«DOLKA FAGRØRSLA I RYGGEN»: Artikkelforfatteren er ikke fornøyd med Ap-leder Jonas Gahr Støres håndtering av fagrørsla. Foto: Jørn H Moen / Dagbladet
«DOLKA FAGRØRSLA I RYGGEN»: Artikkelforfatteren er ikke fornøyd med Ap-leder Jonas Gahr Støres håndtering av fagrørsla. Foto: Jørn H Moen / DagbladetVis mer

Debatt: Valg 2017

Arbeiderpartiet på veg ned mot titalet?

Det hjelper lite om Jonas Gahr Støre talar vel om fagrørsla dersom han og partiet hans dolkar den same fagrørsla i ryggen på tinget.

Meninger

Stortingsvalet 2017 blei endå ein nedtur for Arbeiderpartiet. Koss kunne det skje? Med ei såpass mislikt blåblå regjering, med ferske vedtak som til dømes tvangssamanslåing av kommunar bak seg, burde Ap glatt ha vunne tre-fire prosentpoeng. I staden fall dei 3,5 prosent.

I desse person- og omdømefikserte tider gløymer ein gjerne dette: I lengda er eit parti det som det røystar for og imot på Stortinget. Det hjelper lite om Jonas Gahr Støre talar vel om fagrørsla dersom han og partiet hans dolkar den same fagrørsla i ryggen på tinget.

Nettopp dette gjorde Arbeiderpartiet i juni: Då hadde Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti sett fram forslag på Stortinget om å «sikre at norske lover, forskrifter og tariffavtaler er overordnet EØS-regler på arbeidslivsområdet». Dette samsvarte godt med LO-kongressen sitt ferske vedtak om at «Norske tariffavtaler og norsk arbeidslivslovgivning må gis forrang foran EU-regler».

Dette forslaget presterte AP, av alle, å røysta ned! Endå ein gong sette partiet EU først, slik det har gjort sidan EØS-avtalen vart underskriven.

Nå nemnde presse og media aldri denne fadesen under valkampen som straks etter kom i gang. Pressa nemner nødig EU, EØS og TISA om ho kan unngå det. Likevel må misnøya med Arbeiderpartiet sitt juni-svik ha spreidd seg nedover i LO-rekkene. Eg vil tru at ein god del av dei 74.000 røystene som AP tapte i dette valet, skreiv seg frå misnøya i LO.

Her ligg utfordringa for Arbeiderpartiet: Skal det gjenreisa seg som eit arbeidarparti eller skal det halda fram som eit EU-fundamentalistisk administrasjonsparti? Vel dei det siste, vil oppslutninga sakte men sikkert dala ned på titalet.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.