Baklengs modernisering

FOR EI TID tilbake peika Morgenbladet (11.2.) på at det nye moderniserings-departementet har vanskar med å forklara kva ordet modernisering eigentleg tyder. Skal begrepet forståast i lys av diskusjonen om det moderne, slik den finst i viktige tekstar om modernisme (t.d. hos Baudelaire), eller skal det forståast i ei meir sosiologisk meining, slik ordet blir brukt frå Max Weber til Habermas? Det pinlege for regjeringa var at ministeren syntes å vera ukjent med det meste av denne diskusjonen. For Meyer tyder ordet rett og slett privatisering av tidlegare offentlege tenester. Det skjuler seg ikkje noko anna under ordet enn ein påstand om at høgreliberalistisk syn på økonomien er moderne, medan andre syn blir karakterisert som gammaldags. Dette kunne sjå ut som ei lita sak. Statsråden kjenner ikkje begrepshistoria til det namnet han har gitt departementet. Pinleg, men viktig? Men når ein ser kva moderniseringsministeren faktisk utfører, viser det seg at hans manglande kjennskap til moderniseringsteori slett ikkje er uskuldig. Tvert om kan den få fatale kulturelle konsekvensar.

Dette har kome til syne i diskusjonane om bokpris, som har gått føre seg dei siste månadane. Dette var lenge ei sak mellom partane i bokbransjen og kulturdepartementet. Men så kom moderniseringsministeren på banen: I staden for å diskutera kva slags ordningar som tener litteraturen best, omforma han det til å bli eit spørsmål om konkurranse. Det vart reist sterke innvendingar mot faste kontrakter mellom bokklubbar og forfattarar. Resonnementet er utruleg: fordi forfattarane er sjølvstendig næringsdrivande, er det brot med konkurranselova å la dei få same kontrakt. Dette vart først spela inn i forhold til bokklubb-kontraktar, men deretter mot normalkontraktar mellom forfattar og forlag i det heile. Dersom dette resonnementet blir ført til ende, grev det heilt grunnen under arbeidet til forfattar-organisasjonane. Alle kollektive rettar dei har arbeidd seg fram til, kan erklærast som lovstridige, fordi dei ikkje skal reknast som medlemmer i ei fagforeining, men som konkurrentar.

DETTE VEKTE naturleg nok voldsomme reaksjonar på årsmøtet i Den Norske Forfatterforening 12.- 13. mars, og ein er innstilt på å ekskludera medlemmer som inngår anna enn normalkontraktar. Det vil seia at bokklubbane kan stå utan forfattarar med medlemskap i Forfattarforeininga innan kort tid. Dette er ein dramatisk situasjon. Og det er ein situasjon som fullt og heilt spring ut av det forhold at ein har overført kulturpolitikken frå kulturdepartement til moderniseringsdepartementet, med Konkurransetilsynet som ein slags torpedo som trippar utålmodig utanfor lokala i Rådhusgata 7. Og igjen: Dette er eit forhold som kan forklarast med ei forenkla oppfatning av kva modernisering inneber. Det manglar ikkje litteratur om emnet. Filosofen Gunnar Skirbekk har i ulike format og med ulik vanskegrad publisert ei rekkje skrifter om emnet; dei som vil, kan konsultera han.

I kortform kan hans resonnement formast slik: Kjernen i moderniseringsprosessen er differensiering, altså at samfunnet blir delt opp i ulike sfærar, der normene for kva som er gyldig, må formast ut i samsvar med dette området. Jussen blir skilt frå teologien, på eit tidleg tidspunkt. Universitetet må skiljast frå politikken og innrømmast autonomi. Innanfor vitskapen blir det viktig å skilja mellom naturvitskap og vitskapar om mennesket, empiriske og normative vitskapar etc. Denne oppdelinga tyder ikkje at dei ulike delene av samfunnet blir heilt skilt frå kvarandre, men at dei berre fungerar godt dersom dei er i balanse, og kvar av dei får behalda sin spesifikke, indre logikk. Det er også viktig at dei ikkje misser sambandet med kvarandre, men blir integrert i ein felles kultur. Eit velfungerande samfunn kan ut frå dette resonnementet definerast som eit samfunn der dei ulike sfærene har sjølvstende nok til å fungera etter sin eigenart, men likevel er nær nok kvarandre til oppfylla sine ulike funksjonar i heilskapen. Dette er eit hovudspørsmål hos Max Weber, som er uroleg over at oppdelinga kan gå for langt, og det er framleis eit hovudspørsmål hos Habermas, som freistar å halda det heile saman i forestillinga om ein felles rasjonalitet. (Det finst meir utførlege framstillingar t.d. i Skirbekks bok Vit og vitskap).

UTVIKLINGA HAR GÅTT mot større oppdeling. Men Horkheimer og Adorno formulerer alt på 1940-talet den motsette bekymringa: Det kan koma tilbakeslag mot ein slags førmoderne einskap. Dette er tilfelle i massesamfunnet, hevdar dei, det slår alt med likskap. (Opplysningens dialektikk). I staden for ei vanskeleg, men nødvendig differensiering, får vi ei de-differensiering, der alt blir ført tilbake til den same logikken. Faren ved det er at det særeigne ved dei ulike samfunnsområda blir oversett og overkjørt av ein felles logikk.

Det er nettopp dette som skjer når «modernisering» tyder at enkle, økonomiske modellar blir brukt på fenomen som ikkje høver på slike modellar. Det burde ringja varselklokker når problemfelt som tradisjonelt har høyrt til under kulturdepartementet, brått blir gjort til tema for Konkurransetilsynet. Men moderniseringsministerens anslag mot innarbeidde rettar på kulturfeltet, går inn i eit mønster der institusjon etter institusjon, frå postvesen via apotek til utdanning, blir gjort gjenstand for svært enkle økonomiske modellar, og det er neppe noko overdriving å seia at det skjer ei form for begrepsvald mot det særeigne i desse institusjonane. Det kan, for å sitera Skjervheim, forklarast som eit intellektuelt mistak som utviklar seg til eit moralsk mistak. Og i dette tilfelle også eit politisk mistak.

DEI ORDNINGANE som no står i faresonen for forfattarane, vart for ein del initiert av Kjell Bondevik, som i si tid som kulturminister i Borten-regjeringa fekk på plass viktige ting som Kulturfondet og innkjøpsordninga. Desse ordningane byggjer på at Forfattarforeninga kan inngå kollektive ordningar. Ved ein slags Erasmus Montanus-logikk prøver ein no å øydeleggja retten til kollektive ordningar, ved å gjera dei einskilde forfattarane til konkurrentar. Dette rammar sjølve grunnlaget for å skapa ein politikk for litteratur i Norge, og vil, om det blir gjennomført, gjera Kjell Magne Bondevik til Kjell Bondeviks kulturelle banemann. Det ville vera ei trist avslutning og eit trist ettermæle på den regjeringa som Bondevik har lånt namnet sitt til.