Barnehage, skule - gutar og menn

I dag er sju prosent av dei som arbeider i barnehage menn. I skule- og fritidsordningane er prosentdelen 12 og i 1.- 4. klasse i grunnskulen er det fjorten prosent mannlege lærarar. Vi er på trygg grunn når vi seier at den offentlege oppvekstarenaen er ein kvinnearena. Det er svært sannsynleg at ein gut (og sjølvsagt difor også ei jente) kan gå gjennom barnehagen og den første delen av skuleverket utan å ha sett ein mannleg pedagog. Mange med meg er bekymra for situasjonen. Ikkje minst for gutane. Ikkje bekymra fordi det er så mange kvinner i barn sitt oppvekstrom, men fordi det er så få menn.

«Vi har kome langt med omsyn til likestilling i Norge,» vert det sagt. Ja - vi har vel det - på mange felt. Men i kampen for å oppnå likestilling trur eg problemstillingar rundt ulikskap mellom kjønna til dels har drukna. Mange av oss har gløymt å ta i bruk omgrepet ulikskap, og i barnehage og skule i altfor stor grad tenkt barn og elevar. Vi har nærast slutta å tru på at vi sjølvsagt av og til må ty til ulikskap for å oppnå likskap. I strevet med å finne ut av seg sjølv og utvikle sjølvbilete er det gutane som har den største utfordringa. Jentene har identifikasjonsfigurane og modellane rundt seg heile dagen. Gutane har ikkje det. Dei veks opp i kvinneuniverset og må av eiga kraft finne ut korleis dei skal takle dette. Men det må då bli mange empatiske, «mjuke» og snakkande gutar av det - har eg høyrt mange seie. Nei, fullstendig misforstått konklusjon! Gutane går seg tvert imot vill i kvinnejungelen. Dei klatrar på veggen, dei slåss, dei oppfører seg asosialt, dei skrik og utfordrar kvinnene heile tida. Og kvinnene kjeftar, brukar «utestemme» inne og ber gutane skjerpe seg - viss ikkje hamnar dei i garderoben - endå ein gong. Gutane gjentek Rambo-handlingar for å vise både seg sjølv og kvinnene at dei er gutar. Vi må innsjå at dei ikkje berre er Barn eller Elevar - dei er Gutebarn og Guteelevar. Dette krev at vi ser dei med andre briller og at vi tek oss av dei deretter.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I vår vestlege verden vert 90 prosent av all kriminalitet og 94 prosent av valdskriminalitet utført av unge menn. Tre fjerdedelar av alle spesialpedagogiske tiltak i skulen omfattar gutar. Gutane gjer det i dag dårlegare på alle klassesteg i skulen - bortsett frå universitetet. Unge jenter tek utdanning der jobbane finst. Gutar tviheld på gamle mønster og tek utdanning i retningar der ein ikkje treng vere særleg spåmann for å forstå at jobbane forsvinn. Svært mange er uroa for den europeiske guten, for dette er utviklingstrekk ein finn i alle europeiske land. For å omskrive Magne Raundalen noko: Gutane sig inn i framtida i bestefar si strikkejakke, mens jentene for lengst har teke Widerøeflyet til byen for å skaffe seg medieorientert og informasjonsretta utdanning.

«Heller utan arbeid enn å gå inn i omsorgsyrk,» seier arbeidslause 40- og 50-åringar i dagens Norge. Skremmande? Kanskje, men ikkje overraskande. Vi veit at omsorg vert ein «vekstarena» i framtida. Dei som skaffar seg jobb i denne sektoren er sikra arbeid. Dette må vere mannen si utfordring å greie å sjå. Vi som menn har sprunge frå forpliktingar på dette feltet i generasjonar. Det er ikkje kvinnene si skuld. Men det skjer noko. Det er berre å sjå på farsrolla og på fedrehaldningar til eigne barn. Som mann er det nok å titte sin eigen far i kvitauget for å registrere endringane. Vi er som fedrar nokså annleis enn våre eigne fedrar var. Her er revolusjon eit nærliggjande ord å bruke. Men når det gjeld den offentlege omsorga er endringane mindre og vegen lang å gå.

Dei førebels få unge mennene som i dag med opne auge tek førskulelærarutdanning karakteriserer eg som «tøffingar». Dei gjer eit av dei kraftigaste brota med vanlege oppfatningar av kva gutar og jenter skal gjere og kva yrke som passar seg. Når barn er mellom seks og åtte år har dei danna seg oppfatning av kva yrke dei som gut eller jente kan ha. Dei har ikkje føreteke yrkesvalet, men dei har laga seg ei «sfære» å velje innafor. I denne danninga er førebileta den viktigaste ingrediensen. Gutar har ikkje sett menn som førskulelærar og kan ikkje sjå seg sjølv i ei slik rolle. Mediene og reklamen er heller ikkje opptekne av å vise alternativa. «Førskulelærar det kan berre damer bli,» seier femåringen Knut. Gutar derimot kan bli politi, flygar, togførar og lege. Dei som vel annleis gjer radikale brot.

