Aps linje i EU-saka

PARTILEIAR Jens Stoltenberg har dei siste dagane slege fast ein av realitetane i Aps utanrikspolitikk, nemleg at vi er for EU. Det var difor ikkje overraskande at Stoltenberg sa som rett er at stortingsgruppa lyt fylgje vedtaka fatta på landsmøtet, partiet sitt høgaste organ, også i EU-saka. Ymse EU-motstandarar har likevel reagert som om dette er oppsiktsvekkjande, andre er sjokkerte, og ønskjelege samarbeidspartnarar i SV og Sp ber folk stemme på dei og ikkje oss (som om det var ei bombe). Veljarane har krav på ærleg tale frå dei politiske aktørane. Ærleg tale er å ikkje så tvil om standpunkt i dei ulike sakene, inkludert EU. Difor vil veljarane tolke det positivt at vi er ærlege og seier det som rett er: At vi er for norsk medlemskap i EU, og at partiet sin vilje uttrykt i eit landsmøtevedtak naturlegvis vil skje på stortinget. Dersom dette ikkje hadde vore tilfelle kunne vi venta oss ein omkamp om EU-spørsmålet i stortingsgruppa, og organisasjonsdemokratiet hadde lidd nederlag. For at det ikkje skal skje er det difor viktig at ein tonar ned påstanden «ny linje i EU-spørsmålet.» Fordi det ikkje fins noko ny linje. Fordi det ikkje er mogleg at den uttalte konklusjonen frå eit landsmøte er vi både er for og mot ei sak. Aps linje i EU-saka er at vi er for medlemskap.

DESSUTAN ER DET noko merkeleg at EU-motstandarane ofte seier det er «uklokt» eller «lite taktisk» kvar gong EU-tilhengjarar uttalar seg positivt om EU. Kvar har dei det frå - EU-motstandarane som i politiske forsamlingar snakkar om at Ap er det største nei-partiet og jublar når EU møte ein motbakke? Kor taktisk er det? Kor taktisk er det eigentleg å jobbe mot prosjektet søsterpartia våre i resten av Europa jobbar for? No lyt vi gå inn i denne valkampen med sanninga som utgangspunkt, nemleg at vi er for EU. Like mykje som SV og Sp seier dei er mot, både EU òg EØS. Ja, avstanden er stor - men Ap har like stor rett til å forsikre veljarane om at vi er for EU, som SV og Sp har det motsett. Difor vert partia einige om å vere ueinige på dette punktet, på same måten som i fleire andre saker. På den andre sida må vi ha armslag til å initiere politiske prosessar på stortinget dersom partiorganisasjonen ønskjer det. Det er oppslutnaden rundt verdiskiftet ei rød-grønn regjering vil representere som sikrar nytt fleirtal og ny regjering. Ikkje kiving om hypotetiske forhold som kanskje vert aktuelle i nasjonalforsamlinga.