Angsten for religion

Religiøse organisasjoner spiller en viktig rolle i fred og forsoningsarbeid fordi de kjenner religionens verdi og tyngde i mange konflikter

DEI SISTE DAGANE

har media sett fokus på relasjonen mellom politikk, religion og bistand. Dette er eit viktig spørsmål. Saka blei reist av Magasin X i januar, i ein svært kritisk artikkel om frivillige kristne organisasjonars rolle i norsk bistand. Det blei fulgt opp av Dagens Næringsliv lørdag 7. februar. Mandag forrige veke hadde Dagbladet ein kronikk av Terje Tvedt, og eit breidt oppslag knytta til ein dokumentar som TV2 sende same kvelden. Etter det har saka versert i fleire medier.

Som leiar i ein kristen organisasjon som er blant mottakarar av offentlege midlar til bistands- og utviklingsarbeid, er eg godt nøgd med at det arbeidet vi er med på, blir drøfta offentleg. Vi trur vi utfører eit arbeid som tåler dagens lys, og som den norske offentligheten svært gjerne kan bli betre kjent med.

Og ser ein bort frå mykje støy, stiller Terje Tvedt sin kronikk viktige spørsmal som vi gjerne vil vera med på å diskutera.

DET EINE

dreier seg om den politiske vinklinga: Har det norske samfunnet eigeninteresse av å bruka frivillege organisasjonar, m. a. kristne organisasjonar, som aktørar i sine relasjonar til andre land - deriblant bistandsarbeid? Dette er eit viktig samfunnspolitisk spørsmål, og det er det dei politiske styresmaktene som må svara på. Vi trur både samfunnet og det internasjonale samfunnet tener på det.

Ønsker det norske samfunnet i sin bistands- og utviklingspolitikk å føra vidare det som er blitt kalla «den norske modellen», der ein opererer langs tre aksar: Statleg bistand, handel, og den tredje sektoren - det sivile samfunnet - gjennom organisert samarbeid med frivillege organisasjonar. Desse utfører sitt arbeid på basis av eige verdigrunnlag, men samtidig i tråd med overordna bistandspolitiske retningslinjer. Vi trur at våre typar organisasjonar kan spela ei vesentleg rolle. Dei representerer eit demokratisk overskot som er av stor verdi også når det gjeld bistandspolitisk profil.

Det tredje spørsmålet som må stillast er kva som er eigna verdibasert bistand. Her er det rom for debatt og usemje. Men ein slik debatt krev eit meir edrueleg tilhøve til faktiske forhold enn det som kom i Dagbladet - og i det etterfølgande programmet på TV2 mandag 1. mars. Men ganske kort vil vi likevel hevda at mykje av det misjonsorganisasjonar står for faktisk gir oss ein meirverdi i forhold til bistand gjennom statsapparatet - og at de to sidene utfyller kvarandre. Engasjement og folkeleg forankring på begge sider er ein slik meirverdi.

Noen avklaringar.

GJENNOM OPPSLAGA

kunne ein få inntrykk av at det utelukkande er kristne organisasjonar som representerer frivillige organisasjonar og som står for verdibasert bistand. Det er feil. Her er heile breidden av organisasjonar med:

Norsk folkehjelp med utgangspunkt i arbeidarrørsla, Røde Kors, Redd Barna med sin humanitære basis, Humanetisk Forbund med sin erklærte sekulære basis, organisasjonar for funksjonshemma, idrettsorganisasjonar, Kirkens Nødhjelp og religiøst baserte (misjons)organisasjonar. Til saman mottar desse ein stor del av norske bistandsmidlar - fordi dei utfører ein vesentleg del av norsk bistand.

Av denne store gruppa er Bistandsnemnda med sine 16 medlemsorganisasjonar eitt av fleire nettverk med rammeavtale med NORAD. BN får kvart i år ca 140 millionar, som er rundt 1 prosent av bistandsbudsjettet. Dette er ikkje ein urimeleg stor del av totalen. Desse organisasjonane samlar samtidig inn ca 800 millionar kroner til eige arbeid kvart år. Når det blir framstilt som om NORAD gjennom sine løyvingar løyser den finansielle krisa desse organisasjonane står i, stemmer det dårleg. Fakta er at NORAD set oss i stand til å utfora eit breiare bistandsarbeid.

Når Dagbladet og TV2 påstår at «aldri før har det vært så mange misjonærer ute på misjonsfelten», og at det skuldast statlege overføringar, er det like misvisande. På grunn av omlegging av arbeidsmåtar, som t.d. i Det Norske Misjonsselskap, har talet på norske misjonar gått nedover med fleire hundre dei siste tiåra og er i dag på noe over 700. Her har det gått litt fort i tellinga for noen og ein kvar!

VIDARE MÅ SAMTALEN

dreia seg om kva rolle religion kan ha og faktisk har i verda i dag. Dagbladets oppslag og Terje Tvedt sin artikkel den 1. mars vitnar om den liberale fundamentalismens fobi for religion og for menneske med religiøs overtyding. Her synest logikken vera at det ikkje er nok med lojalitet mot NORAD sine retningslinjer, eller at bistand faktisk oppnår det som var formålet. Det overordna blir spørsmålet om personar eller organisasjonar som utfører bistand med offentleg støtte, også må vedkjenna seg til det norske liberale livssyn, inkludert synspunkt på religion, moral og tru. Avvik i meining om skilsmisse eller homofili blir med andre ord ikkje tolerert.

Vår meining er at kristne organisasjonar skal vurderast ut frå om vi gjer det vi har fått pengar til å gjera - etter målbare kriterier. Ikkje etter om den liberale ortodoksien likar dei synspunkta enkeltorganisasjonar eller enkeltpersonar har.

Men når Tvedt tar opp spørsmålet om religionen si auka rolle som konfliktfaktor (Huntington), er det ein viktig samtale. Men nettopp fordi religion er så viktig, har den også eit stort potensiale som freds- og forsoningsagent. Dette er ofte eit undervurdert perspektiv på både politikk og utvikling.

Dette er eit område vi som kristne organisasjonar kjenner. Og vi kan openbart bli mykje betre i å utvikla og ta i bruk dette potensialet. Men nettopp som religiøse organisasjonar som kjenner religionens verdi, djupne og tyngde, er vi i stand til a spela ei viktig rolle som ein sentral aktør i slikt arbeid.

DET BLIR FOR ENKELT

å avvisa rørsler med kristen basis fordi det religiøse konfliktnivået mange stader aukar. Det er også påfallande at den staden der Noregs innsats som fredsmeklar er kritisert for å ha ein «misjonerande» tilnærming, på Sri Lanka, har ikkje kristne organisasjonar vore særleg aktive. Medan i Sudan, der konflikten i det minste også har kulturelle og religiøse overtonar, har grupper med klar kristen forankring vore aktive heile tida.

Løysinga er ikkje å lukka augene for religion som faktisk fenomen, og heller ikkje å stenga dørene for bistand gjennom organisasjonar som opptrer lojalt i forhold til forutsetningane, og som har eit religiøst engasjement som basis for det dei gjer.