg inspirera av andre! Ein må oftast skriva seg gjennom mange periodar med ulike skrivemåtar, for så litt etter litt å få verkemidla i blodet og finna fram til sin eigen stil og skrivemåte. Då først kan det henda for nokre, at ein kan uttrykka noko som har verdi utover dagboka og det private. Ein må ha noko å seia og ein måte å seia det på, som Poul Borum på enklaste vis oppsummerte det ein gong.

Kvart ord må vurderast

Av verkemiddel er det nokre som er grunnleggjande, og som ein må leggja vinn på å studera nøye og grundig om ein skal oppnå dikt som får ei form for formell autoritet, sjølv om ein måtte velja den frie forma, og ikkje skriv på rim og rytme.

Oppsett av diktet på sida, måten ein deler linja på, og val av kvart einaste ord må vurderast. Er det noko som kan endrast for å underbyggja det diktet uttrykkjer endå betre?

Linjedelinga må vera medviten. Vekta orda får på grunn av rytmen i lesinga må vurderast. Klangleg må ei vera merksam på allitterasjon og assonans; altså korleis bokstavrim og andre rim spelar inn og korleis ord som har felles klang bind diktet saman. Andre viktige aspekt ved val av ord er kva for assosiasjonar dei vekkjer.

Ved å skapa sanselege og konkrete bilete, tek ein tak i lesaren på ein særskilt måte. Dette kan ein vidareføra ved å nytta samanlikningar, metaforar og symbol.

Men i likskap med det som vitskapsfolka har funne ut er sentralt når det gjeld humor, så er overraskingsmomentet også noko ein skal vera merksam på i lyrikken. Det å bryta med det tilvendte, å bryta mot det forventa og allereie lagra språklege mønsteret, og make it new! Som Ezra Pound sa, er av vesentleg betydning for å røska lesaren ut av det vanlege og openbara eit nyskapt og spennande dikt.

Mykje eldre en Frp

God poesi er nok ei av dei kulturformene som ville fått problem med statsstøtte dersom Frp kom til makta. Det er trass alt få menneske som kjøper diktsamlingar her i landet.

Men lyrikken ville sjølvsagt overlevd, og ikkje bare som populære tekster i popsongane.

Ein skal hugse på at sjølv om poesien er yngre enn andre kunstnariske uttrykk, som helleristningar og musikk, som me kjenner frå 30 000 år tilbake, tyder dei magiske songane til urfolk på at òg denne type poesi har eksistert frå yngre steinalder av, medan Frp har eksistert i 35 år.

I sine skildringar av eskimosongar skriv den danske forskaren Knud Rasmussen om åndemanaren Orpingalik (som tyder ”han med pilekvisten”) at han alltid song når han hadde ei ledig stund, og at han kalla songane sine for kameratar i einsemda. ”…alt i meg er Sang. Jeg synger, idet jeg drager Aande.”

Ein bør gå til det å skriva poesi med like store dosar alvor og ansvarskjensle for ein lang og viktig tradisjon i menneskeslekta si soge som ein respektlaus og leikande haldning til verktøyet ein poet kan bruka. På den måten kan ein laga seriøse ting som er spretne og friske, fulle av nåtid og bygde på alt det som har vore gjort av dei poetane som gjekk føre oss.

Terapi og glede

Kva oppnår me ved å skriva?

Den amerikanske forfattaren Ray Bradbury skriv i boka si ”Zen in the Art of Writing” at skrivinga minner oss om at me er i live, levande, og at det er ei gåve og eit privilegium, ikkje ein rett. Han skriv at sjølv om kunsten vår ikkje kan redda oss frå krigar, misunning, grådigheit, aldring og død, så kan kunsten revitalisera oss oppi det heile. For det andre, skriv han, så er skriving ein måte å overleva på.

Og dette skriv eg ein del om i den siste boka mi ”Sjelsord”, der eg tek opp fenomenet poesiterapi, som er ganske utbreidd i USA. Nå har ikkje alltid ordet ”terapi” så god klang blant poetar og forfattarar. Ray Bradbury skriv at han ikkje nyttar ordet fordi det er for ”reint”, for sterilt. Andre er redde for at poesien skal gå ærend for noko anna enn poesien. At poesien liksom treng ei unnskyldning for å eksistera, og at denne unnskyldninga er terapi. Eller politikk. Poesien treng ingen apologi.

Men me treng heller ikkje vera så redde for å snakka om kva poesien kan gjera for oss. Den kan ikkje redda verda, som Bradbury skriv. Men den kan kanskje redda oss. Halda oss levande, merksame, få oss til å øva oss opp til å oppfatta nyansar i sansingane og nyansar i språket. På den måten finpussar me det kommunikasjonsmiddelet som menneska er så avhengige av.

Personleg trur eg at det djupast sett alltid finst ei glede bak det gode diktet. Om diktet sjølv er aldri så fortvila, mørkt eller nervøst og fylt av uro, så finst det ei glede ved sjølve skrivinga. Ei overvinning av grensene i språket. Ein siger og ei oppdaging. Sjå her! Eg fekk sagt det. Eg har sett eit nytt dikt ut i verda.