Å VITE at andre enn familie og vener synes dikta mine er bra, motiverer meg til å skrive meir! seier månadens poet Åshild Slåen. Foto: PRIVAT
Å VITE at andre enn familie og vener synes dikta mine er bra, motiverer meg til å skrive meir! seier månadens poet Åshild Slåen. Foto: PRIVATVis mer

Åshild (17) går heilt til topps i kulda

— Så utruleg morosamt! skriv månadens ungdomspoet.

(Dagbladet): Åshild Slåen (17) er kåra til månadens poet for november i Skolekammeret, Dagbladets diktforum for ungdomar, etter at ho har vore i finalen og på trykk i Dagbladets diktspalte mange gonger.

— Det har vore spennande kvar gong eg har kome i finalen, men å bli månadens poet er noko for seg sjølv. På ein måte håpa eg sjølvsagt at det skulle skje, men eg trudde nok ikkje eigentleg på det, fortel ho.

Motivasjon

— Å skrive for meg er noko eg eigentleg gjer heile tida, bortsett frå når eg les. Det er ein måte å uttrykke meg, og få fram idear eg har, fortel ho.

— Vil det å bli månadens poet gjere noen skilnad vidare?

— Å vite at nokon andre enn familie og vener synes dikta mine er bra, gir ei god kjensle. Det motiverer meg til å skrive meir!

Ho snakkar av erfaring: I sommar blei ho nummer to i ei skrivekonkurranse i Sel kommune, med ei historisk novelle.

— Det var firehundreårsjubileum for slaget i Kringom, og fred og forsoning var hovudtema. Her vart eg vald framfor eldre og meir erfarne skrivarar og eg vann også ein pengepremie, noko som var veldig stas. Draumen er jo å ha dette som meir enn ein hobby, fortel ho.

Noko stort med noko lite
I Skolekammeret var ho i diktfinalen allereie som 14-åring.

— Kor lenge har du skrive?

Artikkelen fortsetter under annonsen

— Eg kan ikkje seie det nøyaktig, men då vi i 8. klasse lærte om dikt, falt eg for sjangeren. Det å kunne konsentrere eit inntrykk ned til nokre få ord er veldig tilfredsstilande når eg får det til. Å si noko stort med noko lite blir eit mål når eg skriv dikt. Eg trur at grunnen til at eg likar dikt så godt er fordi det er ein veldig fri sjanger. Dersom eg skriv tjue strofer er ikkje dette meir «feil» enn knapt nok avlutte ei setning.

— Men du skriv òg innanfor andre sjangrar. Kva likar du best?

— Nokre periodar liker eg betre lengre forteljingar eller noveller der eg har ei historie å fortelje, medan andre gonger er dikt best eigna for å få fram det eg meiner. I det siste har det vore ei tørkeperiode på diktfronten, men siste veka i november skreiv eg ned nokre ord eg syntes var gode, og som eg gjerne skulle ha brukt til noko. Det er ofte slik eit dikt blir til. Eg får ein idé eller kjem på nokre ord, så skriv eg kanskje dette ned og ventar litt.

Krypande kulde
— Når eg først set meg ned for å skrive diktet, veit eg nesten aldri korleis det skal sjå ut, men det er ofte ferdig på nokre minutt. På dette diktet trur eg det gjekk mindre enn ein time frå eg sette meg ned og sette saman orda, til eg sende det inn til Skolekammeret. Eg brukte litt av tida til å vere litt meir konsekvent med linjeskift og teiknsetting, fortel Åshild.

— Det er eit kaldt, stramt og skarpt dikt — nesten så eg kan høyre metall skjere i is! Vil du seie litt om korleis det vart til?

— Diktet vart til ein fredagskveld eg sat heime og kjende korleis vinteren var på veg. Den veka hadde det snødd ordentleg for første gong på lenge, og vi hadde fyrt heime i peisen. Eg likte biletet av vinteren som kjem etter hausten, sølv etter kopar. Metall er noko kaldt, og hausten er ei sjølvmotseiing med varme farger og kaldt vær. Vinteren derimot, er kald uansett korleis ein ser på det. Endringa er ikkje rask, men kjem krypande inn på deg utan at du merkar det, så du plutseleg ser opp og seier «Vinter? Allereie?».

Vintersmeden kom ho på til slutt, og namnet tok ho frå ei av favorittbøkene sine, Vintersmeden av Terry Pratchett.

— Kven er han?

— Vintersmeden er ein eigen person, ein som gjer så vinteren alltid kjem. Ein slags Kong Vinter. Samtidig er han vinteren, ein personifisering av årstida. Først etter at eg hadde sett han inn, skjønte eg kor passande det var med ein smed til det språklege biletet mitt.

God vinter, seier juryen, med følgjande kommentar:

Hav av kulde
Allerede tittelen antyder at novemberdiktet kretser rundt en personifisering av årstida vi nå har tatt noen prøvende skritt inn i. Poeten framhever dette typografisk: «Djerve Vintersmed». Vinteren tillegges konsekvent menneskelige egenskaper. Noe av det som virker sammenbindende, er dels kulda i seg selv: «Sprukne kunstverk», pulsen blir "«til is», og «kalde sklier», dels tilbakeblikket til en mer human tid, der «kopar blir til sølv».

Vi faller for poetens bruk av fargen på kobber, rødbrunt, som et konsentrert og originalt bilde på det vi midlertidig forlater. «Kalde sklier» skaper assosiasjoner om barns lek. Men vi er stengt inne i et hav av kulde: «Straumar / som bryt mot husveggen» Dette blir nådeløst videreutviklet på slutten av diktet, der jeg-personen — sakte, men uavvendelig sikkert — blir ett med det kalde: «Pulsen senkjer seg / sakte, men sikkert / til is».

Både språket og strukturen i diktet traff juryen. Jern, sprukne kunstverk, sølv og is har mange berøringspunkt seg imellom. Vi får en heftig slutt-punch med innbakt link til starten. Dette skaper struktur og ramme.

Takk for påminnelsen, Kvikksølv! Uansett hvor ubehagelig den måtte være!

For juryen,
Kristian Rishøi

DIKT I DAGBLADET: Diktkammeret (startet 2001) er Dagbladets diktforum for skrivende i alle aldre.
Skolekammeret (startet 2003) er forumet for elever til og med videregående skole.
• Diktlærer Helge Torvund kommenterer utvalgte dikt i Diktkammeret, mens Kristian Rishøi har samme rolle i Skolekammeret. 
• Hver måned kårer juryen — som består av Torvund, Rishøi og Maria Børja — de beste diktene. Alle disse trykkes i Dagbladet (med forbehold om lengde). Én finalist fra hvert forum blir også kåret til månedens poet.
• I tillegg tilbys Dikt.no, et skriveverksted der det er åpent for flere sjangere.
• Les også: Helge Torvunds leksjoner

DIKTKAMMERET I BOKFORM:
Mange kammerpoeter har etter hvert debutert i bokform, og det er laget tre bøker i tilknytning ti kammerne:
«Diktkammeret. Å skriva poesi» av Helge Torvund (Samlaget 2001)
«Faen ta tyngdekrafta. Vinnere fra videregående» (Gyldendal 2008)
«Å våga seg ut i ord — Diktkammeret ti år»: jubileumsutgave for Diktkammerets første ti år (Samlaget 2011)