Anti-heltens glansdagar

Det er framleis mykje god tekst i ein håplaus og motvillig superhelt.

Superheltsjangeren, den største teikneseriesjangeren, er no 70 år gamal. Store, små og massive forlag har produsert eit veritabelt virvar av menn, kvinner og mutantar i tettsittande drakter, helst i absurd sterke fargar. Dei har redda verda igjen og igjen, og i det store og heile har det gått for seg i både Metropolis og Gotham City, i DC Comics, Marvel og dei mange crossoverutgjevingane.

Har åra gjort superheltane klokare?

Motvillige heltar

Serien Swamp Thing dukka først opp på byrjinga av 1970-talet, og var i ferd med å verte lagt på is grunna dårlege salstal.

Serien hadde som mange før den, og mange etter, mista det som i byrjinga gjorde den interessant. Premisset bak det første heftet, korleis Swamp Thing mister både kjærleik og humanitet på grunn av ein sjalu venn sitt bedrag, drukna i overdrivne og kalkulerte gimmickar.

Redninga vart briten Alan Moore som snart skulle verte ein av dei mest kjende teikneserieforfattarane, eit symbol for intelligente teikneseriar på begge sider av skiljet mellom masse- og elitekultur.

Ein kan seie at med 1980-talet byrja tida brått å gå i desse seriane. Rett nok sørgja forlaga for å forsvare sine verdiar for framtida: Mange av dei mest vellykka superheltrevisjonane nyttar figurar skapte for høvet, andre legg handlinga langt fram i tid, medan ein del forfattarar fekk frie tyglar til å skrive opp att figurar forlaget såg som ulønsame.

I tilfellet Swamp Thing er resultatet av omskrivinga ein figur som ikkje vil vere ein superhelt. Han ønskjer ikkje å vere nokon slags helt, og kjem på eit vis fram til at det riktige er å ikkje gjere noko.

TREKKER SEG TILBAKE: Swamp Thing er ein figur som ikkje vil vere ein superhelt. Han ønskjer ikkje å vere nokon slags helt, og kjem på eit vis fram til at det riktige er å ikkje gjere noko. Vis mer

Reversert helt

Gjennom dei åra Moore stod bak Swamp Thing lærer vesenet at han, om han skulle ønske det, kunne reversert all den skaden menneska har påført jorda. Men den grøne heltekandidaten er på dette tidspunktet så lite menneske og så mykje natur at eit menneskeliv ikkje lenger er eit perspektiv han greier å holde seg til. For han vert det einaste logiske valet å trekkje seg attende.

Det som er igjen av mannen han var, vil heller gjere ein del av ein sump i Louisiana til eit kjærleikspalass for seg og kvinna Abby, enn å prøve å redde verda. Slik han ser det vil menneska ikkje lære noko av at han ryddar opp i miljø og avskoging, men i staden berre auke utbyttinga av jorda sine ressursar.

Slik vert Swamp Thing opna for heilt andre moglegheiter, og den vert eit strålande eksempel på det som hender med mainstreamserien i denne perioden.

Repetitive nevrotikarar

Mykje av den vendinga som føregjekk på midten av 1980-talet, då mainstreamteikneserien visstnok skal ha vorte «vaksen», var eit resultat av at forfattarane tok eit steg tilbake og stilte seg spørsmål som: Kva hender med sinnet til ein som plutseleg får overmenneskelege krefter? Kva er det som får ein vellykka playboy til å kle seg opp som ei flygande rotte? Og ville dei vorte oppfatta som heltar?

Slike spørsmål er av den sorten ein helst prøvar å undertrykke når ein står ovanfor litteratur med fantastiske element. Om ein spør seg sjølv kvifor ingen kjenner igjen Superman når han tek på seg briller, eller kvifor figurane på død og liv skal fortelje høgt alt dei gjer, vert det fort vanskeleg å lese den erketypiske superheltserien. Men etter førti år var det på tide å stille desse spørsmåla, og med dét gjere superheltane meir vanskelege.

Crap, not again!

Det har vore hevda at Superman og dei påfølgjande superheltane sin fyrste suksess var knytt til den store depresjonen i USA på 1930-talet, og at folk trengde å lese om sterke personar som kunne ordne opp.

Ei slik tolking av sjangeren støyter på eit problem om ein ser litt utover kvart enkelt hefte. Om superheltane som gruppe skal ha eitt samlande trekk, ein felles moral, vil det vere at dei konsekvent ikkje greier å ordne opp.

Om ein skal finne ein felles grunn for det som hender med superheltane på midten av 1980-talet, må det vere at forfattarane tok konsekvensen av dette. Først med dette tiåret innser Batman kor nyttelaust det er å putte The Joker i ei polstra celle i den lukka institusjonen Arkham, når dei innsette i praksis kan rusle ut kvar gong dei får ein ny og spektakulært vondskapsfull plan. Denne innsikta tek frå han moglegheita til å bekymringslaust fortsetje maskeraden, og fleire av hans supre kollegaer går gjennom same oppvakning.

The end?

Warren Ellis, mannen bak Transmetropolitan, vart på Oslo Comics Expo i mai spurt om han trur det kjem til å verte laga nye superheltseriar om 5 til 10 år. Han sa nei. Sjangeren har visst lita gjennomslagskraft hos dei yngste, dei føretrekk manga og striper på nettet.

Kan hende har han rett i det. Men det er ikkje så nøye. Om ikkje heltane har kapper, spandex og undertøyet utanpå draktene, trur eg det er trygt å rekne med at grunnforma til sjangeren ikkje kjem til å forsvinne, korkje frå litteratur, film eller teikneseriar. Og framleis finst det folk som greier å halde godt over 50 år gamle heltar spennande, så det er ikkje sikkert det er slutt heilt endå.

Swamp Thing si tilbaketrekking var nok såpass vellykka at han alltid vil stå i skuggen av andre figurar, og særleg dei som i møtet med det fåfengte i misjonen sin endte opp som kyniske fundamentalistar. Men om serien i stor grad ser ut til å vere gløymt, er den stadig verdt å lese, og den har halde seg overraskande godt. Kanskje litt for godt, sidan mykje av problematikken den tek opp er sentrert rundt miljøspørsmål, kjønn og ikkje minst kva som utgjer eit godt liv.

Det er uansett ein ting det kan vere greitt å hugse på, om ein ser emo-Spidey på film eller om ein les om impotente, skalla og motvillige menn i tettsittande sparkebukse: Det er fåfengt å vente på den Store, Sterke Mannen som skal kome og ordne opp i rotet ditt. Det er du nøydd å gjere sjølv.

Kyrre Matias Goksøyr (f. 1982) er masterstudent i Allmenn litteraturvitskap, UiO.

Innlegget har vært trykket i siste utgave av Argument.

Argument er et magasin av og for studenter ved Studentsamskipnaden i Oslo med artikler innenfor samfunns-, kultur- og vitenskapsområder.

FORFATTER: Tegneserielegenden Alan Moore.