Antikatolisismen

No skriv også Dagbladet om den katolske kyrkja. Ikkje bere spydige leiarartiklar og nedlatande kommentarar, men side opp og side ned i Magasinet og i hovudavisa. Den store reportasjen om elitekonvertittane nyleg er fascinerande lesnad, og det som eigentleg fascinerer, er at det kan lesast i Dagbladet. Etter reportasjen fylgjer usvikelege Gelius opp med eit lesarinnleg i kjempeformat.

Sjølvsagt har konverittreportasjen – ein serie mini-intervju med kjendiskonvertittar frå Oslo-regionen – Dagbladets vanlege antikristne og antikatolske sebrastriper. Det er likevel ein annan vri å spore. Fleire av intervjuobjekta slepp til med oppriktige ytringar, sjølv om nokre av dei sikkert er blitt vinkla litt i hytt og pine. I faktaboksane får ein fram ein god del grei informasjon; som rett nok ikkje røpar ein veldig sofistikert kjennskap til materien. Men alle monner drar.

Mi fyrste innvending er at utvalet av konvertittar er svært einsidig. Det er temmeleg Oslo-sentret. I dag blir folk også katolikkar på rare plassar som Sunnmøre og i bygde- og distrikts-Noreg elles. Biletet av den typiske konvertitten som lett liberal høgremann, matmons og vinkjennar med kulturelle preferansar for Italia og Frankrike, har endra seg raskt. Det finst også stadig fleire konvertittare som ikkje har hatt trong for å distansere seg så veldig frå mørke pietistar og trasige pinsevener. Tvert om er det mange som i dag oppdagar at tradisjonell, folkeleg norsk kristendom slik du finn han i vekkingsrørslene, har mange felles trekk med den katolske trua. Nye alliansar oppstår; i dag får dei katoske prestestudentane ei del av si teologiske utdanning på Menighetsfakultetet og ein av dei mest prominente leiarane i den katolske kyrkja i dag, kardinal Walter Kasper, er ein av føredragshaldarane ved hundreårsjubileet for Menighetsfakultetet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette uroar nok nokre av elitekonvertittane og gjev Dagbladet høve til å grøsse endå meir frydefult over katolisismen. I alle høve skiplar det biletet av ein reint sentrumsbasert og urban konvertittprofil. Sjølv synst eg at nokre av dei som var intervjua, kunne synt større truskap mot kyrkja enn det dei gjorde med sine raske dissensar om kondomar, kvinnelege prestar og samkjønna ekteskap. Dei har faktisk heilt friviljug og med handa på Evangeliet lova å tru og vedkjenne det den katolske kyrkja «trur, lærer og forkynner».

Verre blir det når dei store rikssynsarane skal sleppe til med sine visdomsord. Over-synsar Hylland Eriksen går friskt ut med teoriar i rein Da Vincikode-stil: Den katolske presteskapet har ei «enorm makt» og elitekonvertittane utgjer sannsynlegvis eit obskurt nettverk. Etter messa møtes dei sikkert for å rådslå om katolsk maktovertakiing i Noreg og for å utplassere kvarandre i viktige posisjonar. I tillegg kan dei «ringe hverandre etter å ha vært med på vakre ritualer og knytte sterke bånd». På tide at Dagbladets undersøkjande journalistikk får slike skumle konspirasjonar opp i dagen. Dette skulle vi ha visst før.

Eit par dagar etter denne store avsløringa kjem Gelius på banen.

Den katolske kyrkja undertrykkjer menneske og er motstandar av demokrati og menneskerettar. Elegant går han forbi kyrkja si enorme sosiale og karitative innsats verda over, med undervising, sjukehusdrift og arbeid for fattige og underpriveligerte - utført av tusenvis av ordenssystre, ordensbrør og lekfolk utan løn og som eit livskall. Gelius har heller ikkje fått med at kritikken av den latinamerikanske frigjeringsteologien ikkje dreia seg om å vere mot menneskeleg og politisk frigjering, men om å verne den åndelege dimensjonen i kyrkja og teologien. Katolsk kristendom handlar om å tru på Gud, trass alt.