Jenter har frå 70-talet vorte oppmoda om å utdanne seg utradisjonelt. Dei har fått oppmuntring og god tilbakemelding på å gjere det. Dei haustar ofte fruktar i form av betre lønn og høgare status. Slik fungerer den kjønnsdelte arbeidsmarknaden i Norge. Gutar har - sett frå ein synsvinkel - alt å tape på utradisjonelle val. Lågare status, dårlegare lønn, og mistenkeleggjering. I tillegg skal dei inn og arbeide i institusjonar som frå dei vart oppretta har vore «befolka» av damer. Det er kvinnene som har laga innhaldet, kvinnene har avgjort arbeidsformer og kvinnene har laga rutinar og reglar. I denne verda skal mannen som ein slags moderne «innvandrar» finne fram, orientere seg, byggje eigen yrkesidentitet og ta i bruk evner og anlegg. Det finst enklare yrkesval i dette landet, spør du meg!

Kan vi gjere noko med dette? Ja, sjølvsagt kan vi det. Men vi skal ikkje tru på resultat over natta. Det har vist seg at det må store sosiale omkalfatringar til for at det skal skje gjennomgripande endringar på ein kjønnsdelt arbeidsarena. Men gjennom bevisst arbeid kan gutar stimulerast i retning av omsorgsarbeid. Her har alle som arbeider med gutar eit ansvar. Barnehagen, grunnskulen, lag og organisasjonar, vidaregåande skule, yrkesrettleiarar og andre har ei utfordring og ein jobb å gjere. For ein 18 år gamal gut i dag er arbeid i ein barnehage sjalta ut som alternativ for yrkesval. Vi må «opne» barnehagen for gutane og vise at arbeidet stiller krav og inneheld mulegheiter som i stor grad burde appellere til gutar.

Eg veit at erfaringar med arbeid i barnehage, for mange unge menn, har vore døropnaren. Kan ikkje ein ungdomsskule t.d. i utplasseringsveka prøve å «tvinge» gutane ut i omsorgsyrke, ved å styre vala deira i denne veka? I staden for at gutar år etter år skal kaste bort veka ved å vere ekspeditør i sportsbutikken eller sitje i kassa på den lokale Rimi-butikken. Sjølvsagt ikkje fordi dei skal lære noko nytt, men fordi dei skal sikre seg sommarjobb.

På oss som utdannar førskulelærarar kviler det ei særleg forplikting. Vi må utvikle ein strategi for korleis vi kan rekruttere fleire menn til utdanningane. I dag er vi både hjelpelause og bevisstlause. Utfordringa gjeld etterkvart alle profesjonsutdanningane. Skal vi satse på å få tak i unge menn som søkjarar? Viss vi svarar ja, må vi i langt større grad enn i dag leggje til rette utdanningane våre for mannlege studentar. Vidare må vi sørgje for at dei mennene som tek til i utdanningane blir verande der, og at dei etter enda utdanning med rak rygg seier at «eg skal som mannleg førskulelærar ut og arbeide i barnehage». Her er vi i gang med eit arbeid på avdeling for lærarutdanning i Sogndal. I den nye studieplanen for førskulelærarutdanninga er mannlege studentar eit område som er spesielt omtalt. Vi vil ha fokus på særtrekk ved den maskuline omsorgsrolla og slik bevisstgjere mennene i det arbeidet dei skal ut i.

Eit hjartesukk til mediene til slutt. Kan de ikkje slutte å presentere førskulelærarar som «tanter» og «onklar»? Dette er familienamn og ikkje namn på yrke. Slike nemningar er ikkje med å løfte utdanningane og yrka opp blant dei viktige og seriøse og på den måten auke attraktiviteten blant unge søkjarar - både jenter og gutar. Kven ser det som noko poeng å ta treårig høgskuleutdanning for å ende opp som tante eller onkel? Det blir ein nå ofte på lettare måte likevel. skule

Problemstillingar rundt ulikskap mellom kjønna har til dels drukna i kampen for å oppnå likestilling, meiner Svein Ole Sataøen; vi har nærast slutta å tru at vi av og til må ty til ulikskap for å oppnå likskap. I barnehage og på skule har jentene identifikasjonsfigurane og modellane rundt seg heile dagen. Gutane har det ikkje. Sataøen er fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.