Besøk den verkelege verda, Erna

Den karismatiske læraren du så nostalgisk minnes hadde ikkje kvardagen full av dokumentasjon, mål, styring og overbooka klasserom. Han jobba aldri i Oslo-skolen.

HØGRESKOLEN: I Høgres skolefyrtårn, Osloskolen, er målstyring organisasjonsforma. Alt skal talfestast og målast, slik vi kjenner att frå Gjørv-rapporten og organiseringa av politiet. Som politet, er lærarane fråteken det faglege skjønn og slik forhindra å gjere ein fullverdig jobb, skriv lektor Simon Malkenes som svar på Erna Solbergs kronikk i forrige veke. Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix
HØGRESKOLEN: I Høgres skolefyrtårn, Osloskolen, er målstyring organisasjonsforma. Alt skal talfestast og målast, slik vi kjenner att frå Gjørv-rapporten og organiseringa av politiet. Som politet, er lærarane fråteken det faglege skjønn og slik forhindra å gjere ein fullverdig jobb, skriv lektor Simon Malkenes som svar på Erna Solbergs kronikk i forrige veke. Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

I din kronikk i Dagbladet 7/9 starter du, Erna Solberg, med å velge ut den viktigste enkeltfaktoren for elevar si læring, nemleg læraren. Allerede her stryk du både i pedagogikk og i å forstå forskningsresultat. Om du ikkje vil gå om att neste skoleår må du følgje godt med no.

Forståinga av verdsleiande forsking må du ha lest i noko du har skrevet sjølv. Skal ein argumentere med John Hattie må ein lese heile setningen, heile boka. Ikkje berre det som ein synes passar sitt eige standpunkt. Det er dette som skil sann innsikt frå meiningar. For om smørbrødlista si (på 138 faktorar som påverkar elevens læringsutbytte) skriv Hattie (eg overset): «Eit av dei store funna gjeld tilbakemelding til elevane. Men, ein skal ikkje berre auke mengden tilbakemelding og tru at alt løyser seg på ein magisk måte. Å finne ei oppskrift, å auke ein faktor, vil ikkje virke i det travle og omskiftelege , mangfaldige og fleirkulturelle klasserom». Med andre ord, det Hattie seier er at der finns inga enkel løysing. Der er ingen enkeltfaktorar.

Her er grunnen: Pedagogikk er eit fag som tek utgangspunkt i det mellommenneskelege. Læraren og eleven er subjekt som opptrer i ein kontekst, klasserommet. Den sanne forståing av Hattie fortel at enkeltfaktorane opptrer samstundes, i noko av det mest komplekse som finnes, det mellommenneskelege. Og difor kan ein ikkje skilje ut ein enkeltfaktor, for dei heng saman, i ein samanheng. Det er i denne samanhengen pedagogikk vert utøvd, som situasjonsbestemt mellommenneskeleg handling. Berre slik kan læraren «sjå eleven» og komme han i møte som det unike enkeltmenneske han er. Det gjer ikkje du, Erna. Du overser denne kompleksiteten. I staden reduserere du den til enkeltfaktorar. Og då ser du eleven som ein ting, eit objekt. Som noko ein kan vege og måle. Bort skal det sosiale, læringa og samspelet, fellesskapet og samhaldet i klassen. For hos deg, Erna, inngår eleven i ein subjekt-objekt relasjon. For eleven skal målast, objektiviserast. Og då fjernar du det mellommenneskelege og samstundes pedagogikken. Det er dette som ligg i botn av di eigenproduserte sanning.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer