LITE PROBLEM: Andakter utgjør en liten del av tilbudet til NRK, mener artikkelforfatteren. Her gudstjenesten i Oslo domkirke i anledning treårsdagen for terrorangrepene på Regjeringskvartalet og på Utøya, også direktesendt på NRK.
Foto: Audun Braastad / NTB scanpix
LITE PROBLEM: Andakter utgjør en liten del av tilbudet til NRK, mener artikkelforfatteren. Her gudstjenesten i Oslo domkirke i anledning treårsdagen for terrorangrepene på Regjeringskvartalet og på Utøya, også direktesendt på NRK. Foto: Audun Braastad / NTB scanpixVis mer

Andakt med andakt?

0,2 prosent av NRKs sendeskjema er andakter.

Debattinnlegg

I Dagbladet den 6. september har Lars-Petter Helgestad eit innlegg der han kritiserer NRK for å kringkaste andakter, og hevdar at dette er ein praksis som truar NRK sin redaksjonelle integritet. Eg vart nysgjerrig på omfanget av denne praksisen.

Sidan utgangspunktet for innlegget var dei daglege dosane med andakt og gudsteneste, reknar eg at Helgestad sikta til NRK sine radiokanalar, i og med at det er i det mediet NRK har regelbundne sendingar med andakt. Difor tok eg for meg radioprogramma på 11 av dei 12 kanalane som NRK har med i sin programguide, og registrerte kor mange andakter som faktisk vert sende i NRK i løpet av ei veke, kor lang tid desse varer, og kor stor del dei utgjer av den totale sendetida på dei kanalane som eg hadde med i oversynet.

(For ordens skuld : Den 12. kanalen var NRK Sami Radio - eg valde å sjå vekk frå den av di eg ikkje kunne avgjere av programtitlane korvidt eit program var ein andakt eller ikkje.)

Resultatet vart at 227 minutt av ei total sendetid på 110880 minutt vert nytta til kringkasting av andakt og gudstenester. Dette utgjer om lag 0,2 prosent av alt NRK sender i løpet av ei vanleg veke. Det forundrar med at dette skal kunne rokke ved NRK sin redaksjonelle integritet, også i spørsmål som gjeld religion.

Lars-Petter Helgestad meiner at NRK bør handsame religion som ein handsamar politikk - utelukkande redaksjonelt og med profesjonell distanse. Men dette er å slå inn opne dører. NRK har alt ein profesjonell distanse til religiøse spørsmål der dette er naudsynt eller naturleg. Programmet «Verdibørsen» på P2 er eit glitrande døme på dette. Det er heller ikkje vanskeleg å finne døme på at nyhendesaker med religion som emne vert handsama med den naudsynte profesjonelle distansen.

NRK er framleis å sjå på som ein almennkringkastar. I dette ligg mellom anna at ein skal ha auge for ulike grupper sine ynskje og behov. Eg synest ikkje det er urimeleg at i underkant av ein kvart prosent av NRK si sendetid vert nytta til å imøtekome ynskja til dei som faktisk synest at ei andaktsstund på radio er ei fin oppleving i kvardagen.

KOMMENTARFELTET BLE DEBATTLEDET AV JAN-ERIK SMILDEN.