Aner ikke hva vinnerdiktet handler om

Etablert forfatter gikk til topps i Diktkammeret.

FEBRUARPOETEN: Finn Øglænd er månedens poet i Diktkammeret. Den etablerte poeten sammenlikner forumet med en sandkasse. Foto: DET NORSKE SAMLAGET
FEBRUARPOETEN: Finn Øglænd er månedens poet i Diktkammeret. Den etablerte poeten sammenlikner forumet med en sandkasse. Foto: DET NORSKE SAMLAGETVis mer

Den solid etablerte forfatteren Finn Øglænd (53) er dobbelfinalist for februar under nickene zeloten og crvena. Som førstnevnte er han dessuten månedens poet for februar, med diktet «Eg har ei heilt tørr kjensle».

Hva det handler om? Det aner han ikke.

— Tolkning av dikta mine er ikkje noko eg steller med — det får litteraturvitarar, meldarar og norsklærarar ta seg av. Eg har det fint med å skrive «intuitivt», og trur eg ville opplevd det som ein sperre om eg skulle skrive poesi og tenkje som ein litteraturvitar. Men eg blir glad dersom nokon vil tolke diktet!

En sandkasse for uferdige dikt
Det at han tenker lite på tolkning og tematikk kan være en utfordring når han skal sette sammen en bok. Likevel har det blitt mange bøker, for både voksne, barn og ungdom — og gjendiktninger. Neste bok skal hete Bukkesong og kommer ut på Samlaget i år eller neste år.

— Der er det nokre dikt om å ha runda 50, og forlaget ser nok gjerne at eg «spissar» den problemstillinga. Men eg arbeider ikkje på den måten, og er ellers ikkje særleg interessert i å analysere slike tema. Det heile inngår i eit eksistensielt drama, og det å passere 50 er vel ikkje verre enn mykje anna. Likevel kan ein jo tolke setninga «Det er tid eg held på med nå» som om eg arbeider med alder, forgjengelighet, forfall og død. Men eg tenkjer ikkje på det slik personleg, sidan eg føler meg rimeleg ung.

— Apropos fødselsdager: Diktkammeret ble nylig ti år. Hva er grunnen til at du stadig er med her?

— Eg nyttar Diktkammeret som ei sandkasse for uferdige dikt. Av og til følest det som å kaste dikt i «brun dunk». Men eg har ikkje noko sentimentalt forhold til dikta. For meg er dei bare tekst. Dermed kan eg for eksempel poste fem halvdårlege eller dårlege dikt. Ut frå responsen kan eg då for eksempel kaste fire av dei for godt og arbeide vidare med det femte. Eller klippe dei saman på nytt. Det siste er litt forvirrande, og eg er ikkje sikker på om det er produktivt. Det blir så mange versjonar av eit dikt at eg blir usikker. Blant annet derfor brukar eg nå lenger tid på ei diktsamling.

­— Har forumet også en større sosial dimensjon enn man kanskje ved første øyekast tenker? Og tror du alle de som har debutert med bok etter å ha blitt månedens poet i DK, ville ha gitt ut bok uansett, eller har forumet hatt en funksjon?

— Eg går sjeldan inn på andre dikt eller debattar der nå. Føler ikkje for å delta som lesar eller debattant. Dersom nokon synest det er OK å lese mislukka dikt eller «dikt i kjømda» av ein «proff» poet, så kan vel det eg gjer ha ein funksjon. Det er vel ikkje så mange fora der ein får tilbod om slikt! For meg er det ein "test" — ja, vel nærmast ein vane, ein praktisk metode å arbeide ut frå. Eg veit ikkje om det er bra eller dårleg. Eg trur ein skal passe seg for det, det er forvirrande! Men i min alder tel vanen mest. Det er blitt den måten eg skriv på. Der skil eg meg nok frå dei fleste av mine kolleger - unntatt nokon av dei yngre som er "flaska opp" på DK.

