Annleisdikt

Gode dikt om gleder som kjem ubedne og om idiotar som forventar din latter.

BOK: Har du gode auge, eller gode briller, kunne du lesa følgjande med ørsmå bokstavar utanpå den førre diktsamlinga til Einar Økland: «ja, tvers gjennom alt som herjar, uroar, plagar og forstyrrar, har eg merka små korte blaff av ei sterk og gjennomstrålande glede. Denne gleda melder seg utan at eg har søkt den.»

Desse gledene møter me alt i tittelen på årets bok. På det vakkert forma omslaget finn me ein tekst forma som ein vimpel bølgjande i vinden, eller ei bølgje i dammen teksten handlar om. Dikta inne i boka handlar om latter og død, om salt og tid. Om Elvis og Gud som ikkje vil gje frå seg litt humoristisk sans til ein som treng det. Det er kosteleg når Gud og alle humoristane syng «Are You Lonesome Tonight?» til den stakkaren som er utan humoristisk sans!

Økland held stilen ved å endra stilen heile tida. Han let seg ikkje fanga, men kan nok krumspring til å overraska, om enn ikkje alltid skapa like spennande lesing. «Me må vera totalt engasjerte, men samtidig merksame på at me kan ta feil,» skreiv Rollo May i «Viljen til å skapa». Og det finst noko i denne paradoksale tilnærminga som fangar inn sider ved denne boka av Økland. Dette er ofte to utgangar i tekstane, og det kjem sjeldan ein påstand utan at lesaren sit att med spørsmålet: «Kva las eg nå?»

Likevel kan refleksjonane nokre stadar verta for opplagte, eller tekstane for kryptiske. Men Økland erter oss på seg, ristar oss av seg og teier oss i hel der me venta noko meir. Så må ein smile, og så må ein le, og så vert ein sitjande og tenkja likevel.

Wallace Stevens sa at ein bør skriva dikt slik eit barn ser på snø, og Økland har dette å seia: «når eg har kikka ut på den første nysnøen har eg kjent eit smil i ansiktet som eg vil kalle ein latter - like still som snøen kanskje, men likevel ein latter.»

Og poeten viser i dikt om hatten og om saltet at han kan skriva vakkert og reflektert. Og noko av saltet legg seg på tunga og noko i såret. Og hatten passar. Slik vert me merka av dikta og av dei øklandske slåande poetiske paradoksa:

«Om eg hadde større kraft / gjekk eg endå stillare

forbi»