Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Baklengs inn i framtida

Kjartan Fløgstad kombinerer husmannsånd og hersketeknikk på ein måte som ikkje tener nynorsksaka.

FORFATTAREN

Kjartan Fløgstads debattartikkel i Dagbladet 15.11 kombinerer husmannsånd og hersketeknikk på ein måte som ikkje tener nynorsksaka.

Åtaka på Hans Fredrik Dahl og Lars Roar Langslet skal eg la liggje. Heller ikkje skal eg dra i tvil det Fløgstad peikar på når det gjeld kvar sympatiane låg då nazistane la sitt åk over landet.

Men - det er uakseptabelt når forfattaren trekkjer ei line frå nokre ungdomar på vestkanten i Oslo som brenner nynorske ordlister og banner med påskrifta «Heildagsprøve i nynorsk» til nazistane sine bokbål. I Noreg er nazi- og rasiststempelet framleis godt eigna til å kneble meiningsmotstandarar ein ikkje greier å få has på med blanke våpen, men forfattaren bør halde seg for god til å bruke denne hersketeknikken.

Kjartan Fløgtad veit og at vi i glede brende ikkje så få bål i dagane kring frigjeringa, det vere seg blendingsgardiner, naziflagg og plakatar. Når nynorsk som skriftleg sidemål har skapt så mykje motvilje gjennom så mange generasjonar nordmenn at det for ein del unge kjem i same kategori som det vi brende på bål i 1945, er det på tide at fundamentalistane i målrørsla og deira politiske lakeiar spør seg kva dei har gjort gale.

SKAL FLØGSTAD

gå til åtak på grupper som verkeleg skadar arbeidet for ei betre sidemålsopplæring, bør han først ta for seg debattleiarar, tittelsetjarar og fotojournalistar. Arven frå deira eiga skuletid, kombinert med presset for å finne titlar, illustrasjonar og ei vinkling som sel godt, er ei stor hindring i arbeidet med å modernisere sidemålsopplæringa. Oppslag som: «Nei til nynorsk», «Elevene slipper nynorsk», «Elevene hater nynorsk», dekkjer sjeldan det saka gjeld.

Som den fjerde statsmakt, set aviser, radio og fjernsyn mykje av dagsorden. Dei har makt til å løfte fram, eller støyta ut i ytste mørke. Hittil har den konservative målrørsla hatt stor makt i viktige deler av norsk medieverden, og ført til at store grupper politikarar framleis går på gummisålar i spørsmålet om modernisering av sidemålsopplæringa.

Målfolket er også nøye med å jaga sine eigne tilbake i folden. For om lag eit år sidan våga nynorskforfattaren Halvor Fosli seg frampå med nye tankar om korleis vi skal koma nynorskhatet til livs, mellom anna ved å fjerne tvungen sidemålsstil. Svikarstemeplet og fråsegner som: «Neste gong eg møter Halvor Fosli, skal eg banke han opp, den spjælingen» er noko av det han har måtta tåle av hersketeknikk. Bygdedyret er framleis potent- og trivst sers godt i lag med husmannsånda.

DET ER NETTOPP

den ånda som gjennomsyrer Kjartan Fløgstads innlegg der hånen ligg tjukk utanpå i uttrykk som «pene unge menn, pene adresser, den pene Persbråten vidaregåande skule, beste Oslo vest». Sjølv har eg arbeidd i skulen i mange delar av landet, og kan forsikra Fløgstad om at han tek feil når han stemplar denne motviljen mot skriftleg nynorsk sidemål som eit vestkantfenomen. I eit intervju uttalar Fosli at nynorsken alltid har hatt sterke forsvarar på Oslo Vest, noko eg trur er meir rett. Motviljen er nok større i arbeidarstroka både i by og på land.

Fløgstad gjer eit nummer av at kartet over nynorske skulekrinsar i 1940 er samanfallande med dei delar av Noreg som sa nei til N.S. Kva så med det fleirkulturelle Noreg om nokre generasjonar? Allereie nå har vi skular der det nesten ikkje finst ein norsk elev - ei utvikling som aukar i tempo. Framandkulturelle har rett til å velje vekk skriftleg sidemål til fordel for eige morsmål, det vil for størsteparten seie vekk med nynorsk. Følgjer vi Fløgstads resonnement over i framtida, lovar det dårleg for fedrelandskjærleiken.

TALET PÅ

nynorskbrukarar i norsk grunnskule er nå nede i om lag 14.7 prosent, og 2.4 for studentar ved Universitet i Oslo. Tvang har altså ikkje gjevi positive resultat av noko slag, snarare tvert om. Hadde Ivar Aasen levd, ville han neppe ha stått på Fløgstad si side i denne saka. Truleg ville han ha arbeidd for at nynorskelevane skulle konsentrere seg om sitt eige målføre skriftleg. Den skriftlege bokmålsopplæringa nynorskelevane nå får, tener som springbrett når det gjeld å svika si eiga målform - både i yrkesutdanning og jobbsamanheng. Kvifor?

Svaret er opplagt: Frå bokmålselevane har vi stoli tida som skulle vori brukt til å lese nynorsk skjønn- og faglitteratur, dernest lesetrening både stille og høgt. I byte for glede og interesse, fekk vi - ikkje berre så dårlege skriftlege sidemålskunnskapar at dei sjeldan held mål i arbeidslivet, men og magre kunnskapar om nynorsk litteratur og nynorskhat. Det er i ei slik fleirtalsbefolkning det nynorske mindretalet skal våge seg fram med eigen skriftspråkkultur.

I EIN

bokmålsbefolkning med positive haldningar og god lesedugleik i nynorsk, ville nynorskskribentane ha blomstra opp. Journalistikken er eit typisk døme. Å skapa levedyktig nynorsk, må forfattarar, skribentar og grasrota i nynorskdistrikta sjølve ta ansvaret for. Bokmålsfolket får gjera sitt ved å bli gode lesarar og lyttarar, og dermed aktive brukarar av nynorsk.

Etter å ha sloppi fri frå det skriftlege, kan vestkantungdomen nå «dyrka sine brennande interesser for nynorsk lyrikk og litteratur», skriv Fløgtad. Her osar det av hån og mistru. Eit langt liv bak kateteret har lært meg at vi aldri skal døme barn og unge etter deira sosiale rang - heller ikkje når det gjeld evna til kunst- og kulturoppleving. Å stempla dei som arbeider for ei omlegging til munnleg sidemålsopplæring som ulvar i fårepels, er ikkje Fløgstad aleine om. Nye læreplanar vil også denne gongen gå i trykken med ein opplæringsplan for sidemål bygd over gamal lest. Så kan Fløgtad og co. seia seg nøgde. Men dei er truleg også dei einaste.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media