HER SATT HAN: 9. februar 1945 ble Asle Grepp henrettet på Akershus festning. Akershus festning. Foto:Truls Brekke/Dagbladet
HER SATT HAN: 9. februar 1945 ble Asle Grepp henrettet på Akershus festning. Akershus festning. Foto:Truls Brekke/DagbladetVis mer

Avskjedsbrev før henrettelsen

Kjære mor! Du skal ikkje syrgje over meg, skrev grandonkel fra Akershus festning.

Debattinnlegg

Min grandonkel Asle Grepp ble henrettet på Akershus festning 9. februar 1945, 25 år gammel. Dette er hans avskjedsbrev til sin mor, Rachel Grepp.

«Ja, mor!

Dette hadde du vel ikkje du trudd da du såg meg siste gangen. Og ikkje trudde eg at det det skulle gå slik da eg så deg siste gangen. - Nett nå er eg dømt til dauden, og advokat Bergsjø er i ferd med å diktera nådesøknad for meg.

Du skal ikkje syrgje over meg. Eg døyr, som mange menneske før meg. Det er berre trist at eg så lite fekk gjort i livet. Trøysten min er at utviklinga og livet går vidare - at andre vil taka opp tankene mine og føre dei fram, betre enn eg sjøl kunne gjort det.

Eg tenkjer på far - i desse dagane er det 23 år siden han gjekk burt. Eg tenkjer på Peter Andreas og Gerda, men meir tenkjer eg på dykk som er att - du mor, og Ole og Else og Pin og vesle Kyrre. Og eg er viss på at de alle vil taka dette som det må takast, at de vil minnast meg som eg var og gløyme alle de mistak eg har gjort.

Bergsjø har gjort det han kunne - men det var ikkje lange tida han hadde å områ seg på. Nå er det vel slutt.

Eg vil berre be deg helsa alle gode vener og seia dei farvel frå meg. Om eg går burt - livet lyt gå sin gang. De skal leva vidare og føre menneska fram til eit tilvære der ingen er som vert dømde til dauden.

Kjære mor! Eg er ikkje redd - det er slutt for meg. Det er det ikkje for dykk. Lev vidare!

Son din, han Asle»

Lik Dagbladet Meninger på Facebook