ISLAND HAR LÆRT AV Å VERE SMÅ: Men, skriv kronikkforfattaren: «Den borgarlege regjeringa kan leike med elden når dei no kuttar filmløyvingar med 40 prosent. Vår kommande regjering har gitt så vage signal om sin kultursatsing at dei framleis kan ta vala som er godt for norsk omdømme, på sikt.» Foto. John T. Pedersen
ISLAND HAR LÆRT AV Å VERE SMÅ: Men, skriv kronikkforfattaren: «Den borgarlege regjeringa kan leike med elden når dei no kuttar filmløyvingar med 40 prosent. Vår kommande regjering har gitt så vage signal om sin kultursatsing at dei framleis kan ta vala som er godt for norsk omdømme, på sikt.» Foto. John T. PedersenVis mer

Bæbubæbubæbu!

Hei kommande regjering! Sei noko om kultursatsinga dokkar! Hei hei hei (dulte dulte, riste riste) - er vi ikkje eingong verdt at de blir irritert av maset?

Debattinnlegg

Thorleifur Arnarsson har ti dagars permisjon frå regissørarbeid ved Deutche Oper, og passar den treårige sonen mens kona er på tur. Vi tar arbeidsmøtet på heimekontoret hans i Reykjavik. Men kjem ikkje langt inn i praten om dette kommande operaprosjektet vårt, før sirena går frå stova bæbubæbubæbu! Brenn Reykjavik, no igjen? Nei, det er sonen frå stova. Proteksjonistisk over merksemda til far din? spør eg Trygve Thorleifsson. Nei! ropar Trygve, og kastar legoklossar i golvet. Kunstnarar som Björk Gudmundsdottir, Sigur Ros og - etterkvart kanskje også Thorleifur, kan vere av dei som blir feira neste år, når staten Island fyller 70 år. Identiteten til landet har vore knytt til musikkindustri, aluminiumsindustri, filmindustri. Den tiande Reykjavik Internasjonale Filmfestival skjer i byrjinga av oktober. Björk stiller opp, som jurymedlem, som selskapsdame, og, etter ein god del vin og bra mat, som DJ.

2 AM, Kaldí Bar. Björk står i skåpen og er DJ med mobiltelefonen sin. Ingen trudde at det skulle bli fest denne onsdagskvelden. Ikkje er det helg. Dessutan fekk filmfolket i Reykjavik vite at den borgarlege regjeringa kuttar filmstønaden med 40 prosent. Men følgjet frå RIFF gjekk likevel vidare - frå mat til pub, for eit gravøl. Men så går Björk inn i skåpen, pluggar iPhonen til anlegget, og køyrer pakistansk drum & bass. Veggane bular. To kvadratmeter pubgolv blir danseplass for ti.

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Mindreverdskomplekset gav finanskrisa», sa kompisen til Björk, forfattaren Sjón. Penge - og genbanken deCode hadde smigra islendingar til å investere sparepengane sine i gensamleprosjektet sitt. deCode var av bankane som gjekk konkurs. Mange islendingar dro av seg armanidressane og dei litt for lange og spisse skinnskoa. Kofter og peysa (ullgenser) vart mote. Moserevolusjonen, kalla dei naturrørsla på søttitalet. Den nye naturalismen blir berre skjelt ut: The more things we change, the more we stay the same, skriv vekeavisa Grapevine, over eit fotocollage: Ein kar (redaktørens onkel Gunni) har sleik og dress på høgresida si. Skjegg og ullklede på venstre side av kroppen. Redaktør Haukur forklarar framsida si slik: Vi fekk verda til å tru at vi har endra oss. Men det var berre på overflata. Ei smerteleg sanning. Vi prioriterer framleis som før, og har dei same motiva: forretningar. Ved årets regjeringsval, vant partiet som styrde landet til kollaps.

Januar 2009, i presidentresidensen. Olafur gir regjeringsmakta frå Sjølvstendepartiet til sosialdemokratane. Katrin Jacobsdottir blir den nye kulturministaren. Den unge litteraturvitaren klarar å overtyde regjeringa om at kulturen skal redde Islands omdømme i utlandet. Det blir kutta sterkt i alle område av statsbudsjettet. Men kulturdepartementet kjem best ut. Operahuset Harpa blir bygd ferdig. Landet tar seg råd til invitasjonen som hovudgjest ved litteraturfestivalen i Frankfurt. Dei ferdigstillar ei nyomsetjing av kongesagaene til messa. Der blir Reykjavik slått til litteraturarvby av Unesco. Samstundes speler Thorleifur Arnarsson skodespel i Berlin. Han overtydar teaterfolk om han han snakkar tysk flytande, og kjem inn på regissørutdanninga. I ein feil lærer han seg tysk. Berre år seinare er han ferdig utdanna, og regisserar dyre produksjonar på nokre av dei største scenene i Berlin. Regissørar kjem frå Hollywood til Island for sine storskalaproduksjonar. Gode villkår i islandsk filmbransje muleggjorde desse satsingane. Synergieffektane var mange. Kompetanseheving på Island er ein. På RIFF vant ein den islandske regissøren Gudmundur Arnar Gudmundsson ein av dei seks prisane som vart delte ut. For kortfilmen Whale. Mens Thorleifur Arnarssons son Trygve bygger tårn av lego, har einskilde kulturpersonlegdomar bygd Island.

«Dette er første gongen eg får pris frå ein president», seier regissør James Grey, som vann den gyldne Lundefuglen 2013. Denne oktoberveka er journalistar igjen samla hos president Olafur. Her er stadig resepsjonar. Islendingar er mulegvis meir egalitære enn nordmenn, med ein surrealistpoet og komikar som borgarmeister for hovudstaden sin. Det fleire hundre år gamle bygget har husa fleire poetar enn presidentar. Poetar og andre forfattarar er forventa å uttale seg i politiske saker. Storpolitikarar, som presidentar, er tilgjengelege for alle.

«Privat visning», heiter eit par - tre filmframsyningar under RIFF. Det er for jurymedlemmar. Men dei einaste to som dukkar opp for å sjå filmen Still Life, er Vigdis Finnbogadottir og eg. Vi deler ein liten pose urtedrops, og ei stor film, som vi etterpå er einige om at vi likte særs godt. Slik nærkontakt med levande legendar er muleg på Island. Island har kanskje lært kva som er styrka i det å vere små. RIFF 2013 sjarmerte i alle fall underteiknande. Den borgarlege regjeringa kan leike med elden når dei no kuttar filmløyvingar med 40 prosent. Vår kommande regjering har gitt så vage signal om sin kultursatsing at dei framleis kan ta vala som er godt for norsk omdømme, på sikt.