Behov for forsøk

I juni i fjor vedtok Stortinget ein forsøksparagraf i universitets- og høgskolelova. Etter mi meining bør forsøksparagrafen m.a. nyttast til å få i gang mange og omfattande forsøk i allmennlærarutdanninga. Det er særleg behov for forsøk der utgangspunktet er praktisk arbeid i skolen.

Allmennlærarutdanninga blir i dag lagt opp etter ein rammeplan frå 1998. Denne planen skil seg ikkje nemnande frå andre planar vi har hatt på 1990-talet. Den har ein fast struktur med relativt lite høve for studentane til å velje mellom ulike fageiningar. Innhald og arbeidsmåtar i dei ulike faga blir i høg grad bestemt av dei einskilde faglærarane. Det blir stilt spørsmål om kor relevante studieopplegga er med tanke på arbeidet i grunnskolen. Det trengst derfor forsøk som styrkjer relevansen i høve til dei oppgåvene lærarane møter i forhold til læreplanen for grunnskolen (L97).

L97 forsterkar sentrale prinsipp som vi har hatt i læreplanane for grunnskolen heilt sidan 1939. Planen byggjer på at eleven sjølv skal vere den aktive i læringssituasjonen. Elevane skal sjølve finne fram til og tileigne seg lærestoffet. Lærarane skal drive mindre med direkte undervisning og meir med tilrettelegging for læring.

Dagens allmennlærarutdanning treng både fagleg og pedagogisk å bli betre tilpassa situasjonen i grunnskolen. Eg ønskjer derfor forsøk der allmennlærarstudiet startar i grunnskolen i staden for med fagstudium på høgskolen. Eg trur at ein slik studiestart vil verke motiverande for studentane. Dei vil oppleve ein annan læresituasjon enn den dei har hatt gjennom grunnskole og vidaregåande opplæring. Dei vil også med ein gong få prøve seg i det yrket dei har valt å utdanne seg for og ha høve til å velje om att dersom dei finn ut at dette er noko som ikkje passar. Samtidig vil dei kunne få betre forståing av kva dei må tileigne seg av fagleg og pedagogisk kunnskap og innsikt gjennom studiet på høgskolen. Dette vil kunne verke motiverande for studiet av fag og arbeidsområde. Studentane vil dessutan ha eit betre grunnlag for å kunne påverke innhald og arbeidsmåtar i lærarstudiet og å kunne stille krav til lærarutdannarane om relevante studieopplegg med tanke på lærararbeidet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I eit forsøk der lærarstudiet startar i grunnskolen, bør studentane bruke det meste av tida det første året til å vere aktive deltakarar i alt liv og arbeid på ein utviklingsorientert grunnskole. På same måten som ein i fagopplæringa i vidaregåande opplæring har lærlingkontraktar med bedrifter, kan høgskolar opprette kontraktar med grunnskolar. I samarbeid mellom høgskolen og grunnskolen må det lagast ein plan for det opplegget studenten eller studentgruppa skal gå gjennom i løpet av studieåret. Denne planen må sikra studentane ei brei innføring i lærararbeidet. Kravet til ein slik «praksisskole» må m.a. vere at den er utviklingsorientert med tanke på praktisk gjennomføring av sentrale intensjonar i L97.

Studentane bør også i periodar samlast - gjerne på høgskolen - til innføring i fag og i pedagogisk teori og didaktikk. Denne faglege innføringa må byggje på læreplanen for grunnskolen og hjelpe studentane til å få teoretisk innsikt i og kunnskap om skoleverksemda og arbeidet til læraren i historisk perspektiv, samtids- og framtidsperspektiv.

I eit slikt forsøk vil studentane først andre året få systematisk innføring i fagstudium ved høgskolen. Fagstudia bør ta utgangspunkt i læreplanen for grunnskolen og arbeidet med faga i den praktiske skolekvardagen. Det må derfor også her leggjast inn praktiske øvingar. Arbeidet i fagstudia må ha eit tverrfagleg utgangspunkt. Etter kvart kan fagstudia utvidast til å gjelde sentrale strukturar, arbeids- og kunnskapsområde og vitskapleg arbeidsmåte i faget. I forhold til allmennlærarutdanninga i dag bør studentane få betre høve til å velje mellom ulike fordjupingsområde. Grunnskolen treng lærarar som har ulik fagleg bakgrunn og fordjuping og ulike interesser og føresetnader.

