DNB-SJEF RUNE BJERKE: Han påstår at han ikkje visste, eller ikkje har villa vita det han burde ha visst. Foto: NTB Scanpix
DNB-SJEF RUNE BJERKE: Han påstår at han ikkje visste, eller ikkje har villa vita det han burde ha visst. Foto: NTB ScanpixVis mer

Å ha medvirket dertil

Kongepudlar med finansborgarskapets diskrete sjarm.

Kommentar

DENNE VEKA har skatteflyktningar til Seychellane sove dårlig. Og aldri har dei venta i slik nervøs spenning på at Aftenposten skal koma på døra. Tanta som har flytta heim att til Akersgata, har funne fram til dei globale forgreiningane av slektstreet til tantene i Sveits, eller å ha medvirket dertil. Finansborgarskapets sjarm er ikkje lenger like diskret som i Luis Bunuels filmklassikar. Virkeligheta overgår fantasien.

EIN SOM MANGLAR mye på fantasien, men som kan litt om sekretesse, eller å ha medvirket dertil, er tidligare sekretær i Oslo Arbeiderparti, Rune Bjerke. Han påstår at han ikkje visste, eller ikkje har villa vita det han burde ha visst. Han satsar på at det som kan redda jobben hans, er at han ikkje har gjort jobben sin.

DET ER LEIT for Klassekampen, avisa altså, at Aftenposten undergrev kapitalismen og den frie marknaden. Det fordums revolusjonære organet har fått tak i lekka dokument som tyder på at Kjell Inge Røkke har tatt ein telenorsk Usbekistan-vri a la Yara i Kasakhstan, eller å ha medvirket dertil. Men heile greia druknar i Panama-kanalen. Før det hamnar i Stortingets ko-ko-komite.

TILLITEN TIL DNB stuper, men tre prosent har fått meir tillit til banken. Som norske skattebalarar har dei grunn til det. Nå må det bli slutt på det moraliserande maset om at statseigde selskap er grådige og driv med korrupsjon, muting og bestikkelsar i Langtvekkistan. Dei gjer jo bare sitt beste for å tena mest mulig, til beste for landet og velferdsstaten, mens politikarene helst vender det døve øyret til. Som diktaren Georg Johannessen skreiv i ein polemikk om norsk u-hjelp i Kerala: Hva du evner, kast av, i det indiske hav.

Artikkelen fortsetter under annonsen

TIL UNGDOMMEN i Arbeiderpartiet, med Hadia Tajik i spissen: Det er forferdelig at dere vil føra kongehuset til skafottet. Det går kaldt nedover ryggen på Torbjørn Røe Isaksen, men Høgre svarer kraftfullt og åpna sitt landsmøte med å senda helsingstelegram til H. M. Kongen.

Eg trur rojalistane kan ta det med ro: Dei veks det nok av seg når dei får utreda litt, som alle sosialdemokratiske republikanarar før dei. Og så er det jo ei trøyst i vita at Trond Giske, den nybakte far som Høgre kan koma til å gje obligatorisk pappaperm, er ein kongepuddel.

ELITEFOTBALLEN rullar, og Bodø Glimt og andre utkantlag ruler. Oslos stolthet har null mål og null poeng etter tre kampar. Det mest forsmedelige var som før å tapa for bygdelaget Sogndal. Raymond Johansen, den avskilta høvdingen for byregjeringa i Oslo, har også ei fortid som sportslig leiar i Vålerenga Fotball. Det gjekk heller ikkje så bra. Snart er det 20000 tomme seter som heiar på VIF.

FATTIGMANNS TRØYST er at dei i ettermiddag møter dei blaa frå Bærum, som hater byslum og fattigfolk. Dei har også null poeng, så eit av laga som hater bønder og bartar, kjem til å stå att med minst eitt poeng. Om det ikkje blir Stabæk, kjem det nok til å lyda taktfast over Nadderud: «Dommer'n bor i OBOS!»