PAVENS NORSKE FØRSTEDAME: Janne Haaland Matlary har solid bakgrunn for eigne meiningar og evige sanningar. Foto: NTB Scanpix
PAVENS NORSKE FØRSTEDAME: Janne Haaland Matlary har solid bakgrunn for eigne meiningar og evige sanningar. Foto: NTB ScanpixVis mer

Å leia under risiko

Bloggarar og paragrafryttarar høgt til hest.

Kommentar

DENNE VEKA har tariffoppgjeret for frontfaga vore inne i sin liksom-kritiske fase. Det er same procedure as every year: Trøytte forhandlarar og ein alvorlig bekymra og moderat optimistisk riksmeklar Nils Dalseide i lange nattmøte, hvori opptatt underhandskontakt med regjeringa. Så blir det sosial dumping av vanskelige spørsmål til ein komité, og med det kjem dei fram til ei omforeint løysing. Slik er grunnvollen i den norske modellen, heilt til lærarane rotar det til for seg sjøl og andre med skulestreik i sommarferien.

DEN PRIVATE HØGSKULEN Westerdals Oslo ACT har som motto: «Aldri for sent å lære noe nytt». Det tar eigarane, brørne Peder og Nicolai Løvenskiold på stort alvor. Etter at dei blei tatt med buksene nede for å ha lurt til seg 100 millionar, har dei nå juksa med for høge skulepangar og for mye statsstøtte. Større suksess har ikkje Løvenskiold-slekta hatt sidan dei røva Nordmarka.

DÅ STATSRÅD Torbjørn Røe Isaksen fekk kunnskap om dei frie finurlighetene, tøffa han seg og vil ha pengane tilbake. Heller ikkje for han er det for seint å læra noe gamalt nytt: Når det ikkje er lov med profitt frå private skular som får statsstøtte, er sjølve forretningsideen å triksa og fiksa i smutthôla. Eit blå-blått markedsalternativ er å la eigarane få høve til å ta ut forteneste, for då sluttar dei nok å juksa. Og ettersom private skular er eit salighetsspørsmål for Høgre, kan dei også føya til i Grunnlova: Westerdals er ein privat skule og understøttes som sådan av Staten.

DEN ALLVITANDE statsvitaren Janne Haaland Matlary kjempar drabelig i Aftenposten mot «paragrafryttere for høyt til hest». Professoren tar for seg pompøse folkerettsjuristar som vil tilriva seg definisjonsmakta og gjer pinlige og banale forsøk på å fara med objektiv sanning. Ein kunne jo seia at på seg sjøl kjenner ein andre, men nå som verden har stått til over påske, sluttar eg meg heller til Matlarys katolske credo: «I relativismens tid kunne man begeistres over at det fremdeles finnes folk som mener de har monopol på sannheten med stor S».

PAVENS FØRSTEDAME i Norge har solid bakgrunn for eigne meiningar og evige sanningar. Som statssekretær var ho med i Kristelig Folkeparti, men har sidan meld overgang til Høgre. Ho er medlem av Vitenskapsakademiet i Vatikanet, rådgjevar for Det Pavelige Råd og for Fyrsten av Liechtenstein. Ho har også ein lærestol ved Forsvarets Høyskole og held gjerne foredrag (Athenas, Talerforum, Foredragsformidling m. fl.) over emnet: «Å lede seg selv og andre under risiko».

ARBEIDERPARTIET slit psykisk med å vera på nett med ungdommen. For å få svar på Lenins evige spørsmål: «Hva må gjøres?», har Jonas Gahr Støre og Torgeir Micaelsen derfor søkt råd frå opp-pumpa bloggstjerner med Sophie Elise Isachsen i front. Ho betrur sine følgjarar at ho var forelska i læraren Jonas for 5-6 år sidan. Det er nok for lite, for seint.