Eit forsøk i allmennlærarutdanninga som startar i grunnskolen må ikkje slå av på faglege og pedagogiske krav til framtidige lærarar. Alle lærarar må ha grunnleggjande basiskunnskapar m.a. i norsk, men dei treng ikkje gjennomgå det same programmet for å bli gode lærarar. Undersøkingar tyder på at arbeidsinnsatsen til studentane og effektiviteten i lærarutdanninga kunne vore betre. Eg kan derfor tenkje meg at ein i samband med forsøk prøver å effektivisere studiet slik at det kan gjennomførast på tre i staden for på fire år.

Eit forsøk i allmennlærarutdanninga som eg har skissert ovanfor, vil ha som føresetnad at lærarutdannarane ved høgskolen er med studentane i «praksisskolen», m.a. for å gi fagleg råd og rettleiing. Dette vil kunne ha den konsekvensen at lærarutdannarar engasjerer seg sterkare i praktisk utviklingsarbeid i grunnskolen. I dag er det altfor lite av slikt arbeid. Vi har i vår skole ei ambisiøs politisk målsetjing om ein inkluderande skole for alle utan omsyn til evner og føresetnader, sosial, etnisk eller økonomisk bakgrunn. Alle elevar skal ha tilpassa opplæring, og spesialundervisning skal vere for dei få. Mange har peika på at vi ikkje har utvikla ein pedagogikk for å imøtekome denne målsetjinga i praktisk skolearbeid. Dette blir i høg grad overlate til lærarane, som dermed kan få ein svært vanskeleg arbeidssituasjon. Det burde vere ei utfordrande oppgåve for lærarutdannarar å gå inn i denne problematikken og gjennom forskings- og utviklingsarbeid peike på realistiske løysingar og hjelpe til med å spreie gode erfaringar - ikkje minst til framtidige lærarar.

I vårt land har vi hatt ei svært god rekruttering av godt kvalifiserte studentar til allmennlærarstudiet. All erfaring seier at kvaliteten av arbeidet i skolen står og fell med dei faglege og personlege eigenskapane til lærarane. Det er viktig at vi tek vare på den gode rekrutteringa vi har hatt og legg tilhøva til rette slik at vi framleis kan ha ei god rekruttering. Mykje av den negative omtalen av skolen og læraryrket som vi finn i media, er sjølvsagt ikkje med på å styrkje rekrutteringa. Di viktigare er det at vi har ei allmennlærarutdanning som appellerer til nye studentar. Eg trur at eit forsøksopplegg som er skissert ovanfor, der studentane med ein gong får praktisk innføring i si framtidige lærarrolle, vil vere appellerande og motiverande.

Mange meiner at norsk lærarutdanning hadde sin «gullalder» på slutten av 1960- og på 1970-talet. Det var då ein intens forsøksperiode som låg til grunn for ny lov om lærarutdanning, nye rammeplanar og nye rammevilkår. Dei tidlegare lærarskolane fekk høgskolestatus. Det viktigaste med denne perioden var etter mi meining den aktive debatten ein då hadde blant lærarutdannarane om mål, innhald, organisering og evaluering i lærarutdanninga, og om korleis den best kunne kvalifisere for lærararbeidet.

I lærarutdanninga finst det ikkje enkle svar. Det er derfor viktig med ein levande diskusjon om sentrale spørsmål i utdanninga. Tida er nå inne til å få lærarutdannarane på banen i ein aktiv debatt. Eg trur at ein ved å ta i bruk forsøksparagrafen kan skape kreativitet og nytenking som kan føre lærarutdanninga framover, og gjere den stadig meir aktuell med tanke på dei oppgåvene lærarane står andsynes i skolen. Både studentar, lærarutdannarar, skolefolk elles og andre interesserte bør engasjerast i spørsmål som har med lærarutdanninga å gjere.

Det blir ofte sagt at barn og ungdom er den viktigaste ressursen vårt land har. Det er derfor nødvendig at vi har ein bevisst og velkvalifisert lærarstand. Dei som arbeider i lærarutdanninga, har ein viktig funksjon. Dei må utfordrast og bevisstgjerast i forhold til denne funksjonen slik at dei kan skape eit aktivt miljø for utvikling av framtidige lærarar med dei faglege og personlege føresetnader som vår skole treng.