En krevende poet
Øglænd er en produktiv forfatter, og en prisbelønt og kritikerrost sådan. Om I den kalde molda brenn eit bål fra 2008, skrev Sindre Ekrheim følgende i Bergens Tidende:

«I denne diktboka møter lesaren ein poet som medvite skriv seg inn i ein krok, for så nådelaust å dømme eigne poetiske utsegner ugyldige, daude og makteslause — for all framtid. Poeten let orda balansere på ein umogleg og kontradiktorisk egg. Blir orda dytta utfor og fell i djupet, skjer det utan at diktar-eget trekk ei mine.»

Og om Øglænds diktsamling Eksil, utgitt i 2006, skrev Dagbladets anmelder — diktjuryens Helge Torvund:

«Øglænd overtydar igjen som poet med denne boka. Men det er ikkje slik at ein kan setja seg kvar som helst og kosenyta desse dikta. Dei er krevjande. Mellom anna fordi dei er så enkle. Ein må bruka tid på dei, fordi nyansane er ørsmå og viktige.»

Her er juryens kommentar til februardiktet, også den ført i tastaturet av Helge Torvund:

Fortetta form
På ein måte eit tørt konstaterande dikt som avsluttar med ei linje som me liksom alle kunne ha sagt eller skrive fordi den er så opplagt. Men eg kan aldri hugse å ha sett det sagt så enkelt og klart før. Visst er det tid me held på med. Heile tida. Og kvar skjer dette i dette diktet? Jau, mellom ei klokke og ein vegg. Me har høyrt så mange versjonar om det å møta veggen, om det så er lettveggen eller ein tyngre sak. Men her er den der bare. Diktet er som eit påtrengjande stilleben måla ved hjelp av ein ganske tørr ordpensel. Diktet gestaltar framfor alt ein negasjon. Det å framstilla det som ikkje er, er det kanskje poesien som er aller best til? Diktet viser oss noko som aldri kan vera og som heller aldri har vore. Det nærmar seg det ordlause, sirklar det inn, viser det fram, utan å kunna fortelja kva det er. Interiøret me vert viste er meir eksistensielt avskrelt enn Munch sitt sjølvportrett som gammal mann mellom eit veggur og ei seng. Diktet er eit Camus-aktig Magritte-bilete. Ting lukkar seg kring diktet si røyst og den vesle lighterflammen på ein nærast klaustrofobisk måte. Og oppsummerar i fortetta form: Flamme. Tid. Støv.

For juryen,
Helge Torvund


DIKT PÅ DAGBLADET.NO:

• Diktkammeret er Dagbladet.nos forum for skrivende i alle aldre.
 • Skolekammeret er et forum for elever til og med videregående skole.
• Diktlærer Helge Torvund kommenterer løpende utvalgte dikt i Diktkammeret, mens Kristian Rishøi har samme rolle i Skolekammeret. 
• Hver måned kårer juryen de beste diktene. Alle disse trykkes i Dagbladets papirutgave. Én av finalistene fra hvert forum blir dessuten kåret til månedens poet.
• Dikt- og Skolekammeret har eksistert siden henholdsvis 2001 og 2003, og mange av poetene har etter hvert kommet ut i bokform. Dagbladet har også laget to bøker i tilknytning til foraene:
Diktkammeret. Å skriva poesi av Helge Torvund på Det Norske Samlaget (2001), som inneholder leksjoner i diktskriving med eksempler. Du kan lese de tolv første leksjonene til Helge Torvund her.
* Ungdomsantologien Faen ta tyngdekrafta på Gyldendal Norsk Forlag (2008).
• I tillegg tilbyr Dagbladet Dikt.no, et skriveverksted der det i tillegg til dikt er mulig å sende inn og diskutere sjangere som noveller, sangtekster og sakprosa.

• Les alle Helge Torvunds leksjoner — en gavepakke til skrivende