BØR VÆRE FORBUDT: Ein legal marknad vil sannsynlegvis auke etterspurnaden, og dermed også bruken og skadane, skriver artikkelforfatter. Foto: Shutterstock / NTB scanpix
BØR VÆRE FORBUDT: Ein legal marknad vil sannsynlegvis auke etterspurnaden, og dermed også bruken og skadane, skriver artikkelforfatter. Foto: Shutterstock / NTB scanpixVis mer

Legaliseringsdebatten:

Barnekonvensjonen er ikkje eit argument for legalisering av cannabis

Cannabisforbodet vernar.

Meninger

Dagfinn Hessen Paust konkluderer 11. juli i Dagbladet med at cannabisforbodet er i strid med FNs barnekonvensjon. Han hevdar at legalisering vil verne unge frå narkotika.

Ein legal marknad vil sannsynlegvis auke etterspurnaden, og dermed også bruken og skadane. Eit sentralt poeng med forbodet er å halde etterspurnaden låg. Undersøkinga i Oslo viser at ungdom er sensitive for endringar i oppfatninga av skadeverknader. Auken i bruk i Oslo er bekymringsfull, men bruken er generelt svært låg i Noreg, og dei fleste som prøver, lar det bli med det.

Marie Jahren Fludal
Marie Jahren Fludal Vis mer

Paust nemner kun narkotikaomsetning når han referer Barnekonvensjonen. Hovudpoenget i konvensjonen er derimot omfanget av innsats; alle eigna verkemiddel for å avgrense barns eksponering mot narkotiske stoff skal nyttast.

Artikkelen nemner òg internasjonale traktatar, og det internasjonale narkotikakontrollbyrået fastslår at legalisering vil vere i strid med FN-konvensjonane.

At barn deltar i produksjon og handel med illegale stoff, forhindrar vi ikkje ved å gjere handelen lovleg for dei over 18, og årsakene til gjengproblematikken handlar om meir kompliserte mekanismar enn lovleg eller ulovleg cannabis.

Paust hevdar at ei legalisering vil stanse pengestraumen til dei kriminelle. I Colorado lever den illegale marknaden i beste velgåande, og kartella har etablert seg i skjul av den legale marknaden for å levere illegal cannabis til statar omkring. I tillegg er det ein stor gråsonemarknad der dei lovlege produsentane sel overskotsproduksjon til langarar.

I Colorado ligg bruken dobbelt så høgt som landsgjennomsnittet, trass eit allereie høgt utgangspunkt. Staten toppar statistikken over mindreårig bruk. I aldersgruppa 18–25 er ein tredel regelmessige brukarar.

Cannabis i Colorado har blitt billegare og sterkare. Nesten 7 av 10 av cannabisbrukarane seier dei har køyrt i rusa tilstand det siste året, og meir enn kvar fjerde brukar oppgir at dei køyrer cannabispåverka dagleg eller nesten dagleg.

Erfaringane med legalisering i andre land burde føre til at ein ser etter andre verkemiddel for å styrke norsk ruspolitikk. Sjå t.d. til Island, eitt av få land med betre resultat for ungdoms rusbruk enn Noreg. Der har ein bl.a. satsa på eit betre aktivitets- og fritidstilbod til unge, samt meir foreldreinvolvering.

Fleire tilgjengelege rusmiddel gir ikkje betre oppvekstvilkår. Barnekonvensjonen er ikkje eit argument for legalisering av cannabis.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.