Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Autoritær formidling

I INNLEGGET «Vitenskapen som skrekkbilde» i Dagbladet 1.februar teiknar Bjørn Vassnes sjølv eit psykologisk skrekkbilde. Det får lite å seia «hva den enkelte forsker måtte mene» og «personlige meninger blir silt bort gjennom den kollektive vitenskapelige prosessen». Dette byråkratiske jernburet blir framstillt som eit ideal vitskapen klarer å leva opp til. Vassnes forsterkar eit offentleg bilde av naturvitskapen som har mykje å seia for den dalande rekrutteringa: kven er det som frivillig vil ta på seg ei slik tvangstrøye, som viskar ut alt det personlege ? Vitskapens utside kolliderer med den sosiale individualiseringa.Vassnes setter dette på spissen, i staden for å visa korleis alle nye teoriar skuldast orginale og personlege bidrag. Berre i ettertid kan dei propagandistisk framstillast som resultat av overindividuell nødvendighet.

«VITENSKAPELIG KUNNSKAP blir ikke anerkjent før den er etterprøvd, og alle mulige feilkilder er utforsket,» skriver Vassnes. Kva for forskingsfrontar siktar han til ? At det heftar grunnleggande usikkerhet ved teoriar gjør dei ikkje mindre betydningsfulle, men inspirerer og skaper den vitskaplege dynamikken. Vassnes gir eit bilde av disiplinar som har størkna. Dessutan skjer vitskapleg læring gjennom bruk og delvis etterlikning av sentrale døme. Slik kan stein leggast på stein, og utviklinga blir kumulativ. Men samtidig kan forutsetningar for vitskapen bli stadig mindre synlege og kritiserte.

Vassnes taler med ein autoritær stemme. Ved å seia at den kvalifiserte kritikken blir teke hand om internt, gjør han seg til ideolog for eit moderne presteskap. Det blir ikkje mykje rom for offentleg debatt. Men han sviktar som vitskapsformidlar. I staden for å la offentligheten få del i den interne, vitskaplege tvilen, skaper han eit illusorisk inntrykk av konseptuell og empirisk sikkerhet. Men ironisk nok gjør Vassnes også formidlaren liten. Han kan berre seia noko per prokura, eller på vegne av dei ekte vitskapsfolka. Er det rart at denne rolla blir lite attraktiv i media ?

FOLKA SOM BODDE på øyane vest for Sumatra, som lå aller nærmast senteret for jordskjelvet i det indiske havet, berga seg på grunn av overleverte fortellingar fra forfedrene. I naturkatastrofar spiller kulturell og folkeleg kunnskap ei stor rolle. Men det har vokst fram ein ny type paranoia knytta til farer me ikkje kan sansa og som berre vitskapen kan fortella oss om. Kjensla av sårbarhet blir forsterka fordi erfaringa er satt ut av spill. Når me ikkje kan sjå med eigne auger og handtera farer sjølv, får vitskapen desto større makt.