Ambjørnsens mageknip

YTRINGSFRIHET: Ingvar Ambjørnsen har vondt i magen på grunn av forsoninga mellom Magazinets redaktør og imamane i Islamsk Råd (Dagbladet 17/2), og siterer frå min kommentar i Klassekampen (11/2) for å vise kor grundig enkelte har latt seg dupere av det han kallar bryllaupet i pølsebua (?).Ambjørnsen verkar særleg forskrekka over at eg etter fattig evne gir ei god modig skildring av det sjeldne møtet mellom journalister og imamar; grupper som tradisjonelt har sett på kvarandre med gjensidig og ikkje grunnlaus skepsis. Men skulle han gitt ei rettvist bilete av kva eg ville ha fram, kunne han sitert litt til: «15 imamar ved eit langbord på Plaza er ingen garanti for auka toleranse og vidsyn. Det er heller ikkje Selbekks sjølvkritikk. Men begge delar er steg for å komme betre på talefot. I delar av det religiøse leiarskapet for norske muslimar er det mykje dobbeltkommunikasjon».

AMBJØRNSEN let sitt polemiske gemytt ta overhand når han legg ut om bryllaup og brureseng på grunnlag av forsoninga mellom Selbekk og imamane. Ein skal ikkje la seg rive med utan spørjeteikn ved det som gjekk føre seg. Det gjeld ikkje minst innhaldet i Islamsk Råds forsikringar om respekt og toleranse. Men eg forstår ikkje mageknipen over at karikaturstriden har ført til at vi verdslege blir litt betre kjent med dei religiøse miljøa, og omvendt.