Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

Coronaviruset

Berre ein butikktilsett?

Vi er på jobb før alle har stått opp og heime etter at alle har lagt seg, skriv Line Walle.

RØRT: Line Walle (t.v.) seier responsen har vore enorm sidan ho la ut innlegget på Facebook, og sender klemmar til alle som har likt og delt. Foto: Privat/Cecilie Skavhellen (t.h.)
RØRT: Line Walle (t.v.) seier responsen har vore enorm sidan ho la ut innlegget på Facebook, og sender klemmar til alle som har likt og delt. Foto: Privat/Cecilie Skavhellen (t.h.) Vis mer
Meninger

Kva er eg for deg?

Ei som står i vegen for deg, der eg står med bøtte, klor og klut for å vaske for tredje gong denne dagen? Mens du har tatt med deg heile familien på butikken for å fylle handlevogna med 6 - 7 karbonadedeigar, 10 pakkar gjær, 25 kilo mjøl og ein haug med andre ting du absolutt ikkje treng. For du kjem jo uansett innom igjen i morgon - med heile familien på slep, for de er jo ikkje sjuke.

Kva er eg for deg?

Ei som er i vegen for deg der eg sit på kne på golvet for å fylle inn kilo på kilo med varer vi har nok av, men som allikevel ikkje rekk til alle fordi du berre må ha 8 pakkar til. Varer du aldri kjem til å bruke opp.

Kva er eg for deg?

Ei som ikkje har rett antibac ved døra, sjølv om det ikkje finst meir. Ei som ikkje har pakka rett tal bollar i posen, fordi du ville ha tre og ikkje fire, men som allereie var blitt pakka i posar fordi Noreg har bestemt at alt må ha emballasje. Ei som må forklare at «nei, brødskjæremaskina måtte pakkast vekk, det er ikkje personleg.»

Kva er eg for deg? Berre ein butikktilsett?

Nei.

Eg er ei kone, ei mor, ei syster og ei dotter.

I staden for å vera heime med mine - trøste, stelle og passe på at vi held oss friske, og passe på at eg ikkje tek med meg noko smitte heim til familien min - så er eg der for deg.

Midt i stormen. Midt i det minst usympatiske augeblinken mot medmennesklegheita, så er vi der.

Grytidleg står vi klare for å ta imot lastebil etter lastebil og palle etter palle. Vi ser flokkar av folk klemme, prata litt med naboen og slå av ein prat med mor til ein av klassekameratane, medan ungane får springa fritt mellom reolane, utan ein augneblink å tenke at dette er det motsatte av alt vi har blitt fortalt.

Dette er korleis viruset får fortsette.

Vi er heime etter alle har lagt seg, for hyllene er like fort tomme igjen. Og vi vil ikkje skuffe slitarane som har stått på for landet vårt i løpet av dagen, dei må jo og få handla. Helsepersonell må jo og eta. Alle er innom oss i løpet av ein dag.

Eg er butikktilsett, lågtlønna, i fremste rekke for å få corona og stolt av å vera ei som held Noreg i gang.

Dette innlegget vart først publisert på Lines Facebook.

Hele Norges coronakart