MATMINISTER: Sylvi Listhaug har ikkje lenger til strø på softisen. Foto: NTB Scanpix
MATMINISTER: Sylvi Listhaug har ikkje lenger til strø på softisen. Foto: NTB ScanpixVis mer

Bekymra mor mot Berlinmuren

Mens natta syng sine songar og nokon kjem til å komme.

Kommentar

DENNE HAUSTEN har vore mild og grøn ekstra lenge. Men nå er klimaet endra og gulfargen komen, og Kristelig Folkeparti er på veg mot dei raude. Samtidig som rødt kjøtt er blitt like kreftfarlig som røyking. Kvar blei det av Dagfinn Høybråten? Det er på sin plass å minna om Otto von Bismarcks ord: «Den som veit korleis lovar og pølser blir laga, får aldri meir ei rolig natts søvn». Hen blir liggande andvaken.

BERLINMUREN som hovudstadsminister Raymond Johansen vil bygga gjennom Oslo, har gjort Sylvi Listhaug (First House) til ei bekymra mor. Matministeren har ikkje lenger til strø på softisen. Det er på sin plass å minna om at muren i Berlin blei bygd for å hindra folk i å flykta frå aust til vest. I Oslo er problemet å unngå at dei velhavande i vest må søka asyl i aust for å få gratis kjernetid i barnehagen. Det kan dei vel unngå ved å la au pairane bussa barna.

SENTERPARTIET vil unngå slagsmål og -vold med eit breitt forlik i innvandringspolitikken. Det er eit særtrekk ved norsk politikk at parti ikkje får mest ære av å stå på for det prinsipielle, men for å ha kjempa fram breie kompromiss. Fremskrittspartiet har vore eit unntak, men det var før Siv Jensen hamna i regjering og blei ramma av hertuginnenes omfavnelse. Rett nok vil Fræmspartiet i solidaritet gjera norske skatteslavar til dei største mottakarane av bistandspengar, men spleiselaget for asylsøkarane går også ut over skatteletten til velståande advokatar i Vestre Aker. Då går dei vel til sak. Det er åpenbart på tide å sleppa Jan Arild Ellingsen fri og skrua på tåkeluren til Per Sandberg. Det er jo halloween.

Artikkelen fortsetter under annonsen

ARBEIDSMINSTER Robert Eriksson er tatt med buksa nede i sosialt lag på ein pøbb i Lille Grensen. Ein i overkant ivrig rådgjevar melde han på til karaoke, men han blei nekta av ein old-and-ugly diskjockey. Trøndaren skulle ha framført ein DDE-låt, for eksempel «Rompa mi».  Som det heiter i Idar Linds tekst: «Æ snakka kunst og litteratur. Du sa: Det er rompa di som e kultur».

DRAMATIKAREN I GROTTEN har fått Nordisk råds litterære ansiennitetspris for  ein roman. Det er vakkert, sjøl om det var uendeleg seint. Vi har vore ramma av melancholia, både ein og to gonger. Morgon og kveld har vi lege svevnlause og venta på dette, mens natta syng sine songar. Men vi visste at nokon kjem til å komme, og nå høyrer vi lyden frå Kong Sverres krigslur Andvake då bles til kamp mot Jon Fosses pave.

ARI BEHN er ein dyktig tiger. I sitt martyrium får han det til å sjå og høyrast ut som om han tenker og reflekterer når han poserer. Iscenesettelse er hans styrke - både litterært og personlig. "Det tar tid å skrive kort", seier prinsessegemalen. Det har han rett i, så nå har eg ikkje tid til å gjera dette kortare.

REKLAME.  Eg gjer merksam på at dei to siste avsnitta om bøker på Det Norske Samlaget og Kolon Forlag ikkje er ein del av bølgen med betalt innhaldsmarkedsføring.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook