DEBATT

Naturen:

Århundrets oppgåve

Å ta vare på naturen er dette hundreårets store fellesoppgåve for oss menneske. Kva er oppgåva?

MEKTIG: I møte med den mektige naturen i den norske fjellheimen, så lunefull mot oss menneske, er det knapt mogeleg å forstå at han skal være utsett – langt mindre truga. Foto: Kristian Lie / NTB scanpix
MEKTIG: I møte med den mektige naturen i den norske fjellheimen, så lunefull mot oss menneske, er det knapt mogeleg å forstå at han skal være utsett – langt mindre truga. Foto: Kristian Lie / NTB scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

I det eg ser ut over Norefjellplatået, med Sigdal austover og Haglebu bak meg, verkar naturen endelaus og mektig. Nett no er det ikkje eit menneske i sikte. Det ligg metervis med snø som gjev landskapet rundt eit stivare preg enn vanleg, som om den var ei kulisse. Og rett framfor meg, eit perfekt oppkøyrt skispor. Det einaste synlege teiknet på menneskeleg aktivitet, som for meg og mange andre symboliserer glede, fritid, trening – det som er godt.

Det er når eg står slik eg tenkjer at ingen ting har større verdi for meg, og for oss menneske, enn naturen. Verdi som rekreasjon, ja. Men meir fundamentalt, verdi for liva våre, økonomien vår, samfunna.

Naturen skaffar oss ei rekke heilt konkrete gode. Fisk til mat, bomull til klede og tre som materiale. Tusenvis av dagens medisinar kom frå ville plantar. Hjartemedisin frå revebjølle, og morfin frå opiumsvalmue til dømes. Tusenvis av andre medisinar kan ligge der ute, uoppdaga.

I tillegg gjev naturen sitt mangfald grunnlag for ei rekke tenester som er heilt naudsynte for livet på jorda. Den reinsar vatn og luft, den bind CO2, sikrar pollinering av plantar, resirkulerer næringsstoff, bind jordsmonn, dempar flaum og mykje meir.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer