PÅ BALKONGEN: Kongefamilien på slottsbalkongen 17. mai 2014. Vinker til barnetoget på slottsplassen. F.v: prins Sverre Magnus, kronprins Haakon, kronprinsesse Mette-Marit, kong Harald, prinsesse Ingrid Alexandra. og dronning Sonja. Slottet.  Det kongelige slott. Oslo.    Foto: © Espen Bratlie / Samfoto
PÅ BALKONGEN: Kongefamilien på slottsbalkongen 17. mai 2014. Vinker til barnetoget på slottsplassen. F.v: prins Sverre Magnus, kronprins Haakon, kronprinsesse Mette-Marit, kong Harald, prinsesse Ingrid Alexandra. og dronning Sonja. Slottet. Det kongelige slott. Oslo. Foto: © Espen Bratlie / SamfotoVis mer

Arvelege privilegiar og blått blod er i grunn noko veldig unorsk

I påvente av republikken vi alle veit kjem til å kome ein dag, burde det i det minste vere mogleg å gjere nokre forandringar.

Meninger

Når ein diskuterer den norske statsforma, slik ein jo gjer ein gong i blant, i alle fall på Stortinget, vil dei fleste vere samde i at arvelege priviliegiar er ganske gamaldagse greier. Og dei fleste vil vere samde i at monarki er ei statsform som er prinsipielt problematisk.

Like fullt er dei to vanlegaste argumenta for å halde på arveleg statsoverhovud, at (1) kongefamilien gjer ein kjempegod jobb, og (2) eit folkevald statsoverhovud kunne jo endt opp med å bli ein kontroversiell og ukvalifisert person.

Djupt problematiske
Begge desse argumenta er tilsynelatande greie. Dei fleste vil nikke anerkjennande til dei. Men begge er like fullt djupt problematiske. At kongefamilien gjer ein god jobb er greit nok. Men er det verkeleg utenkjeleg at nokon andre kunne gjort ein betre jobb? Skal vi ha som premiss for debatten at det ikkje finst ein einaste person i dette landet, ikkje ein einaste blant oss 5.213.985 nordmenn som er kvalifisert til å vere statsoverhovud? Anna enn dei som tilfeldigvis måtte vere født inn i fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg.

Det andre argumentet er på sett og viss uttrykk for ein endå større mistillit til den jamne nordmann enn det første. For dersom monarkistane skulle meine at det faktisk kan tenkjast å vere kvalifiserte kandidatar til å vere statsoverhovud i dette landet, så meiner dei føresetnadsvis at folket gjennom ein demokratisk prosess ikkje vil vere i stand til å gjenkjenne personen. At ein ikkje kan stole på folket vil ta eit godt val. Ei slik haldning kan du kalle mykje. Men uttrykk for eit spesielt demokratisk sinnelag er den neppe.

Kongemakt
Dei viktigaste og mest hyppig brukte argumenta for arveleg kongemakt er altså at folk med vanleg, raudt blod i dette landet ikkje vil vere i stand til å fylle ei viktig rolle som statsoverhovud dersom dei fekk sjansen, og at dei uansett aldri ville fått denne sjansen, sidan fleirtalet ikkje ville vore i stand til å gjenkjenne eit kvalifisert og samlande statsoverhovud når dei såg det.

Det interessante med denne diskusjonen, utover absurditeten i premissane, er at det slett ikkje er nødvendig å velje eit statsoverhovud for å etablere ein republikk. Det er faktisk fullt mogleg å pensjonere kongefamilien, og seie at landets statsminister også fyller rolla som statsoverhovud. Eventuelt stortingspresidenten. Som uansett kan vere med og ta mykje av representasjonsoppgåvene.

Norsk republikk
Eg skal ikkje gå så mykje lenger inn i diskusjonen om alternative statsformer. Eg trur ein norsk republikk i ei eller anna form ville fungert alldeles utmerka. Men enn så lenge registrerer eg at det republikanske suget både på Stortinget og i folket å er heller lite. Og det må ein jo respektere.

Men i påvente av republikken vi alle veit kjem til å kome ein dag, burde det i det minste vere mogleg å gjere nokre forandringar i måten det norske monarkiet fungerer på. Fordi det er ein del djupt problematiske sider ved kongehuset vårt, som både republikanerar og rojalistar bør klare å samle seg om å endre.

Den første er at kongehuset, ei offentleg verksemd som er finansiert av skattebetalarane med snaue ein halv milliard i året, ikkje må følgje dei same reglane om openheit som dei andre statsmaktene. Dagbladet har dei siste vekene gjort ein god jobb i å få tak i materiale som dokumenterer både den reelle storleiken på pengebruken rundt kongehuset, samt ein del praksisar rundt avløning, investeringar og eigedomsforvaltning som ikkje har vore kjent for offentlegheita tidlegare.

Privilegiar
Det burde ikkje vere nødvendig at ei avis brukar månadsvis på å grave opp informasjon om kongehuset si verksemd som burde vore offentleg tilgjengeleg. Våre kongelege blir gjenstand for store løyvingar og store privilegiar. Det skulle berre mangle at ikkje offentlegheita får kaste lys på korleis forvaltninga av dette foregår.

Difor har Venstre føreslått på Stortinget at kongehuset skal underleggjast offentleglova, og dette håpar vi at er eit krav som eit fleirtal av dei folkevalde bør kunne samle seg rundt. Også rojalistar bør kunne sjå at meir openheit vil vere ein styrke for kongehuset. Om ein ikkje kan ha tillit til at folk flest kan stemme på statsoverhovud, kan ein i det minste ha tillit til at dei får vite kva statsoverhovudet driv med.

Vidare er det slik at sjølv om kongefamilien får halde fram sitt virke, bør det vere mogleg å endre ein del av grunnlovsføresegnene som absolutt alle bør vere einige i at er djupt problematiske. Eg trur til dømes ikkje det er ein einaste person som faktisk meiner at den norske kongen er «heilag», slik det blir slått fast i Grunnlova § 5. Eg håpar heller ikkje det er mange som meiner at kongen ikkje skal ha religionsfridom, jf. Grl. § 4.

Paragraf 36
Og eg håpar i alle fall ikkje at så mange meiner at ein prins eller ei prinsesse med arverett ikkje skal kunne gifte seg utan monarken sitt samtykke, slik det står i § 36. Det skal seiast at dette ikkje har vore ei uaktuell problemstilling i norsk moderne historie. Då vår noverande monark ville gifte seg med den han elskar, tok det 10 år før kongen (og regjeringa) var villige til å akseptere arveprinsen sitt val av livsledsagar.

Vi som samfunn meiner jo eigentleg ikkje dette. Vi meiner eigentleg ikkje at kongen er heilag, skal vere straffri, skal mangle religionsfridom eller fridom til å gifte seg med den han ønskjer. Så kvifor skal det stå i Grunnlova? Fordi det alltid har stått der? Her bør det vere mogleg for folk på alle sider av debatten å kome saman om ei reform.

Eit val
Ein dag vil det nok likevel vere slutt. Ein dag vil den siste konge eller dronning av Noreg takke for seg, og Stortinget vil bli stilt overfor eit val. Det er nemleg slik at Grunnlova § 48 slår fast at dersom kongsætta er utdøydd, eller meir realistisk: Arvingane seier frå seg retten til trona, så skal Stortinget veljer ein ny monark. Stortinget skal altså finne seg ein person, og sei at vedkomande skal vere regent i Noreg, og alle hans etterkomarar skal vere det same.

Ville eigentleg Stortinget gjort dette? Kven skulle vi i så fall peika ut? Eg trur svaret er at vi ikkje ville peika ut nokon som helst. Stortinget ville funne ein måte å sikre eit demokratisk mandat bak at ein kvalifisert person gjer teneste som statsoverhovud. Og vedkomande ville ikkje fått vervet til evig tid, men vore gjenstand for den demokratiske øvinga vi kallar val. I beste norske tradisjon.

Trendar
Det er nemleg dette som bind oss saman som folk: Tillit til kvarandre. Eit egalitært samfunn. Eit grunnleggjande demokratisk sinnelag i by og bygd. Arvelege privilegiar og blått blod er i grunn noko veldig unorsk. Og etableringa av eit kongehus er noko vi aldri ville funne på i dag.

Like fullt skjedde dette. Gjennom ei nødvendig avgjersle for ein ung og krigstrua nasjon i 1905. Då Michelsen-regjeringa den gongen, mot alle internasjonale trendar, tilrådde folket å stemme ja til å etablere eit norsk monarki, gjekk seinare statsminister Gunnar Knudsen ut av regjeringa i protest. Han kunne ikkje stå inne for at ei regjering i eit moderne demokrati kunne finne på å gå inn for at posisjonen som statsoverhovud skulle gå i arv.

Det har gått 111 år sidan den gong, og posisjonen som statsoverhovud går framleis i arv innanfor den same familien. Det vil den nok halde fram med å gjere i nokre år til. Men éin dag tek det heile slutt, og vi vil oppdage at det trass alt er mogleg å representere Noreg på ein god måte utan å vere født inn i rolla. I mellomtida får vi sørgje for at dei som skal fylle denne kan leve med dei same fridomane i livet som oss andre. Og at det ikkje skal vere nødvendig å vere gravejournalist i Dagbladet for å finne informasjon om korleis pengane i kongehuset vert forvalta.