Debatt: Pelsdyrnæringa

Alvorleg statleg overgrep mot familiar

Den uverdige prosessen som regjeringa har gjennomført sidan hestehandelen på Jeløya, er eit reint overgrep mot pelsdyrfamiliar, og mot ei tradisjonsrik distriktsnæring i landbruket.

FORBOD MOT PELDSYRHALD Loven, som skal opp i Stortinget i morgon, viser at Ap og SV er betydeleg betre forkjempar for personleg eigedomsrett enn næringspartiet Høgre, når ein ser på framlegg til kompensasjonsordning, skriv innsendaren. Her er partileiarane Siv Jensen, Erna Solberg, og Trine Skei Grande etter at Jeløya-erklæringa var klar og Venstre gikk inn i regjeringa.Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
FORBOD MOT PELDSYRHALD Loven, som skal opp i Stortinget i morgon, viser at Ap og SV er betydeleg betre forkjempar for personleg eigedomsrett enn næringspartiet Høgre, når ein ser på framlegg til kompensasjonsordning, skriv innsendaren. Her er partileiarane Siv Jensen, Erna Solberg, og Trine Skei Grande etter at Jeløya-erklæringa var klar og Venstre gikk inn i regjeringa.Foto: Lise Åserud / NTB scanpixVis mer
Meninger

I morgen, 13. juni, skal Stortinget handsame lov om forbod mot hald av pelsdyrhald, med kompensasjonsordning for pelsdyrbønder.

Etter ein mangeårig demokratisk prosess, vedtok Stortinget i januar 2017, berekraftig utvikling for pelsdyrnæringa, der faglege argument for dyrevelferda låg til grunn.

Ein ufin hestehandel, heilt bak lukka dørar på Jeløya i januar 2018, snudde dette tvert om. Den uverdige prosessen som regjeringa har gjennomført sidan, er eit reint overgrep mot pelsdyrfamiliar, og mot ei tradisjonsrik distriktsnæring i landbruket.

Ein tidlegare statssekretær, med lang fartstid med høge politiske verv, uttala nyleg under eit føredrag: «Den politiske prosessen rundt pelsdyrhold-forbudet er det verste jeg har opplevd innen politikken»

Høgre og Frp har gjennom alle år vore ein sikker støttespelar for gode rammevilkår for pelsdyrnæringa, med sterkt fokus på dyrevelferda. Dette var stadfesta seinast under landsmøtene i partia, våren 2017.

Fleirtalet i næringskomiteen på Stortinget har lagt fram ei innstilling til vedtak, som i tillegg til næringsforbodet, vil føre til at pelsdyrfamiliar blir frårøva store gardsverdiar.

Ei Høgreleia regjering er altså no pådrivar for næringsforbod mot pelsdyrhald.

Innstillinga viser at Ap og SV er betydeleg betre forkjempar for personleg eigedomsrett, når ein ser på framlegg til kompensasjonsordning.

Høgre sin posisjon som næringsparti vil med dette vera klart truga.

Kompensasjonsordninga som blir føreslege av fleirtalspartia er svært urimeleg og uakseptabel, fordi «bokført verdi» er grunnlaget til erstatning for gardsverdiar som blir borte.

No sist laurdag kom den breie interne uroen om dette i mange fylkeslag, både i Høgre og Frp fram i lyset. Det grunnleggjande her, er at så lengje bokført verdi blir lagt til grunn for fastsetjing av erstatning, vil det ikkje bli ein anstendig kompensasjon.

Det er også kjent at det er stor uro også i stortingsgruppene rundt dette spørsmålet.

Med det store alvor som ligg til grunn her, må ein formode at partipisken bli liggjande ubrukt når denne saka kjem opp til votering. Noko anna vil vera veldig i strid med alle demokratiske prinsipp.

Representantane må her få stemme etter overbevisning, samvit og anstendigheit, så får ein tru at ein viss snev av fornuft vil bli gjeldande, når ei ser det endelege vedtaket i denne saka.

Det som skjer på Stortinget her blir viktig ikkje berre for pelsdyrbøndene. Blir det pressa gjennom eit vedtak i strid med alminneleg fornuft, fakta og anstendigheit, vil det vera uverdig for vårt demokrati.

Heile prosessen med denne saka er ille og uanstendig nok frå starten med hestehandelen på Jeløya, om ikkje Stortinget i tillegg skal vedta eit regelrett ran av oppbygde verdiar frå bønder.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.