Arif opnar opp

Tilbake der vi starta, motherfucka. 16 linjer om oppvekst, sosial arv, rasisme, vald, dop og død — heilt presist.

DOP FLOW: Arif viser oss korleis ei plate skal opnast.
DOP FLOW: Arif viser oss korleis ei plate skal opnast. Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Det er mykje snakk om at albumformatet held på å døy ut. Musikarar innan populærmusikken gir i større grad ut singlar og EP-ar, og publikum lagar sine eigne spelelister. Men motreaksjonen synest òg: Mange av dei som gir ut album no til dags ser ut til å vere endå meir opptekne av konsept og forteljingar enn før. Eit opplagt og aktuelt eksempel er Kendrick Lamar. Her heime, Lars Vaulars siste album, «1001 hjem».

Uansett om plata har eit konsept, ei samanhengande historie eller ingen av delane, er starten viktig — eller opninga, for det handlar om å opne opp til eit univers, ein plass, ei stemning. Og det skal helst vere ein plass lyttaren vil vere. Opninga skal ikkje berre presentere plata, men òg artisten.

For den laidbacke og festglade typen som Snoop Doggy Dogg var på debutplata «Doggystyle» (1993), var det naturleg å bygge opp stemninga gradvis som om det var på ein fest eller konsert. Denne plata er full av sketsjar og prating mellom låtane (noko som var vanleg på nittitalet då mange rapalbum eigentleg ville vere filmar), og det fyrste sporet på plata er òg ein slik sketsj. På spor nummer to kjem oppvarmingsartisten The Lady of Rage på scena, og leverer eit av dei tøffaste versa på plata. Snoop går ikkje på for alvor før på det tredje sporet, «Gin and juice», og då er plata/festen endeleg i gang.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.