Utåleleg for Gelius er også den katolske prakten, med katedralar «av gull og marmor». Kanskje han tenkjer på Operahuset? Den katolske kyrkja – som andre historiske kyrkjesamfunn - sit på store institusjonar og ein omfattande estetisk arv frå epokar då kyrkja var dominerande i samfunnet og ivaretok svært mange, for ikkje å seie dei fleste, samfunnsoppgåvene. At dette i dag skulle representere økonomisk rikdom og overflod, er rein overtru. Det same må seiast når det gjeld den seigliva myten om kor velståande det katolske presteskapet er. Ei norsk statskyrkjeløn er nok langt å føretrekkje framfor ei katolsk. Heller ikkje ein katolsk biskop eller prelat tilhøyrer nokon lønsleiande overklasse. Kvar har Gelius sine informasjonar frå?

Som Hylland Eriksen køyrer Gelius også opp skrekkvisjonen av det katolske maktapparatet. Det burde vere klårt at ei kyrkje som trur at Kristus er kyrkja sin Herre, ikkje utan vidare kan vere basert berre på representativt demokrati og fleirtalsmeningar. Er det så oppsiktsvekkjande? Det kyrkjelege hierarkiet, som i grunn og botn ikkje er noko anna enn den verdsvide fellesskapen av katolske biskopar frå alle slags land og kulturar, har sterk lokal forankring som pastorar for det katolske folket. Dei sentrale og samordnande organa for dette, knytt til pavestolen og biskopen av Roma si teneste, er ein nokså nøktern administrasjon (kurien) i høve til svært mange andre byråkrati i verda – særleg når ein tenkjer på at den katolske kyrkja omfattar over ein milliard medlemer. Alle desse ordningane utgjer eit ytre rammeverk som tener til å halde kyrkja saman i tru, lære og liv. Slik framstår den katolske kyrkja som ein internasjonal fellesskap, som motvekt til nasjonalisme og særinteresser.

Kyrkja er ikkje fyrst og fremst ein organsisajon, men eit folk – og i den store og mangfaldige realiteten som er den katolske kyrkja, finst det eit utal av gamle og nye rørsler, ordnar, kloster, kommunitetar og grupper som stort sett styrer seg sjølve. Den katolske kyrkja er meir eit myldrande kaos enn eit korps av soldatar.

På eitt viktig punkt treff Gelius med sin kritikk og indignasjon: Pedofiliskandalane i USA. Det er eit verkeleg skandalon; ei kjensgjerning som med god grunn går på trua laus. Personleg meiner eg at det obligatoriske sølibatet for vanlege kyrkjelydsprestar må kunne opphevast, på line med ordninga i dei ortodokse og orientalske kyrkjene. Det er ikkje ei trussak, og vil truleg gje ei breiare og meir allsidig rekruttering av menneskelege eigenskapar. Sølibatet bør plasserast der det høyrer heime: I ordens- og klosterlivet.

Likevel: Opptrappinga av antikatolske haldningar og ytringar får meg til å fryse på ryggen. Tydelegvis er aggresjonane sterke, ikkje minst i store deler av akademia og media, og vi skal passe oss når toleranseapostlane flekkjer tenner. Eg spør: Er det i ferd med å utvikle seg ein slags «McCarthyisme» mot katolikkar her til lands? Katolisisme er sterke saker, men skikkeleg antikatolisisme er heller ikkje til å spøke med.

Det er fyrst og fremst dei sekulære elitane som har stått for definisjonsmakta i den vestlege verda i nyare tid. Kanskje det er på tide å sjekke opp korleis det ligg an med nettverk, hierarki og privilegium der i garden? Skrekkslagne vaknar dei norske mainstream-elitane opp og anar at ikkje alle kjem til å dele den kulturradikale konsensusen. Det finst, og vil finnast folk, som har andre synspunkt på famile-etikk, på seksualitet, abort og offentleg religionsutøving. Ingen av desse, heller ikkje den katolske kyrkja, har planar om å tvinge sine meiningar inn på andre.

Spørsmålet er heller om katolikkar og likesinna i det heile kan rekne med å få lov å leve vidare i dette samfunnet. Spørsmålet er ikkje retorisk.