Belsvik, Rune

Slik blei eg forfattar:

- Då eg var kring 14 år grudde eg meg alltid så fælt til å koma heim om kveldane. Eg hadde mange kameratar og venninner. Eg var med på fotball, handball og svømming. Men ute blant dei andre kjende eg meg ofte sliten, fordi det alltid gjaldt å vera blant dei beste. Ikkje berre i idretten, men også i gjengen. Eg måtte liksom kjempa for ein plass heile tida, og ofte gjorde eg meg tøffare enn eg var. Straks eg var aleine på rommet kjende eg meg så skamfull, for då visste eg med ein gong kor redd eg eigentleg var for ikkje å strekka til. Eg kunne liksom ikkje imponera meg sjølv. Ein kveld sat eg med papir og blyant og alle dei redde tankane fossa ut av meg og ned på papiret. det kjendes så merkeleg godt og fredfullt etterpå. Frå den kvelden gjekk eg av og til heim før eg måtte. Eg lengta etter å få ut dei vanskelege tankane. Eg lengta etter den freden som kom etterpå. På ein rar måte kom eg meg sjølv og andre nærare når eg gøymde meg vekk med blyanten og papiret. Slik begynte det, og slik heldt det fram.

Mi beste leseoppleving:

- Det veit eg ikkje heilt. Men nokre forfattarar har gjort djupt inntrykk på sjela og skrivinga mi. Nokre av dei første er Gunnar Lunde, Knut Hamsun og Agnar Mykle. Seinare har Ragnar Hovland, Vigdis Hjorth og Kurt Vonnegut vore av stor betydning.

Slik likar eg å jobba:

- God tid til tenking og slentring. Deretter maksimalt 3 timar skriving kvar dag. Eg likar å ha ei aning om kor eg skal i skrivinga. At eg skriv meg fram mot ei hending eller ein situasjon. Så set eg blyanten mot papiret og begynner.

(Dagbladet.no 24.10.00)