DÅRLEG SAMHANDLING: – Snart seks år etter 22. juli 2011 vil nok fleire hevde at fleire deler av Noregs sivile beredskap og anbefalingar frå Gjørv-kommisjonen framleis ikkje er implementert, skriv Utøya-overlevande Erik Kursetgjerde. Foto: Lena Høyberg
DÅRLEG SAMHANDLING: – Snart seks år etter 22. juli 2011 vil nok fleire hevde at fleire deler av Noregs sivile beredskap og anbefalingar frå Gjørv-kommisjonen framleis ikkje er implementert, skriv Utøya-overlevande Erik Kursetgjerde. Foto: Lena HøybergVis mer

Debatt: Beredskap

«Ansvar er ikkje berre å seie at ein tek ansvar»

Ein vekker som vi hadde  22. juli burde vore nok til at situasjonen kring beredskap var vesentleg styrka.  

Meninger

Den britiske professoren Roger Griffin spurte meg ein gong om det faktisk var tilfellet at det norske samfunnet har lært noko av 22. juli? Eg brukte lang tid på å tenke meg om. Svaret eg kom til var nei. Beredskapen er ikkje særleg mykje betre, nestekjærleiken vi så stolt snakka om til internasjonale mediar var ikkje vedvarande og tankegodset til gjerningsmannen er i full blomst. Ikkje berre i Europa, men også i Noreg.

30. september i fjor var krigshelten frå Sunnmøre, Joachim Rønneberg (97), på NRK Kveldsnytt. Han var til stades i Ålesund for å få med seg vardebrenninga som var ein protest mot regjeringas forsvarsplan. Krigshelten frå tungtvannsaksjonen slo fast at han var bekymra og påpeikte at dette var eit spørsmål om vår eiga sikkerheit.

Å vere bekymra er han ikkje åleine om.

Tidlegare justisminister frå Framstegspartiet og komitéleiar i kontrollkomiteen i førre periode, Anders Anundsen, var offensiv både som komitéleiar og som justisminister. På spørsmålet om vi hadde vore betre rusta i morgon enn ein var 22. juli 2011, svarte Anundsen følgjande i Aftenposten 19.juli 2016:

«Ja, vi ville vært vesentlig bedre rustet. Alt ligger til rette for at det skulle vært håndtert på en mye betre måte. Men det er viktig å huske at ethvert angrep vil ha ulike elementer som det er vanskelig å forberede seg på og som vil presse ressursene våre til det ytterste.»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sist tysdag kunne fleire medier avsløre at i ein hemmelegstempla rapport kom Riksrevisjonen med sterk kritikk av regjeringas oppfølging av 22. juli. Då delar av rapporten skulle avgraderast, forsøkte Forsvarsdepartementet å endre konklusjonane. I eit opent dokument til Stortinget blir det mangelfulle samarbeidet beskrive som «svært alvorleg» frå Riksrevisjonen.

I same artikkelen i Aftenposten blei det dratt fram ein ny samarbeidsavtale mellom politi og forsvar som ein del av ei liste over vellukka satsing av den dåverande justisministaren. Det som er påfallande er at eit mangelfullt samarbeid og koordinering mellom blant anna politiet og Forsvaret blei påpeikt i Gjørv-kommisjonen, som offentleggjorde sin rapport heilt tilbake i 13. august 2012. Dette samarbeidet blir no igjen trekt fram, denne gongen frå Riksrevisjonen – med svært krass kritikk av regjeringa for å ikkje følgje opp Stortingets instruks om betre sikring og samarbeid mellom politiet og Forsvaret. «Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet har ikke sørget for å styrke og betre samarbeidet mellom politiet og Forsvaret, noe Riksrevisjonen finner svært alvorlig».

Både forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) og tidlegare justisminister Anundsen (Frp) får sterk kritikk frå Riksrevisjonen: «Riksrevisjonen merker seg at statsråden ikke gir fullgod forklaring om årsakene til at arbeidet med objektsikring og grunnsikring ikke er gitt nødvendig prioritet».

Ein vekker som vi hadde 22. juli burde vore nok til at situasjonen kring beredskap var vesentleg styrka.

Det er den altså ikkje.

I 1,5 time fekk terroristen skyte fritt på meg og mine vener.

69 av dei kom aldri heim frå sumarleir.

Da Kripos slo første riksalarm 22. juli, var det ingen av landets 27 politidistrikt som fanga opp denne. Kva om det hadde vore fleire terroristar?

Ein politibil skal også ha køyrt bak terroristen då han var på veg til Utøya. Fleire andre politibilar skal også ha køyrt forbi han. Dette til tross for at politiet hadde fått nummeret på bilen Breivik køyrde.

Sett i etterpåklokskapens lys er det ingen som forventar at terroråtaket i sin heilskap skulle blitt stoppa. Ingen kunne sett føre seg eit 22. juli-scenario i ein slik skala. Det er openbart ikkje den vanlege politimann eller -kvinne som har skuld for denne svikta, men samhandlinga på toppen i fleire etatar må seiast å ha vore særs dårleg.

Snart seks år etter 22. juli 2011 vil nok fleire hevde at fleire deler av Noregs sivile beredskap og anbefalingar frå Gjørv-kommisjonen framleis ikkje er implementert. I eit Europa med aukande uro vel regjeringa å møte dette med naivitet.

«Meir openheit. Meir demokrati. Meir humanitet. Men aldri naivitet», sa tidlegare statsminister Jens Stoltenberg då han skulle ordlegge seg om Noregs svar på terroråtaka. Dette kunne vore starten på ein lærdom vi som nasjon skulle ta utgangspunkt i. Det viste seg at det vart det motsette. Mens det er høyring om Forsvarets langtidsplan i utanriks- og forsvarskomiteen, sitt Venstre-leiar Trine Skei Grande og spelar Pokémon GO. Tidlegare justisminister Anders Anundsen (Frp) lager skrytevideo om seg sjølv og norsk beredskap. Og lista er lang.

Likevel skal eg vere einig i at alt ikkje er heilsvart. Nødetatane har hatt eit sterkt fokus på PLIVO (pågåande livstrugande vald), i tillegg til at alle operative polititenestemenn har trent på dette – og sannsynlegvis vil reagere på ein betre måte når første patrulje kjem til eit angrepssted.

Ein av dei dyktigaste justisministrane vi har hatt tok ansvar for denne svikta. Ingen hadde forventa at Noreg skulle vore førebudd på eit 22. juli-scenario, men vi kan alle vere einige i at beredskapen svikta. Arbeidarpartiet var opne på at dei i regjering ikkje hadde gjort nok for beredskapen. Openheit var eit stikkord i arbeidet vidare med lærdommar og kva som fungerte eller ikkje fungerte 22. juli. Utgreiingar var beden om å vere opne – og 22. juli-kommisjonen var også eit eksempel på dette.

Kjære Erna. I 2012 sa du at «ansvar er ikke bare å si at man tar ansvar. Ansvar er tatt når gode løsninger er iverksatt». Eg fekk kjenne på kroppen at desse ikkje var iverksatt – no viser det seg at du heller ikkje har gjort nok.

Spørsmålet er ikkje om Norge vil oppleve eit nytt terroråtak, men når. Samfunnsberedskapen må styrkast.

Å skyve denne problematikken framfor seg er livsfarleg.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook