VIKTIG JOBB: Barnevernstenesta jobbar i eit minefelt der nokon alltid vil oppleve inngrep som dramatisk og himmelropande utrettferdig, skriv forfattaren.
Foto: Sara Johannessen / SCANPIX
VIKTIG JOBB: Barnevernstenesta jobbar i eit minefelt der nokon alltid vil oppleve inngrep som dramatisk og himmelropande utrettferdig, skriv forfattaren. Foto: Sara Johannessen / SCANPIXVis mer

Barnevern i kritisk søkjelys

Barnevernstenesta jobbar i eit minefelt der nokon alltid vil oppleve inngrep som dramatisk og himmelropande utrettferdig.

Debattinnlegg

Norsk barnevern står midt i ein av dei største mediastormar nokosinne. Det er svært utfordrande for oss som jobbar i dette fagfeltet å hive seg på denne debatten. Vi jobbar i små samfunn, noko som gjer det umogleg for oss å være konkrete på kva vi opplever, utan at dette fører til at nokon vert identifisert eller trur dei er identifisert.

Barnevernet skal tole kritisk søkjelys: Å bli utfordra på at ein ikkje gjev god nok omsorg til det kjæraste ein har, vert sjølvsagt ofte opplevd som hjarteskjerande. Å oppleve å bli fråteken omsorga for borna sine er likevel umogleg å sette seg inn, for oss som ikkje har opplevd dette sjølv. Difor skal vi ha respekt for at foreldre tek ut raseriet og frustrasjonen dei kjenner på. Vi skal akseptere at våre vedtak vert gjenstand for debatt, rettslig etterprøving og klager til Fylkesmannen. Men, alle vil tene på at dette skjer med bakgrunn i fakta og i dei etablerte ordningane som finnast for overprøving av slike vedtak.

Når advokatar og psykologar, i dekke av å ha innsyn i enkeltsaker, utrykker ei generell misstillit til barnevernstenesta, blir dette for enkelt. At dei ikkje har nådd fram i høve dei foreldra som dei representerer er ein ting. Men, å hevde at både barnevernstenesta, Fylkesnemnda og Tingretten/Lagmannsretten er generelt er ueigna til å handtere slike saker, blir for enkelt. Når ein i tillegg hevdar at Fylkesmannen ikkje er kompetent til å føre tilsyn med barnevernstenesta, teiknar det seg eit bilete av at her skal det kritiserast uansett.

Barnevernstenesta jobbar i eit minefelt der nokon alltid vil oppleve inngrep som dramatisk og himmelropande utrettferdig. Slik vil det være uansett kor mykje ressursar ein satsar på dette fagfeltet. Betre utdanning, meir rettleiing og meir satsing på hjelpetiltak er sjølvsagt viktig for å førebyggje omsorgssvikt og unngå feil tiltak. Likevel vil det alltid være situasjonar der born ikkje kan bu heime. Desse situasjonane må vi handtere uansett kor mange demonstrasjonar, protestar og debattar som kjem.

Eg har jobba i barnevernstenesta i 25 år. Eg har gjort mange feil. Dei som har fått størst konsekvensar handlar om at eg ikkje har klart å hjelpe born som har vore utsatt for vald, rusmisbruk, seksuelle overgrep, trugsmål og emosjonell omsorgssvikt frå nære omsorgspersonar. Eg har nok og gjort feil som gjer at foreldre med rette kan kjenne seg krenka. Då skuldar eg dei sjølvsagt å innrømme det og be om orsaking.

Eg har opplevd å bli meldt til politiet for dei alvorligaste påstandar, eg har blitt utsatt for trugsmål og sjikane av verste sort. Eg har familiemedlemmar som har blitt sjikanert på grunn av eg har gjort ein jobb storsamfunnet har bestemt at nokon må gjere.

Kvifor har eg likevel jobba med dette i 25 år? Ikkje på grunn av inntekt, ikkje på grunn av status, ikkje på grunn av positiv merksemd, ikkje på grunn av maktkjensle. Men, på grunn av at eg veit at den jobben eg gjer diverre er naudsynt.

At akuttvedtak og vedtak om omsorgsovertaking ved enkelte høve vert overprøvd av rettsapparatet er bra. Dette kan likevel ikkje brukast som eit argument mot barnevernet - tvert i mot er det eit argument for at systemet fungerer og at barnevernstenesta ikkje har all makt.

Fortsett å ha eit kritisk søkjelys på den jobben eg og mine kollegaer gjer. Men, vær konkret og faktaorientert, og ikkje minst gjer det på ein måte som ikkje jagar oss i «skyttargravene». Det er ingen tent med, aller minst borna.