DELE ELLER IKKJE DELE: Ein bør tenke minst like mykje på tekst som bilete når ein eksponerer barn på nettet. Foto: NTB Scanpix
DELE ELLER IKKJE DELE: Ein bør tenke minst like mykje på tekst som bilete når ein eksponerer barn på nettet. Foto: NTB ScanpixVis mer

Ansiktet til barnet ditt er kanskje det minst interessante på nettet

Skulestart i feeden. 

KOMMENTAR: Å bli vaksen kan vere som å vakne etter ei langvarig fyllekulle og ha tidenes blackout. Herregud, kva dreiv eg med. Sølte eg mat utover heile meg, og kva i alle dagar, bæsja eg i hagen?

MIN FEED: Kvar torsdag skriv Anne Gunn Halvorsen i Dagbladet om livet på internett.
MIN FEED: Kvar torsdag skriv Anne Gunn Halvorsen i Dagbladet om livet på internett. Vis mer

Det beste du kan håpe på er at ingen såg deg. Det er sjeldan tilfelle, og sidan det er barndommen eg her samanliknar med ei fyllekule må ein vel nesten håpe at nokon var der. Og at dei var snille, tilgivande.

Sjølv har eg nokre eldre slektningar som alltid seier «å, Anne Gunn du var så irriterande som barn». Eg vert så flau av dette, mest fordi eg ikkje kan ta til motmæle. Dei var der, eg hugsar jo ingenting. Kjensla av frustrasjon er stor, alt eg kan gjere er å nikke resignert og takke gud for at eg ikkje har fleire slike dommerar som kjem inn frå sida for å fortelje meg om korleis eg eigentleg var. Informasjon er makt, og eg vil ha mest mogleg sjølv.

I det siste har eg tenkt ein del på dette. Mest fordi eg sjølv har barn, og no forstår at slektningane mine ikkje er vonde. Barn kan reelt sett kan oppfattast som særs irriterande. Eg har og tenkt på dette fordi feeden min har vore full av skulestarterar, og eg tenker, herregud så mykje eg veit om desse barna.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Først og fremst får det meg til å kjenne meg privilegert, så mange barn eg aldri kunne følgt med på om det ikkje var for internett. Samstundes, dei har potensielt 500 menneske som kan kommentere skulestarten deira. Som kan møte dei på butikken med blikket som seier «jaha du, eg veit korleis du var!».

Korleis best vise fram barn på nettet? Dette er ei gammal problemstiling, og det fins nokre retningslinjer. Ikkje vis dei nakne, ikkje med gris rundt munnen og ta fine og få bilete. Dei mest restriktive held tilbake andleta til barna sine, som min svenske favorittbloggar Isabella Løwengrip som konsekvent skjular andletet til barna sine. Eg har fulgt etter henne, og skjular mine eigne borns andlete. Og tenker då er eg iallfall på den sikre sida. Men når eg tenker på ubehaget eg kjenner i møte med mine nådelause slektningar demrar det for meg. Kanskje er fjeset det minst viktige når det gjeld å eksponere barn.

For ta desse borna til bloggaren Løwengrip. Gillis og Sally. Eg veit ikkje korleis dei ser ut, men eg veit veldig mykje anna. Kanskje vil eg ikkje kjenne att son hennar når eg møter han på Stureplan om 15 år, men når han presenterer seg vil eg kunne fortelje alt om pottetreninga hans, sjenansen han sleit med og at han var redd for Spiderman. Slik kan eg vere når eg blir gammal, sitje i skohornet mitt og rope etter alle internettbarna eg aldri har møtt. Å du Nelia, du skulle aldri ha klippa deg kort! Du hadde så fine krøller då du var liten! Michelle, du burde aldri slutta med dansinga di, du var så flink! Er du russ Frøya, ja, du ville ikkje sove om nettene då du var liten heller! Det må vere forferdeleg irriterande.

Informasjon er makt og informasjon får du minst like mykje av tekst som frå bilete. Eg gler meg til å høyre korleis Facebook- og bloggbarna sjølv vil tenke om eksponeringa me utset dei for. Det kan nok slå alle veger. For nokon må det vere ein draum å starte vaksenlivet, eller tween-livet med ei portefolie full av flotte bilete. For andre kan det vere eit mareritt. Det kjem nok heilt an på kva slags menneske dei er. Det er det vel strengt tatt ingen som veit endå.