Arnold Eidslott

Inderlege og messande dikt, der det er langt mellom dei spennande linjene.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: Her finn ein messande tekstar, rekviem, bøner og salmar i ein inderleg tone, men med dei kristne sentralorda Gud, Jesus, Herren, Han, Abrahams Gud etc. gjentekne og gjentekne slik at lesarar kan oppleva det som keisame element. Det kan faktisk minna om rituelle songar frå andre kulturar her og der, og nokre av dei meir mystisk orienterte tekstane kan også ha likskap med taoistiske tekstar i si boring mot det namnlause.

Men for Eidslott finst det ein mann, Jesus Kristus, som talte arameisk. Og det er Bibelen og den kristne symboltradisjonen som er utgangspunkt og verktøy for denne omfattande diktsamlinga.

Nå skriv Eidslott også i denne boka dikt om andre tema, som Bach og Rakhmaninov, Ibsen og Homer, Roma og «Titanic», men eg opplever at det generelt har vorte ein meir einsformig skifting mellom den messande og den bydande tonen i dikta hans. Dette verkar avgjort suggererande når ein fordjupar seg i desse versa, men det går lenger mellom dei poetisk nyskapande og gripande formuleringane nå. Så sjølv om intensjonen er ei inderleggjering av dei velbrukte omgrepa, vert ikkje dette alltid resultatet. Men det glimtar framleis til med eit poetisk grep innimellom, som når Gud er «sytti år lange kjærtegn» eller «et bål på fortvilelsens tundra.»

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer