BOKLANSERING: Sylvi Listhaug under lanseringa av boka «Der andre tier». Foto: Dagbladet
BOKLANSERING: Sylvi Listhaug under lanseringa av boka «Der andre tier». Foto: DagbladetVis mer

Angrer slett ingen ting

Det ble helt stille. Illevarslende stille.

Meninger

Ho hadde blitt pressa frå skanse til skanse, snubla frå justisministerposten og deisa rett ned på ein simpel stortingstaburett att. Alt takka vere det kanskje mest omtalte fjesbokinnlegget her til lands nokon gong; ein påstand om at AP prioriterer terroristar framfor tryggleiken i Noreg. I tillegg eit bilde av maskerte IS-soldatar så vi verkeleg skulle få sjå korleis dei ser ut desse prioriterte.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Så stille at ein lurte på om ho hadde trekt seg tilbake frå rampeljoset for å slikke sviande sår? Nei, langt i frå. Ho skreiv bok. «Der andre tier». Bok med fint bilde av henne sjølv og bestemorkorset på omslaget. Då boka kom, sette eg meg på tastefingrane. «Ikkje gje henne merksemd, ikkje gje henne merksemd,» sa eg strengt til meg sjølv. Men dag etter dag svirra boka uavlateleg som ein møll rundt lyset. Til slutt måtte eg bare klaske til.

I boka angrar Listhaug slett ingen ting. Forresten; ho tar ein Solberg og seier ho kunne ha brukt andre ord då ho skulda Knut Arild Hareide (som definitivt ikkje vil i regjering med partiet hennar), for å sleike imamar oppetter ryggen. Men når det gjeld det famøse fjesbok-innlegget som heldt på å felle regjeringa og felte henne sjølv, bruker ho åtak som sitt beste forsvar. I hennar verd er det Arbeidarpartiet som er syndaren. Ho kan mellom anna fortelje at Jonas Gahr Støre fekk henne til å gråte! Sylvi-when-sorry-seems-to-be-the-hardest-word-Listhaug sa riktignok unnskyld. Frå Stortinget sin talarstol til og med. Som om ho angra seg. Men med lygekryss, tydelegvis. Ikkje rart ho kalla Stortinget ein barnehage.

Ho er ein skadeskoten og sint politikar, og ho er på jakt etter hemn. Fyrst og fremst over Arbeidarpartiet og Jonas Gahr Støre, den største skurken i stykket. Ho unnlet å nemne at stort sett heile det politiske miljøet var sterkt kritisk til terrorutspelet. Framtredande høgrepolitikarar og ein samla opposisjonen var raskt ute og tok klar avstand frå det. Til og med Erna Solberg måtte, om enn motstrebande, innrømme at ho langt frå ville ha brukt Listhaug sine ord.

Lenge før boka kom, hadde det blitt lekka at Listhaug skulle ta ei sviande oppgjerd med eliten. Endeleg. Det er på tide at nokon definerer for oss kven dei er, denne ulne massen ytre høgre har blitt så glade i å snakke om.

Det er «meiningseliten» Listhaug er mest opptatt av. Og det er ikkje kven som helst som har hamna i den sekken. Høyr bare: avisredaktørar, politikarar (som ho er sjølv), pr-folk (ho har jobba som kommunikasjonsrådgjevar i First House), skodespelarar (ingen speler offerrolla betre enn ho), forfattarar («Der andre tier») og feministar (det er ho ikkje). Eller for å seie det på ein annan måte; alle dei som er ueinige med og kritiserer henne. Ho ser i alle fall splinten i andre sine auge. Det skal ho ha.

Listhaug «bærer sitt kors som hun vil» og går i korstog mot kyrka som, i fylgje henne, har blitt ein oppbevaringsplass for gamle travarar frå bistandsbransjen og venstresida. Ikkje ein gong eg, utmeld og kritisk til mykje av det kyrkja står for, har hatt fantasi til å komme opp med ein slik hakesleppkarakteristikk. Kyrkja er visst for politisk og bryr seg både med flyktningepolitikk og miljøvern. Det er nok han der godheitstyrannen, Jesus, si skuld. Alt snakket hans om at du skal elske din neste som deg sjølv og at om du gjev, så skal du få, har ført kyrkja på ville vegar. Ikkje rart ho føler seg heime hos Visjon Norge, Jan Hanvold og hans evige (no haltande) dans rundt gullkalven.

Listhaug, det blonde nordiske håpet, som ho har blitt omtalt som i høgreekstreme fjesbokgrupper, har tilhengjarar så dedikerte at Trump kan misunne henne. Dei tar ein «bibelsk Maria» og gøymer alle hennar ord i hjartet sitt. Ukritisk. Ho er for dei fullstendig utan feil og lyte. Faneberar for norske og kristne verdiar i ein evig kamp mot innvandring, globalisering og ukristelege kristne.

Dessutan har ho òg ein unik evne til å sjå seg sjølv som heilt utan feil og lyte. I boka er det hennar tårer som er viktige. Ho var «oppløyst i tårer». Det skal vi ha forståing for. Ho blei utsett for eit frykteleg, nesten umenneskeleg press før ho måtte ut av regjeringa. Men det kunne aldri falle henne inn å reflektere over at hennar eiga framferd kunne ha forårsaka presset. Slett ikkje. Alt er dei du veit sin feil.

Ho vil aldri klare å ta innover seg at det famøse utspelet hennar kunne opplevast som ein svertekampanje frå hennar side. Tårene som fjesbokinnlegget forårsaka hos traumatiserte terroroverlevande frå Utøya og pårørande som mista sine kjære i massakren der, spelar andrefiolin i hennar drama. At AP og AUF opplevde ei ny bølgje av hat i kjølvatnet av dette, burde ha vore ein vekkjar av dimensjonar. Men, nei. Slett ikkje. Blir det nemnt, parerer ho med at AP slår ho i hardtkorn med terroristen.

I boka seier Listhaug at ho har ein ryggmargsrefleks som veldig hurtig seier henne kva som er riktig å gjere og korleis ho skal løyse ei sak. Nokon bør kviskre henne i øyret at ho i framtida kanskje ikkje skal stole for mykje på denne ryggmargrefleksen.