KORREKT: - Når folk nektar å ta til seg informasjon, då byrjar det å lukte av politisk korrekthet, skriver Runde. Illustrasjon: Øystein Runde'
KORREKT: - Når folk nektar å ta til seg informasjon, då byrjar det å lukte av politisk korrekthet, skriver Runde. Illustrasjon: Øystein Runde'Vis mer

Auto-politisk korrekt

Når det å reagere på tortur og menneskerettighetsbrudd blir sett på som politisk korrekt, då er «politisk korrekt»-stempelet blitt automatisert.

Meninger

Ikkje bruk begrepet «PK». Ikkje dra det inn i samtalen, uansett kvar du sjølv står. Det er eit retorisk triks, for diffust til at ein kan forsvare seg. Ein kan erstatte det med ord som «åndelig latskap» eller «intellektuell autopilot», men sjølv det er å starte samtalen med å gi motparten påklistra egenskaper. Det er generaliserande og lite lærerikt for oss andre. Likevel fangar det sjølvsagt noko, det er jo difor det treffer eit eller anna i meg.

Så for å finne ut om eg er eller ikkje er PK, bestemte eg meg for å finne fram til kva det politisk korrekte er.

Dette gjorde eg ved å 1. sette meg ned og gruble, og 2. spørje ein kompis av meg, som ikkje berre er det mest politisk korrekte mennesket i verda, men også er homo.

Møt «Robin». Robin er verdas finaste fyr, teikneserieteiknar, Doctor Who-fan og vegetarianar. Eit år då det var litt lav aksjeindeks på nynorske teikneserieromanar, jobba eg som gatevervar i Amnesty. Der vart eg vennar med Robin. Etter Amnesty-jobben gjekk han over til ein annan stor nødhjelpsorganisasjon. Deretter fekk han ei viktig stilling i ein stor miljøvernorganisasjon. Robin er rett og slett ein glødande forkjempar for alt som er prektig og moralsk oppegåande, så intenst at då han gikk i Gay Parade trudde alle vennane hans at han gjorde det av rein politisk korrekthet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men han gikk der av reint personlege årsaker. Og han oppdaga at det var ikkje alle «PK» meiningar som gikk an å kombinere. Robin var meir frustrert over SV enn over FrP/KrF når det gjaldt homoadopsjon. For FrP og KrF var i det minste ærlege på kva dei meinte, medan han opplevde at SV, som kjempa hardast for homofile sine rettigheter på eit abstrakt plan, ikkje var spesielt interesserte i å hjelpe han og gutekjærasten hans med ting som adopsjon. Den politiske korrektheta gjer at SV på papiret elskar alle homofile - men kanskje den feministisk motiverte kampen for å unngå at menn samlar seg i maktklikkar («Gutteklubben Grei-syndromet») ikkje har brydd seg nok om å ta vare på den største og greiaste gutteklubben av alle: Klubben av gutar som er så greie at dei ligg med kvarandre.

Robin lista opp ei rekke eksempel på korleis gode intensjonar kunne føre til litt for ivrig blindhet. Her er eit par døme (og eg har henta ein haug fleire frå her og der):

1. Raseriet mot Carl I. Hagen då han føreslo å sette opp eit «innvandrerregnskap». Er det seriøst så destruktivt og farleg å lage eit regnskap? Er ikkje eit regnskap ganske normalt å gjere? (Dessutan, med skuleprestasjonane til somalisk ungdom i rask bedring, kan det fort skje at Carl Ivar ikkje får den planlagte konklusjonen.)

2. Raseriet mot Harald Eia sitt program «Hjernevask». Det nådde sitt klimaks i folk som nekta å i det heile sjå Hjernevask, fordi dei var redde for å få meiningane sine påvirka. Det å endre meining kan ein jo ikkje ha noko av. Namnet på showet var kanskje litt for treffande.

