I fjor sommar fekk eg utfalde meg i all min anatomiske herlegdom på midtsidene i VG. Eg ønskte å vise at det var mogleg å vere vellukka sjølv om ein ser ut som ein anorektisk versjon av Ringaren i Notre Dame. Om lesarane følte avsky over dei utleverande bileta av meg, var det òg heilt greitt. Eg vil ikkje - og kan ikkje - leve i eit samfunn som verdset det konforme.
Heilt frå eg var liten, har eg blitt lært opp til å dyrke den mentale eigenarten min. Kroppen var aldri noko tema, den hadde berre ein praktisk funksjon, som han diverre utførte under pari. Det var hjernen eg skulle stole på, og som skulle ta meg dit eg er i dag.
Så kledde eg meg naken framfor kamera.
Kroppen fekk no ein ny verdi for meg. Fram frå undermedvitet kom innsikta om at kroppen har bidrege til å forme eigenarten min i større grad enn eg var villig til å innsjå. For, dei fleste utfordringane eg har møtt i livet, har kome som ei følgje av nettopp kroppen: Korleis skulle eg delta og overleve på en midtvinterstur med klassa? Korleis skulle eg klare å jobbe som lærar med den spede stemma mi og dei ubrukelege hendene mine?
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger