Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Baklengs inn i språkordskiftet

ADJUNKT

Ingeborg Åstrali, i denne samanhengen i nynorsk drakt (Dagbladet, 18. nov), asar seg opp over innlegget frå Kjartan Fløgstad 14. november. Fløgstad peikar på at på dei stadene nynorsken stod sterkt i 1940, stod N.S. svakt, og der N.S. stod sterkt, stod nynorsken svakt. Åstrali er forskrekka over at Fløgstad vågar å nemna denne objektive kjennsgjerninga. Ho kjem fram til at sidan framandspråklege har rett til å velja vekk sidemålet, må dei ha lite fedrelandskjærleik. Dette er hennar konklusjon. Ein kan sjølvsagt ikkje slutta noko slikt ut frå Fløgstad. Vidare peikar Åstrali på at prosenten av nynorskelevar har gått ned. Fullstendig utan grunngjeving kjem ho fram til at «tvang har altso ikkje gjevi positive resultat». Ho trur at skulekrinsar har skifta til bokmål, og folk har flytta frå bygd til by, av di bokmålselevar skal læra både nynorsk og bokmål! Ein skal ha spesielle briller på for å sjå denne samanhengen.

I SIDEMÅLSFORSØKET

i Oslo er det utala målet å gje elevane betre kjennskap til norske dialektar, målsoga og nynorsk litteratur. I tillegg skal elevane verta betre i hovudmålet sitt. Alt dette på den tida som før var nytta på sidemålsopplæring. Ingen veit kor mykje tid det er snakk om, men det er jamt over lite. Ambisjonane står ikkje i høve til råmene. 8Forsøket8 er eit fagleg makkverk, eit politisk tiltak. Det vanlege i språkkløyvde samfunn er at mindretalet må tilpassa seg fleiretalet. Med sidemålsordninga må fleirtalet òg til ein viss grad tilpassa seg mindretalet. Ordninga er uvanleg demokratisk. I Noreg har me eitt språk som er nedarva gjennom dei norske målføra, og eitt som kjem frå dansk, men er tilpassa talemålet til den tradisjonelle overklassen i Oslo. I vanleg språkbruk er desse til saman «norsk». Bokmålet i seg sjølv fungerer fint som kommunikasjonsmiddel, men ein kan ikkje kalla ei snever opplæring i den tidlegare dansken åleine for «norskopplæring». Då får ein kalla det noko anna.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media