Basunar! Fanfare!!

Ein stor, stødig og uregjerleg poet.

  • Er lyrikken død? På ingen måte, kommenterer Helge Torvund
  • Les ukas anmeldelser

    BOK: Dette er dikt som skapar sine eigne sære og barokke rytmiske figurar. Sus og sving som sit som melodi til song. Både tittelen og dei ornamentale strekane på omslaget førebur oss på dette.

    Dobbel botn


    Her er ei lys språkleg glede, men òg ein dobbel botn som kan få oss til å tenkje på Georg Johannesen. Merkverdig og munnleg poesi vert dikta opp rett framfor augo våre. Når forstanden leiker med språket som her, og smittar oss med energi, og når medvitet om verda og døden og ingen og Gud får veksa ut av språket som i denne boka, då vert føtene våre verb og mange kvinner vert med barn. I diktet «Avdannelse fra babbel» står det:

    I tur og orden tok de døde
     i landet Sinear
    på seg hud og hår og stappet
    i seg ben og
    kjøtt og frisket opp gamle organer.
    Og de sto opp fra Herrens babbel,
    rygget inn i sans og samling,
    og tiet der.


    Rett store dikt


    Her er ei rekkje rett store dikt. Nokre av dei er lange, som «Jeg tror Gud sover, og vil nødig forstyrre» (En Trosbekjennelse, m.a.o. et forslag til tekst som er åpen for tilføyelser og strykninger utfra pluss- og minusfaktorene i den enkeltes samlede Gudsresultat) og «Epitaferi» (Ustoppelig refleksjon over et gammelt avsjelet legeme i en seng). Andre er bare store ved at dei reiser sin boge under himmelen, over ein krum klode, eit krumt hav.

    Dei syng i lag med öppna landskap medan dei kastar tallerkenar ut i havet. Men ikkje før det er skrive noko vakkert om det som er måla på tallerkenane. Dei kastar i glede, og det er fleire dikt her om folk som Ulf og Eindride, «Det er sovere, gloere og talere. Det Eindride og spytt i ord. Slikt noe.» Og det er dikt der «ingen» får koma til orde.


    Leikande løft


    Schjerven har ei evne til å løfte seg leikande opp mot dei store tinga med eit språk der ord frå fortidas diktbøker og samtidas sjukehus blandar seg med uttrykk frå vitskapen og frå eigne draumar, utan at det blir brot eller unaturleg.

    Mang ei frase får brått ny meining medan me les. Dei ulike språktilfanga speglar inn mangfaldet av den jorda Schjerven ser og skriv om. Og det er når den leikande tøysete tonen blandar seg med det religiøse, han avslører sine djupaste innsikter i livets tungemål og dødens bakvendte fødsel.

    Jeg tror Gud vet
    at det meste går av seg selv
    og sover på det
    i Glomma
    Derfor tror jeg Gud er
    fra Fredrikstad

    Boka er velkomponert med tematiske gjentakingar og ei gjennomført røyst som famnar og ler. Her er ei rytmisk bøn og meditasjonar av gråt og mørker og vegar som rasar saman med bruer.


    Kloden rullar


    Torgeir Schjerven får språket i gang, og når språket er i gang, så ruller hjul, kloden rullar, universet og mikrokosmos rullar:

    Mors bryst er to sykkelhjul
    i en barnevennlig ramme
    nesten alle har diet melk fra
    en nippel i et nav
    og glemt det

    Eit og anna leikande dikt kan vel verka mindre viktig, men dei vellykka smittar energi over også på desse, og dei største dikta stadfestar utvilsamt hans ry som ein stor, stødig og uregjerleg poet.

  • Les også anmeldelse av Einar Økland, Ellen Grimsmo Foros, Torgeir Rebolledo Pedersen med flere
EN AV DE FREMSTE: Torgeir Schjerven beholder sitt gode rykte med den nyeste diktsamlingen sin.