3. Kvinner kan det samme som menn, men dei må få meir hjelp til å gjere det enn menn likevel. Fuck menn.

4. Vi skal hjelpe alle flyktningar. Alle. Spesielt dei som er søte.

5. Vi skal ikkje sende folk til land der dei kan få det vanskelig.

6. Vi skal aktivt motarbeide alle tendenser til rasisme, og reagere med vemmelse sjølv når den som sa noko rasistisk ikkje meinte noko vondt med det, og faktisk har ein kompis som er utlending, altså.

Fleire punkt kan vi sikkert få i kommentarfeltet under nettversjonen av denne saka. Men for meg er det i alle fall enkelt: Når folk nektar å ta til seg informasjon, då byrjar det å lukte av politisk korrekthet.

FØLG DAGBLADET MENINGER PÅ TWITTER OG FACEBOOK

Vi nektar alle i blant å ta til oss ny informasjon. Det er stress å skulle gå rundt med åpent sinn heile tida. Eit åpent sinn er som ein åpen munn: Fint lite verd før den har lukka seg rundt noko matnyttig. (Og begge deler ser fort ganske usexy ut, noko som er synd då eg knuste naserota i ungdommen og difor har bihuler som får russisk utanrikspolitikk til å framstå som romslig). Eg er til dømes sånn passe interessert i informasjon som kjem frå vaksinemotstandarar og scientologar, men eg veit at svineinfluensa-vaksinen var for dårleg utprøvd og at scientologane sin modell for narkoavvenning faktisk kan vise til gode resultat.

Robin tør ikkje å delta i sivil ulydighets-aksjonar saman med resten av organisasjonen. For om han og typen hans ein dag vil adoptere born, kan ingen av dei ha noko som helst på rullebladet.

Robin sin skuffelse over SV er litt sånn klassisk opposisjonsparti-skuffelse. Eg veit ikkje om det hadde blitt lettare å adoptere born med nokon andre i regjering heller.

Og så er det eit sjuande punkt som nettkommentariatet trur at vi som får lov å skrive i avisa ikkje tør å nevne, fordi vi er «politisk korrekte». Det er dette:

7. Vi må ignorere at islam mange stader er utøvd som ein gammaldags, trangsynt og kvinnefiendtleg religion, på lik linje med, eller endå hissigare enn, gammal staut kristendom.

Nei. Alle menneske, enten på høgre eller venstre side, er einige om at det finst masse teite trekk ved alle religionar. Det berre hjelper veldig lite å presse folk hardt hardt ned i skyttergrava si og skape ei «dem mot oss»-stemning. Det er ikkje politisk korrekthet som gjer at vi ikkje gidd å dra fram dette heile tida. Det er rett og slett at det kjem så mange fulle onklar og brøler ut si meining straks ein nevner «islam». Dette betyr at det å snakke om islam vil avspore alle samtaler totalt. og det er grusomt kjedeleg. Og relativt lite produktivt. Det finst produktive måtar å snakke om islam på, og eg bejublar alt som hjelper dette å kome fram, sjølv når det er Frp-arar som står bak. Foreløpig må debatten vere som den er, med ei stadig veksling mellom berøringsangst og krisemaksimering. Sjølv om eg har irritert meg mykje over religiøsitet, klarer eg fint å sjå verdiane i det. Det er, for dei som klarer å tru på det, eit effektivt smertestillande middel, og ein av få effektive erstatningar for narkotika og alkohol. Berre spør scientologane.

For det ser ut som ein stor del av kommentariatet setter stempelet «PK» ikkje berre på idéar som går på autopilot, men på alle påstandar som bygger meir på FNs menneskerettighetserklæring enn på iskald nyttetenking. Når det å reagere på tortur og menneskerettighetsbrudd blir sett på som politisk korrekt, då er «politisk korrekt»-stempelet blitt automatisert ... og då har jaggu meg suget etter kulde og kynisme blitt det nye «korrekte».

(Red.anm.: Siste del av setningen med somalisk ungdom hadde falt ut. Den er lagt inn nå)

Lik Dagbladet Meninger på Facebook