Attraktive yrke - kven tar ansvar?

Ved forrige val snakka Erna Solberg høgt om ein kompetansepott. I denne valkampen er det stille. Er det fordi ein statsministerpost er innan rekkjevidde?

JENS ELLER ERNA? Kven av statsministerkandidatane vil verkeleg satse på å gjere kunnskapsyrka attraktive? spør Unio-leiar Anders Folkestad. 

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
JENS ELLER ERNA? Kven av statsministerkandidatane vil verkeleg satse på å gjere kunnskapsyrka attraktive? spør Unio-leiar Anders Folkestad. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpixVis mer
Debattinnlegg

«En god lærer forlenger livet», skriv Erna Solberg på Høgres heimeside. Og Arbeiderpartiet skal lokke veljarar med å love at «Vi vil bruke fellesskapets penger på elever og lærere, de som blir syke og de som trenger pleie og omsorg.» Men kven av statsministerkandidatane vil verkeleg gjere det meir attraktivt å arbeide med utdanning, helse og velferd?Politikarar på ulike nivå og med ulik farge understrekar stadig, og særleg i valkampen, kor viktig det er å rekruttere dyktige fagfolk. Den eine kampanjen avløyser den andre. Likevel er det merkeleg nok «ansvarleg» å halde lønnsnivået for utdanningsgruppene nede. Gong etter gong blir det påvist at det lønner seg dårleg å ta høgre utdanning her til lands. Noreg er i botnsjiktet blant OECD-landa.

Dette skjer samstundes med at det dagleg kjem meldingar om rekrutteringsproblem og mangel på kompetanse i viktige velferdsyrke. Skulen slit med å få tilbake alle som har slutta som lærar og gått over i andre yrke. Mangel på sjukepleiarar eller andre velutdanna helsearbeidarar er ofte årsaka når innbyggjarar ikkje er nøgde med helsetilbodet. Kvalitet kostar, men lønner seg! Noreg skal konkurrere på kompetanse, ikkje på låg lønn!

Det er først og fremst arbeidsgjevaren som er «lønnsansvarleg». Men inga regjering kan vri seg unna det overordna ansvaret. Attraktive yrke må ha gode lønns- og arbeidsvilkår, fagleg autonomi og ansvar og tid til å gjere jobben.

Dette handlar også om likestilling. I dag er kvinner i fleirtal i høgre utdanning. Premien dei får er låg lønn - lågare lønn enn menn. Framleis er det slik at kvinner flest arbeider i det offentlege, og menn i den private sektoren. Dent offentlege sektoren, der politikarane er arbeidsgjevarar, betaler altså dårlegare. Lønnsgapet mellom kvinner og menn har blitt litt mindre dei siste åra. Men kvinner med høgre utdanning tener framleis om lag 80 prosent av lønna til menn med tilsvarande utdanning og kompetanse.I den raudgrøne regjeringsperioden har dette lønnsgapet vore standhaftig. Det er difor ikkje underleg at den kjønnsdelte arbeidsmarknaden bit seg fast. Det er trøblete å lokke menn til kvinnedominerte yrke når lønnsgapet til privat sektor er rundt rekna 150 000 kroner pr år!

Då kan ein knapt undre seg over at 95 prosent av verksemdsleiarar i offentleg sektor fryktar at det blir vanskeleg å rekruttere høgt utdanna arbeidskraft i tida som kjem (Vox 2012). I følgje Statistisk sentralbyrå vil det i 2035 mangle 28 000 sjukepleiarar og om lag 23 000 grunnskulelærarar.Utan nok sjukepleiarar på vakt, lærarar i klasserommet, førskulelærarar i barnehagane, og andre fagfolk med høgre utdanning, vil ikkje kommune-Noreg kunne gje innbyggjarane gode nok velferdstenester. Og vi er i ein vond sirkel: Lønnsnivået for dei som utdannar desse yrkesutøvarane er også på eit kritisk nivå. Mange går ned i lønn når dei blir tilsett ved høgskular eller universitet. Dette er ikkje ein kunnskapsnasjon verdig. Og det illustrerer at tariffoppgjera må få ein sterkare utdanningsprofil. Eit konkurransedyktig lønnsnivå vil trekkje både kvinner og menn til viktige yrke som skapar velferd, tryggleik, helse og kunnskap.

Å satse på kompetanse er dessutan meir effektivt og lønnsamt. Dette blir illustrert i ei undersøking frå Telemarksforskning, «Kostnader og kvalitet i pleie- og omsorgssektoren» (2011). Årsaka er at faglært arbeidskraft er meir produktiv enn ufaglært. Dette viser at kvalitet i offentleg sektor ikkje berre er avhengig av flest mogleg årsverk, men av at dei som gjev tenesta har den nødvendige faglege kompetansen. Andelen med høg og relevant kompetanse i det offentlege bør aukast, både med tanke på kvalitet og effektivitet.

Regjeringa parkerte i praksis fleire av likelønnskommisjonens forslag (2008). Særleg forslag som kosta pengar, eller som utfordra den etablerte modellen for lønnsdanning. Regjeringa avviste også å la mandatet til Holden III-utvalet omfatte likelønnsproblema.

Ved forrige val snakka Erna Solberg høgt om ein kompetansepott. I denne valkampen er det stille om dette temaet. Er det fordi ein statsministerpost er innan rekkjevidde? Heller ikkje dagens regjering har vist nødvendig handlekraft til å satse på kunnskap og kompetanse.Spørsmålet er: Kven av statsministerkandidatane vil verkeleg satse på å gjere kunnskapsyrka attraktive?

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.